22 – Den grøne revolusjonen

13 juli 2020 | 23 minutes

Transcripción

Før me byrjar vil eg minna dykk på at de kan finna teksten til denne episoden på heimsida til denne podcasten. Sjå i deskripsjonen  til episoden for å finna linken til nettstaden.

God dag! I dag skal me snakka om noko som ligg nærme hjarta mitt. «Å ligga nærme hjarta mitt» betyr at det er viktig for meg – og dette er viktig for meg. For i dag skal me snakka om jordbruk, om bønder og om matproduksjon. Eg bur i eit område i Noreg med svært mykje av jordbruket i landet. I min region er det veldig mange gardar og jorder. Me lev av jorda. Det lokale idrettsanlegget, staden der me spelar sport, heitar løå – det er love på mi dialekt. Ein av mine beste venar frå barneskulen var ein bondeson – eg hugsar at det var veldig kjekt å vera med han og leika på garden der. Så temaet i dag er noko som verkeleg ligg hjarta mitt nært. I dag skal me snakka om den såkalla «grøne revolusjonen» på 1950-talet.

Den grøne revolusjonen er nok ikkje lika kjent som for eksempel den industrielle revolusjonen, men den var veldig viktig for utviklinga av den moderne verda som me kjenner i dag. Den grøne revolusjonen har også blitt kalla for den tredje jordbruksrevolusjonen – den fyrste var byrjinga av jordbruket for 100 00år sidan, den andre var utviklinga av jordbruket i Storbritannia på 1700- og 1800-talet som effektiviserte det. Den tredje jordbruksrevolusjonen, også kalla den grøne revolusjonen, er namnet på moderniseringa av jordbruket i den fattigare delen av verda på 1950- og 60-talet. Til skilnad frå dei to førre jordbruksrevolusjonane, var ikkje denne avhengig av ny teknologi. I staden handla det om å spreie moderne jordbruksmetodar frå den rikare til den fattigare delen av verda. Den grøne revolusjonen var enormt viktig i å hindra svoltkatastrofar i den fattige delen av verda ettersom folkeveksten i denne staden av verda skaut fart.

Før me går djupare inn i den grøne revolusjonen, er det viktig at me blir kjende med ein brite kalla Malthus. Brite vil seie ein person frå Storbritannia. Malthus var ein engelsk økonom som levde frå 1766 til 1834. Han levde altså akkurat i byrjinga av den industrielle revolusjonen i Storbritannia. Det mest kjende verket hans er utan tvil boka hans «An Essay on the Principle of Population» frå 1798. Boka var frykteleg pessimistisk om den økonomsike veksten til Storbritannia i perioden. Han sa at ein auke i matproduksjonen kom til å forbetra levekåra, korleis folk levde, på kort sikt. Likevel ville matauke, i følgje Malthus, føra til folkeauke. Ettersom det blei fleire og fleire folk, ville levevilkåra bli dårlegare igjen. Dette blei kalla for Mathusfella. Malthus meinte også at folkeauka ville auka raskare enn auka i matproduksjonen. Ettersom det blei fleire og fleire folk på mindre og mindre mat, ville ein til slutt få ei eller fleire kriser som sjukdom, krig og svolt som ville tvinga folketalet tilbake igjen. Den engelske økonomen hadde altså ikkje eit veldig optimistisk syn på folkeauke.

Malthus si krise kom eigentleg aldri til England. Ettersom samfunnet blei industrialisert, auka matproduksjonen faktisk raskare enn folkeauka. Kanskje hadde den industrielle revolusjonen endra spelereglane? Likevel var det mange som var redde for den store folkeauka då me i 1960 nådde tre milliardar folk på jorda. I 1927 hadde verdas befolkning vore to milliardar. Det tyder at på berre 33år hadde folketalet auka med ein milliard. Og det mest skremmande var at folkeauka var på sitt høgast i akkurat denne perioden. Raskast var veksten i den fattigaste delen av verda. Mange var redde for at ein kom til å få ei Malthusisk krise ettersom dei fattigaste landa ikkje produserte nok mat til det aukande folketalet i landet. Kva ville skje dersom folkeauka berre auka endå meir? Kor mange ville det leva på jorda om 50år? For mange verka det som om ein katastrofe var uunngåeleg.

Paul R. Ehrlich, professor ved Stanford University, skreiv boka «The Population Bomb» i 1968 som spådde ei verdskrise på 1970- og 80-talet. Han trudde at ein ville få svoltkatastrofar rundt omkring i verda på grunn av overbefolkning. Boka fekk stor merksemd i si tid, og mange var redde for kva som kunne kome til å skje. Folketalet auka, det blei mindre og mindre mat – kva kunne ein gjera? Krisa som Ehrlich spådde kom derimot aldri. Folketalet er i dag over 7 milliardar utan at me har fått ei svoltkrise i heile verda. Mykje av svaret på kvifor er den grøne revolusjonen som skjedde omtrent på same tid som Ehrlich skreiv boka si.

Mexico har blitt kalla fødestaden for den grøne revolusjonen, staden der den grøne revolusjonen byrja. I 1943 bestemte den meksikanske finansministaren Camacho seg for å satsa på å betra jordbruket i landet. Han fekk støtte frå USA, Dei sameinte nasjonar (UN på engelsk), og Rockefeller-stiftinga. For USA var Mexico eit prøveprosjekt for å ta i bruk teknologi og vitskapleg kunnskap i å betra jordbruksproduksjonen i den fattigare delen av verda. Ny teknologi blei brakt over til landet, meir moderne produksjonsmetodar blei tatt i bruk, og kanskje det viktigast, ein ny type mais blei dyrka. Den nye typen mais var avla fram til å takla det meksikanske klimaet betre. Slik auka avlingane og Mexico blei sjølvforsynte på mat. Dei meksikanske myndigheitene skipa CIMMYT, ein organisasjon for internasjonal forsking på mais og kort for å utvikla maistypar og korntypar som var endå betre.

Betre teknologi gjorde at jordbruket blei meir effektivt – ein trengte færre folk til å gjera det same arbeidet. Slik kunne fleire folk gå inn i andre industriar, og slik få ein vekst i andre næringar i landet. Betre gjødsling og den nye maistypen gjorde at avlingane blei mykje større slik at ein kunne produsera meir mat utan å dyrka opp ny jord. Insektmiddel verna plantane mot insekt og skadedyr som hadde øydelagt store delar av avlinga. Desse midla kunne derimot vera farlege for bøndene sjølv som måtte sprøyta det på avlingane. I tillegg kunne det skada økosystema rundt gardane. Den grøne revolusjonen var dermed ikkje berre positivt, men den førde til mykje større matproduksjon. Mexico gjekk frå å importera mat – dei produserte ikkje nok før den grøne revolusjonen – til å eksportera korn på verdsmarknaden i 1963.

No var det på tide å spreie den grøne revolusjonen vidare til andre land. I mange asiatiske land dyrkar ein først og fremst ris, ikkje korn eller mais. I Mexico hadde ein sett kor viktig det var å avla fram mais- og korntypar som var tilpassa eit meksikansk klima. Dette ønska ein å spreie til Asia ved å forbetra ristypane. Filippinene fekk i 1960 stønad av Ford-stiftinga og Rockefeller-stiftinga til å etablera IRRI, det internasjonale risforskingsinstituttet – ein organisasjon for å betra risen. I 1966 avla ein fram ristypen IR8 som produserte mykje meir enn tidlegare. Avlingane auka enormt. Filippinene gjekk frå å produsera 3,7 millionar tonn ris kvart år på 60-talet, til å produsera 7,7 millionar 20år seinare. På 20år hadde altså produksjonen auka med over dobbelt så mykje. Dette var ein høgare auke enn folketalet som gjekk frå 25 millionar i 1960 til 48millionar i 1980. Den nye ristypen gjorde at Filippinene blei ein eksportør av ris for første gong på 1900-talet. Det viste seg at Malthus hadde feil nok ein gong.

Ein av dei viktigaste personane i den grøne revolusjonen var den amerikanske agronomen Norman Borlaug. Han var svært viktig i utviklinga av ein ny korntype i Mexico som gjorde at kornproduksjonen auka. Dette gjorde han på 1940-talet, i byrjinga av den grøne revolusjonen. Hans suksessar i Mexico gjorde at India inviterte han over for å betra jordbruket der også.

 I 1961 sleit India med å produsera nok mat til den aukande befolkninga si. Faktisk var dei på randa av massesvolt. Å vera på randa av noko vil seie at ein er så nære som det går an å vera, utan å detta ned. Dette blir ofte brukt om høgder, for eksempel å vera på randa av eit stup. Då er ein så langt ute som det går an å vera på stupet utan at ein dett ned. Å vera på randa av massesvolt er ein biletleg bruk av ordet i overført forstand. Uansett, India var nære massesvolt i 1961 ettersom dei ikkje klarde å produsera nok mat. Paul Ehrlich skreiv i 1968 at India «ikkje på nokon måte kunne klare å mata 200 millionar meir innan 1980.» Han spådde at millionar av menneskje kom til å døy. I 1968 var folketalet i India 530 millionar. I dag er det over dobbelt så mykje. Faktisk heile 1,35 milliardar menneskje! Dette er ein auking på 800millionar, altså langt meir enn Ehrlichs 200millionar. Og ein har ikkje fått ei svoltkrise som Ehrlich spådde. Grunnen til det var den grøne revolusjonen. Borlaug blei nemleg invitert over til India i 1961 for å prøva å kopiera suksessen sin i Mexico i India, for slik å betra matproduksjonen i landet.

Det fyrste prosjektet var å prøva å planta den nye kornversjonen frå Mexico i Punjab, ein region i India. Etter kvart prøvde ein også å planta IR8 ristypen frå Filippinene. Dette var ein stor suksess. IR8 kunne produsera 10tonn ris per hektar med jord, altså per 10 000 kvadratmeter eller per 10mål. Mål er ein eining som ofte blir brukt på norsk om større områder. Det er altså 10 mål i eit hektar. Så, under optimale forhold og bruk av sprøytemidlar mot insekt og rett bruk av gjødsling kunne IR8 risen produsera 10tonn med ris per hektar med jord. Dette var heile ti gonger meir enn tradisjonell ris kunne kome opp i. 10 gonger meir! Denne enorme suksessen gjorde at IR8 risen spreidde seg raskt til andre asiatiske land i tillegg. Faktisk var ristypen så god at den blei kalla for «mirakelrisen». India gjekk frå å vera nære svoltgrensa, til å bli ein av dei største eksportørane av ris i verda i 1990. Den nye ristypen har også gjort at prisen på ris har gått ned – det har blitt mykje billigare å kjøpa ris. På 1970-talet kosta ris omkring $550 for eit tonn. I 2001 var prisen på $200 dollar.

Folketalet i verda har auka mykje sidan 1960. I 1960 var folketalet i verda totalt tre milliardar. I 2011 var det sju milliardar. På 50år meir enn dobla folketalet seg. Det er heilt enormt! Likevel har ein ikkje hadde dei store svoltkatastrofane som blei spådd av dei mest pessimistiske ekspertane. Svaret på kvifor er definitivt den grøne revolusjonen. Malthus spådde at auka matproduksjon kom til å føra til auka folketal og ikkje auka velstand på lenger sikt. Det ser ut som Malthus hadde rett når det kom til folketalet, men ikkje velstanden. Den gjennomsnittlege personen i utviklingsland, altså den fattigare delen av verda, et i dag 25% meir kaloriar kvar dag enn før den grøne revolusjonen. I tillegg førde auka matproduksjon også til at ein kunne ta seg råd til å eta meir variert. Eit sunt kosthold er avhengig av variasjon for å få alle vitaminene og all næringa ein treng.

Det har blitt sagt at ein av dei mest sentrale personene i den grøne revolusjonen, Norman Borlaug, redda så mange som ein milliard personar ved si forsking. Ein kan nok diskutera om det er rett å gje berre éin mann æra for denne grøne revolusjonen. Det er viktig å hugsa på at det var svært mange personar inkludert i forskinga i tillegg til nasjonalstatar og store fond. Likevel var Borlaug utvilsamt ein nykkelperson i den grøne revolusjonen. I 1970 fekk han Nobels Fredspris for sitt arbeid med å betra matsikkerheita i verda, noko som førar til ei fredelegare verd.

Likevel har det også vore problem med den grøne revolusjonen. Sjølv om den førde til eit meir variert kosthold for store delar av verdas befolkning, førde den faktisk også til ei forverring nokre stader. Forverring i tydinga mindre variert. I nokre stader på Filippinene førde intensiveringa av risproduksjon at ein mista mykje av fisken og grønsakene. Likevel visar forsking frå India frå 1975 til 1995 at folk frå alle klassar har fått eit betre kosthold.

Den grøne revolusjonen har også hatt innverknad på miljøet, båe på godt og vondt. Høgare avlingar gjorde at ein slapp å dyrka opp ny jord. Dette kan ha førd til mindre avskoging og fjerning av villmark som er viktig for å oppretthalda dyreliv. Likevel har også dei nye metodane i jordbruket ført til stor auke i vassbruk. Monokulturen, altså at ein berre plantar dei same typane plantar år etter år, har ført til utpining av jorda – altså at jorda har mista mykje av vitaminene og mineralene som gjer det mogleg å driva jordbruk det. Utpining av jorda førar til lågare avlingar over tid, og dette forklarar delvis kvifor auka i avlingane gjekk tregare frå midten av 1980-talet av. I tillegg har bruken av kjemikaliar i jordbruket auka mykje ved den grøne revolusjonen, for eksempel i gjødslinga eller i insektmiddelet. Desse kjemikalia kan lekke ut i områder utanfor jordbruket. Når dette skjer, kan det skada det naturlege dyre- og plantelivet.

Sjølv om det var negative sider ved den grøne revolusjonen, har den ført til meir godt enn vondt. Den har redde millionar, kanskje milliardar av liv, og ført til jamt meir rikdom i verda. Likevel var det ikkje alle stadar i verda som fekk glede av den grøne revolusjonen. Ettersom den grøne revolusjonen ikkje eigna seg til stadar med låg folketettleik og dårleg utbygd infrastruktur, som for eksempel vegar, kom ikkje den grøne revolusjonen til Afrika på same måte som i Asia og i Sør- og Mellom-Amerika. I tillegg var innovasjonane i den grøne revolusjonen ikkje eigna til Afrika. Matproduksjonsauka har difor gått mykje treigare i Afrika enn i resten av verda. Dette er ein av grunnane til at det er meir svolt og fattigdom i mange afrikanske land. Likevel byrjar situasjonen å betra seg i dag. I dei siste to tiåra har ein sett ei betring av jordbruksproduksjonen i Afrika også, noko som forhåpentlegvis kan gjera at fattigdommen minkar.

Takk for at du har høyrt på! Send meg gjerne ein tilbakemelding eller spørsmål på mail til «laernorsknaa@gmail.com». Dykk finn også linken i deskripsjonen. Takk for no! Eg håper å sjå dykk i neste episode. Ha det bra!

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *