42 – Norrønt
Norrønt er forfaren til språka snakka i Skandinavia i dag, altså norsk, svensk og dansk. Forfar vil seie den nokon stammar i frå, ofte veldig langt tilbake i tid. Norrønt er altså norsk, dansk, svensk, islandsk og færøysk frå 700-talet til 1400-talet. Ein kan samanlikna det med gammal-engelsk som er forfaren til moderne engelsk. I denne episoden skal me sjå nærmare på historia til norrønt. Det trur eg også kan hjelpa å forstå betre kor norsk kjem i frå.