81 – Skulesystemet i Noreg

30 august 2021 | 13 minutes

Episode’s Transcript

Heihei! I dag skal me snakka om skulesystemet i Noreg. Ofte så er skulesystema bygd opp litt annleis i ulike land, så det kan vera greitt å få ei lita innføring i det norske utdanningssystemet. Før me byrjar: De kan støtta podkasten på Patreon.1. De finn teksten til episoden på nettstaden til podkasten. All informasjon finn de i deskripsjonen. La oss byrja!

Det norske skulesystemet er bygd opp i to hovuddelar: Grunnskulen og vidaregåandeskule. Grunnskulen går frå 1. til 10. klasse og er obligatorisk for born mellom 6 og 16år. Grunnskulen er altså ikkje berre ein rett, men det er ei plikt. Alle born i Norge må gjennom minst desse 10 åra med skulegang.

Grunnskulen kan vidare delast inn i to delar: barneskulen og ungdomsskulen. Desse to pleier som regel å vera skilte i to ulike skular. I bygda eg kjem frå så var det to barneskular og to ungdomsskular. Alle desse hadde ulike bygg. Barneskulen går frå 1. til 7. klasse. 1. til 4. klasse blir kalla for småskuletrinnet. 5. til 7. klasse er mellomtrinnet. På barneskulen er det ikkje veldig store faglege krav. For eksempel er det ikkje karakter på barneskulen. Ein får ikkje ein karakter på barneskulen på prøvar og liknande. Likevel så har ein nasjonale prøvar. I Noreg har me nasjonale prøvar i matte, engelsk og lesing og skriving i 5. klasse, 9. klasse og 1. vidaregåande. Dette er prøvar som alle skuleelevar i Noreg må ha, slik at ein kan samanlikna resultata.

Barneskulen er altså frå 1. til 7. klasse. Etter barneskulen så går ein over på ungdomsskulen. Ungdomsskulen går frå 8. klasse til 10. klasse. På ungdomsskulen blir dei faglege krava større. Det er då ein byrjar å setta karakter på elevane. I Noreg har ein eit karaktersystem som går frå 1 til 6. 1 er den dårlegaste karakteren; det er stryk, eller akkurat som ein F i A-F systemet. 6 er den beste karakteren. Det er som ein A i A-F. I tillegg er det vanleg for lærarar å setja mellomkarakterar. Altså, dei kan setta på plussar eller minusar på karakteren. Til dømes 5+ (ein god femmar) eller 4- (ein dårleg firar). Nokre lærarar sett også ein karakter mellom to karakterar som 4/5 eller 3/2.  På vitnemålet skal det derimot berre stå reine karakterar.

Ungdomsskuleelevane brukar desse karakterane til å søka seg inn på vidaregåande skular i Noreg. For å koma inn på dei beste skulane så må ein ha gode nok karakterar. Likevel har alle i Noreg rett til å koma inn på ein vidaregåande skule, men om dei ikkje har gode nok karakterar, er det ikkje sikkert at dei får velja sjølv.

På vidaregåande skule så byrjar ein å retta seg meir mot ein retning. Då må ein tenkja litt på kva ein vil gjera etterpå. I hovudsak kan ein velja enten studiespesialiserande retning eller fagbrevretning. Studiespesialiserande er for dei som ynskjer å studera på ein høgskule eller eit universitet etter vidaregåande skule.

Studiespesialiserande er tre år, altså 11. til 13. klasse. På desse tre åra har ein nokre fellesfag som alle på studiespesialiserande må ha (som for eksempel naturfag, engelsk, matte, norsk, historie, geografi), også er det mogleg å velja nokre fag sjølv. Valfaga kan delast mellom realfag og samfunnsfaga. Realfaga er for eksempel fysikk, kjemi, høgare mattefag og biologi. I Noreg får ein bonuspoeng på vitnemålet om ein tek realfag. Det kan altså lønna seg å ta realfag om ein vil ha eit høgt karaktersnitt. Det er også mogleg å velja meir samfunnsfaglege fag som rettsvitskap, psykologi og språkfag.

Studiespesialiserande kan derimot også delast inn i nokre hovudretningar. Vanleg studiespesialiserande har mest fokus på slike teoretiske fag. Det er også mogleg å velja retningar som gjer at ein får studiespesialiserande, men at ein også kan halda på med noko anna. For eksempel har ein idrettsfag; kunst, design og arkitektur; media og kommunikasjon; og musikk, dans og drama. Dersom ein vel ein av desse retningane har ein mange valfag som er knytt til desse retningane, for eksempel musikk eller idrett. Eg gjekk sjølv på ei idrettslinje på vidaregåande. Då hadde eg ekstrafag i idrett og fotball.

Det er ikkje alle som går vidare for å studera; då kan ein ta fagbrev. Fagbreva er i hovudsak bygd opp på fira år: to år med teori på skulen og to år uti lære der ein jobbar og for opplæring på ein arbeidsplass. Det finnes mange fagbrevsretningar, men nokre av dei største er: Bygg- og anleggsteknikk; elektro og datateknologi; og helse- og oppvekstfag. Det er langt fleire gutar enn jenter på bygg- og elektrofaga, medan helse- og oppvekstfaga og dei estetiske faga er dominert av jenter.

For desse yrkesfaglege utdanningane er læretida i bedriftene noko av det mest lærerike. Då får dei praktisk erfaring i det dei kjem til å jobba med seinare. I læretida får dei lønn medan dei jobbar, med denne lønna er ofte ganske låg i byrjinga. Etter kvart som læretida går, så får dei betre lønn. Dei får derimot ikkje vanleg lønn før dei tek fagbrevet. Ein kan ta fagbrevet etter to år i lære. Dette er eit såkalla sveinebrev. Lærling, svein og meistar er alle ord som er henta frå det gamle laugsystemet i Noreg der ein hadde eigne laug for produksjon av ulike varar.

For å få eit fagbrev må ein ta ein fagprøve. Denne fagprøven er ofte direkte knytt til det ein skal jobba med og inneber båe ein praktisk og ein teoretisk prøve. For dei som skal ta bygg og anlegg vil det ofte seie å setta opp eit byggverk som dei må planleggja og byggja sjølv. Ein må få denne prøven godkjent for å få fagbrevet. Etter det er ein i utgangspunktet ferdig med utdanninga og kan gå ut i vanleg jobb.

Det er derimot mogleg å få studiekompetanse også for dei som har tatt fagbrev. Då må dei ta eit påbyggsår med dei teoretiske faga dei manglar. Det er mogleg å ta eit påbyggsår etter fagbrevet eller, eventuelt, så kan ein droppa å ta fagbrev og ta påbyggsåret etter to år på eit yrkesfag. Ein må ha studiekompetanse frå vidaregåande skule for å kunna studera på høgskular og universitet i Noreg.

I Noreg søkar ein på desse skulane med dei karakterane ein har. Dei som har høgast karaktersnitt kjem inn på dei retningane og universiteta som har høgast snitt for å koma inn. Medisinstudia i Noreg har til dømes veldig høge snitt. Då er det dei med høgast karaktersnitt som kjem inn. Karaktersnitt er basert på eksamensresultata (eigne karakterar) og karakteren ein fekk i faget det siste semesteret ein hadde faget. For eksempel kan ein få ein karakter i matte basert på matteprøvane ein har hatt gjennom heile semesteret. Dette blir satt av faglæraren ein har hatt. I tillegg skal ein koma opp i eksamen i fleire fag. Desse eksamenskarakterane blir satt av ein ekstern sensor som ikkje kjenner eleven. Dette er også heilt anonymt slik at sensor ikkje veit kven han eller ho sett karakter på. Det er desse to, eksamenskarakterane og standpunktkarakterane, som til saman utgjer vitnemålet som ein søkar seg inn på universitet og høgskular med.

Hugsar de at eg snakka om realfagspoeng? Det er ekstra karakterpoeng ein kan få på vitnemålet om ein tek realfag som kjemi eller fysikk. Nokre språkfag kan også gje ekstrapoeng som til dømes Spansk 3 eller tysk 3. Ein kan til saman få 4 slike ekstrapoeng, det vil seie 0,4 poeng på vitnemålet sitt. Om ein då har for eksempel 5 i snitt, så vil ein med desse ekstrapoenga få 5,4 i karaktersnitt. Det kan altså ha ganske mykje å seie når ein søkar seg inn på universitetet.

Dersom ein tek realfag så får ein det som heitar spesiell studiekompetanse. Til skilnad frå spesiell studiekompetanse har ein generell studiekompetanse. Dei aller fleste studieretningane krev berre generell studiekompetanse som juss, psykologi og sjukepleiar. Nokre studieretningar krev at ein har tatt nokre spesielle fag, som regel realfag. For eksempel må ein ha R1 og R2 matte (dei to vanskelegaste mattefaga på vidaregåande) og fysikk 1 for å søka på ingeniørretningar. For medisin er desse krava matte R1, fysikk 1 og kjemi 1 og kjemi 2. Nokre studieretningar har også karakterkrav på enkelte fag for å koma inn.

I andre land, slik eg har forstått det, er det mogleg at dei enkelte universiteta har eigne opptakskrav for å koma inn. For eksempel kan det vera at ein må skriva eit motivasjonsbrev som blir tatt i betraktning når ein vurderer dei som søkar. I Noreg har ein altså ikkje slike motivasjonsbrev. Alt blir basert på karakterane ein har frå vidaregåande, og desse blir rekna saman til eit karaktergjennomsnitt som ein deretter søkar med. Dersom ein har eit lågare tal enn andre, så kjem ein altså ikkje inn. Det er dei med høgast gjennomsnitt som kjem inn på dei studia med høgast karaktergjennomsnitt.

Då håpar eg at de har fått eit lite inntrykk av korleis utdanningssystemet fungerer i Noreg. La meg ta ein kjapp oppsummering. Grunnskulen i Noreg er bygd opp av barneskulen som er 1. til 7. klasse. Deretter går ein over til ungdomsskulen som går frå 8. til 10. klasse. Etter ungdomsskulen søkar ein seg inn på vidaregåande. Der kan ein gå på ein studieretning eller yrkesfagleg retning. Studiespesialiserande går frå 11. til 13. klasse, og då kan ein studera på ein høgskule eller universitet etterpå. Yrkesfag er delt i to år med teori på vidaregåande og to år uti praksis i ein bedrift før ein kan ta fagbrevet.

Takk for denne gongen. Eg håpar at me treffest i neste episode. Ha det bra!

8 Replies to “81 – Skulesystemet i Noreg”

    1. My bad! It was not my intention to publish the transcript today. The episode will come tomorrow. I won’t remove it now, but the audio will come tomorrow 😊

  1. Takk for den nye episoden!
    Det er en skrivefeil i tittelen. Og, jeg finner ikke audio-en… Kan du last opp det?

    1. Hei! Det var egentlig ikke meninga å publisere teksten til episoden i dag; den skulle komme i morgen. Jeg lar den bare stå nå, men selve episoden kommer i morgen. Det er ingen skrivefeil som jeg kan se. Det er nynorsk så da skriver man “skule” og “Noreg”. Ha en fin søndag videre 🙂

  2. Takk! Takk, det er viktig for meg fordi eg lærar nynorsk og snart skal eg ta norskprøve. Eg håper at neste episode er på nynorsk.

    1. Så kjekt å høyra at du lærar deg nynorsk! Som du sikkert har merka er dei fleste episodane her på bokmål, men det er også nokre på både nynorsk og dialekt. Lukke til med norskprøven 🙂

  3. Hei! Thank you for publishing stuff in relatively easy norwegian. Such materials are fairly difficult to get their hands on these days. Having said that, I kindly suggest for the transcripts you please be consistent in using just nynorsk or just bokmål all throughout the text and avoid interchanging them within the same text. It can trip up and confuse new learners who are only used to one of the writing systems.

    Takk!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *