37 – Depresjon

26 October 2020 | 24 minutes

Transcripción

Før me sett i gang med episoden vil eg minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettsteden til podcasten. De finn ein link til nettstaden i deskripsjonen av episoden. Takk.

I denne episoden skal me snakka om ein psykisk liding, nemleg depresjon. Depresjon vil seie å vera trist og lei seg over ein lenger tidsperiode. Alle kjenner på at dei er meir lei seg eller mindre motiverte enkelte dagar. Humøret vårt vil gå opp og ned. Det er noko alle opplev. Depresjon er karakterisert av at det varer i ein lenger tidsperiode, minst to veker. Dei som er deprimerte har lågare sjølvkjensle, altså lågare tru på seg sjølv, dei har ofte mindre interesse av aktivitetar som til vanleg gjer dei glede, dei er ofte tristare og har mindre energi. Det finnes ikkje ein enkelt test som kan gjerast for å sjekka om ein har depresjon. For å diagnostisera, altså sjekka om ein person er deprimert, må ein basera seg på kva personen seier og føler sjølv. Depresjon har ikkje naudsynleg ein openbar orsak, akkurat som tristleik ikkje har det. Av og til er ein berre trist, og dette kan også vara ein lenger periode. La oss sjå litt nærmare på kva depresjon er, korleis det påverkar oss og kva ein kan gjera for å bli frisk igjen.

Depresjon er ein vanleg liding på verdsbasis. I verda er det 264 millionar som lid av depresjon, altså er ein ikkje aleine om ein lid av depresjon. Depresjon kan delast inn i tre gradar, alt etter kor mange symptom ein person har på depresjon, og kor sterke desse er. Ein deler inn i mild, moderat og alvorleg depresjon. Nokre symptom på depresjon er:

  • Låg sinnsstemning. Dette vil seie at ein person er meir passiv og mindre motiverte til å gjera ting.
  • Trist og svært trist.
  • Mangel på interesse. Ein person som til vanleg synes det er kjekt å springa eller snakka med andre, har mindre lyst til å gjere dette og får mindre glede ut av det.
  • Redusert energi. Ein orkar mindre og alt er tyngre, både fysisk og psykisk.
  • Lågare nivå av endorfinar og andre biokjemiske signalstoff i hjernen som gjer oss lykkelege.
  • Endringar i appetitt. Ein kan gå opp i vekt eller ned i vekt, alt etter korleis depresjonen påverkar appetitten, altså kor lyst ein har på mat.
  • Søvnmangel eller for mykje søvn. Mange som er deprimerte, slit også med å sova. Alternativt kan dei sova for mykje.
  • Auke i meiningslause aktivitetar. Deprimerte personar kan visa seg å gjera meir meiningslause handlingar som for eksempel å gå fram og tilbake utan mål og meining.
  • Treigare rørsler (det tyder bevegelser) og seinare snakk. For at folk skal merka desse symptoma må dei ver ganske sterke.
  • Kjensle av å vera verdilaus, altså ikkje vera verdt noko, og ei kjensle av skuld.
  • Større sannsyn for å klandra seg sjølv for negative hendingar, og samtidig ikkje ta æra for positive utfall. Altså har ein deprimert person større sannsyn for å forklara hendingar på ein pessimistisk måte. Slik blir opplevingane av det å mislykkast forsterka.
  • Det blir vanskelegare å tenka og konsentrera seg. Mange deprimerte slit også med å ta avgjerd, noko som ofte gjer at dei blir meir passive og mindre handlingskraftige.
  • Tankar om død og sjølvmord.

Nokre av desse symptoma kan skyldast enkelte medisinske orsakar som for eksempel ein hjernesvulst. Nokre sjukdommar kan nemleg føra til liknande symptom og desse må ein behandla på ein annan måte enn ein depresjon. Dersom det ikkje er nokre openbare medisinske grunnar til symptoma er det sannsynlegvis depresjon.

Depresjon er svært vanleg. Omtrent ein av femten (det vil sei 6.7%) av vaksne er deprimerte, og ein av seks (16.6%) vil oppleva depresjon i løpet av livet sitt. Ein kan oppleva depresjon i alle livsfasar, uavhengig av alder. Likevel er det vanlegast at det først skjer frå tenåra til midten av 20åra. Kvinner er meir utsette for depresjon. Faktisk er det sannsynleg at så mange som ein av tre, det vil sei 33,3%, av alle kvinner kjem til å oppleva ein stor depressiv episode i løpet av livet. Kva er orsaka til at ein blir deprimert? Kvifor blir folk deprimerte?

Genetikk spelar ein viktig rolle. Nokre personar er meir utsette for depresjon enn andre på grunn av gena dei har. Dersom ein har fleire i nær familie som har hatt depresjon, er det større sannsyn at ein sjølv kjem til å få depresjon. Stress og stressfulle hendingar kan gjer at personar med visse gen blir deprimerte, medan andre som opplev liknande hendingar ikkje blir deprimerte. Ein studie frå 2019 fant 102 variantar i genomet som kan koplast til depresjon. Studiar på einegga tvillingar, det vil seie tvillingar med same DNA, visar at dersom ein av dei blir deprimert er det ein 70% sjanse for at den andre i løpet av livet også blir deprimert. Gena våre spelar altså ein viktig rolle, men andre faktorar spelar også inn. La oss sjå på nokre andre faktorar enn genitikk som gjer det meir sannsynleg å få depresjon.

Biokjemien i hjernen, det vil seie dei kjemiske signalstoffa i hjernen, kan påverka og gjera det meir sannsynleg at ein blir deprimert. Personlegdom kan også påverka om ein blir deprimert. Personar med dårlegare sjølvtillit og sjølvbilete og som er meir pessimistiske har større sannsyn for å utvikla depresjon på eit tidspunkt i livet. Kor god ein er til å takla stress er også ein viktig faktor; folk som er dårlegare til å takla stress har større sannsyn for å bli deprimerte. Fleire faktorar i miljøet rundt oss er også viktige. For eksempel vil personar som blir utsette for vald og mishandling vera meir sårbare for depresjon.

Personar som har opplevd fysisk eller psykisk mishandling som barn er i større risiko for å få depresjon seinare i livet. Andre lidingar kan også gjere det meir sannsynleg å utvikla depresjon. For eksempel gjer angst det meir sannsynleg at ein også får depresjon. Narkotikamisbruk kan også føra til depresjon hjå enkelte. Sjølv om mange av desse faktorane gjer det meir sannsynleg at ein person utviklar depresjon, er det ikkje slik at alle får det. Nokre har gen som gjer at dei taklar slike situasjonar betre og blir ikkje deprimerte.

I Noreg er det ikkje uvanleg at fleire får det som heitar mørketidsdepresjon, spesielt lenger nord i Noreg. Denne typen depresjon er knytt til sollyset. I Noreg har me veldig lite sollys på vinteren og i Nord-Noreg er det fleire stader som ikkje har sol i ein periode. Dette gjer at det er veldig mørkt store deler av døgnet. Folk som fungerer heilt normalt størsteparten av året, kan i denne mørkeperioden utvikla depresjonsliknande symptom på mørkaste vinteren. Sollyset er altså veldig viktig for oss, og det er kanskje ekstra viktig å ta godt vare på kvarandre på den mørkaste tida av året.

Det er viktig å skilja mellom tristleik og sorg på den eine sida og depresjon på den andre. Sorg er ikkje det same som depresjon. Å mista eit nært familiemedlem, som for eksempel eit sysken, eller å avslutta eit kjærasteforhald med nokon kan føra til at ein blir trist og følar sorg. Mange som har opplevd dødsfall i nær familie skildrar seg sjølv som deprimert. Likevel er det viktig å skilja mellom desse to. Å føla sorg er ikkje det same som å vera deprimert. Sorg er ein naturleg prosess og skjer på grunn av ei hending eller noko spesielt som har skjedd. Det er ikkje rart at mange folk ikkje klarer å skilja depresjon og sorg ettersom dei delar nokre viktige fellestrekk. Både deprimerte personar og personar som er i sorg kan føla på stor tristleik og tilbaketrekking frå aktivitetar ein vanlegvis er med på.

Dei er likevel forskjellige. La oss sjå på nokre skilnadar:

  • I sorg vil ein føla at dei vonde kjenslene kjem i bylgjer, altså at ein ikkje har dei vonde kjenslene heile tida, men at dei kjem kraftig av og til. Desse vonde kjenslene vil også sannsynleg vera blanda med positive minner om den døde. Ein deprimert person vil oppleva å ha dårlegare humør og tristleik meir konstant over ein lenger tidsperiode. Sorg er meir av og på når det kjem til tristleik.
  • Når ein sørger, er det vanleg at ein opprettheld sjølvkjensla. Altså følar ein seg ikkje mindre verdt dersom ein sørger. Folk som slit med depresjon vil ha større sannsyn for å ha dårlegare sjølvkjensle og slita med sjølvklandring og kjensle av å ikkje vera verdt noko.
  • Tankar om død er ofte annleis når ein sørger samanlikna med ein deprimert person. Sorg kan føra til at ein har fantasiar eller drøymar om å foreinast med den døde når ein sjølv dør. Ved alvorleg depresjon vil desse tankane vera meir fokusert på å ta sitt eige liv på grunn av ein kjensle av å ikkje vera verdt noko eller ikkje fortena å leva. Ein klarer ikkje å handtera den vonde kjensla som depresjonen skapar.

Sjølv om sorg og depresjon er ulike, kan ein person oppleva båe to på same tid. Ein kan altså vera deprimert og sørga på same tid. I tillegg kan det å mista nokon ein var glad i føra til depresjon. Når depresjon og sorg hendar på likt, vil sorga vera djupare og vara over ein lenger periode enn sorg utan depresjon. Folk som sørger og personar med depresjon treng ulik hjelp, og det er difor viktig å skilja desse to.

Depresjon er ein alvorleg sjukdom som i dei verste tilfella kan føra til død ved sjølvmord. Veldig mange personar vil også oppleva depresjon minst ein gong i løpet av livet. Då er det viktig å veta at det finnes måtar å behandla depresjon på. Faktisk opplev 80 til 90% av folk med depresjon ei betring etter behandling, og så og sei alle opplev ei forbetring av fleire symptom. Dersom ein har hatt symptom på depresjon over ein lenger tidsperiode bør ein vurdera å oppsøka hjelp. Studiar viser ganske tydeleg at det er mykje ein kan gjera for å dempa eller til og med bli kvitt depresjonen. La oss sjå litt meir på kva ein kan gjera for å behandla depresjon:

  • Som me har sett kan biokjemien påverka om ein får depresjon eller ikkje. I desse tilfella kan ein få medikament, altså medisinar, som kan hjelpa å modifisera biokjemien. Ein kan altså få tablettar som kan hjelpa å regulera biokjemien i hjernen slik at ein kan bli frisk igjen. Desse medisinane har ingen stimulerande effekt for folk som ikkje lid av depresjon, og dei er heller ikkje vanedannande. Det kan ta ei til to veker før ein kjenner noko betring, men dei fulle fordelane kjem ikkje før to til tre månadar. Som me kan sjå kan det ta litt tid før ein blir betre.
  • Ein annan vanleg form for å behandla depresjon er psykoterapi. Dette kan av og til brukast aleine når det er snakk om mild depresjon. Ved moderat eller alvorleg depresjon brukar ein ofte medisinar i tillegg til psykoterapi. CBT (engelsk forkorting), kognitiv åtferds terapi på norsk, er ein form for terapi som fokuserer på å løya problem her og no. Slik kan personar med depresjon bli medvitne om negative tankar. Dei kan då prøva å endra desse negative tankane og prøva å møta utfordringar på ein meir positiv måte.
  • Av og til prøvar ein elektrokonvulsiv terapi ( ECT) på personar med alvorleg depresjon som ikkje har respondert noko særleg på tidlegare behandlingar. Elektrokonvulsiv terapi er ein form for behandling som utsett ein pasient for kort elektrisk stimulering i hjernen medan pasienten er medvitslaus, altså utan at han eller ho kjenner noko.

Her har me sett på fleire måtar som ein kan få hjelp av profesjonelle til å behandla depresjon. Likevel kan ein også gjera ein del sjølv. La oss sjå litt på kva ein kan gjera sjølv for å behandla og førebyggja depresjon. Desse vil særleg vera effektive for folk med mildare depresjon. Ved moderat eller meir alvorlege formar for depresjon er det ofte naudsynt med profesjonell hjelp. Sjølv med mildare symptom kan det vera lurt å oppsøka profesjonell hjelp. Det er viktig å veta at det er mogleg å oppsøka hjelp og at dette faktisk hjelper. Uansett, la oss sjå på nokre ting ein kan gjera sjølv:

  • Fysisk trening kan ha svært positiv verknad på å motverka depresjon og også hjelpa folk som slit med depresjon. Ein metaanalyse av fleire studiar viste at folk med ulike symptom på depresjon som dreiv med styrketrening fleire gonger i veka hadde betre humør, større interesse for ulike aktivitetar utanom og mindre kjensle av verdilausheit. Desse betringane galdt båe kjønna, ulike aldrar og helsetilstandar. Dei med mild til moderat depresjon fekk dei største positive verknadane.
  • Å få nok kvalitetssøvn er viktig for å fungera optimalt og er også viktig for å unngå depresjon.
  • Alkohol inneheld stoff som har endorofindempande effektar. Dette vil sei at ein kan føla seg meir depressiv dagen etter at ein har drukke alkohol. Ein bør kanskje spesielt tenka på dette om ein allereie har fleire symptom på depresjon.
  • Eit sunt kosthald er viktig for at kroppen og hjernen skal fungera som den skal. Eit dårleg kosthald kan påverka biokjemiske stoff i hjernen. Kostholdet vårt påverkar båe det fysiske og psykiske.

La oss avslutta der. Depresjon er ein ekte sjukdom som me må ta seriøst. Mange vil oppleva depresjon på eit tidspunkt i løpet av livet. Då er det viktig å veta at det finnes hjelp og ein må ikkje vera redd for å oppsøka denne hjelpa.

Elles vil eg berre minna dykk på at de kan kontakta meg på epost. Epostadressa er «Laernorsknaa@gmail.com». Om de har nokre spørsmål eller berre har lyst til å ta kontakt, må de gjerne senda ein epost. Ha ein fin dag vidare. Eg håpar at de vil høyra på neste episode også. Ha det bra!

2 respuestas a «37 – Depresjon»

    1. Jeg er ca. fra Stavanger (litt sør for Stavanger, på Jæren), men dette er ikke dialekta mi. I dnene episoden snakker jeg nynorsk, men stavangersk har mange trekk fra nynorsk. Sjekk ut “Intervju med Ivar” fra 5.11.2020, episode 22 “Den grøne revolusjonen”, episode 12 “Skarre r” og episode 4 “Dialekt på dialekt” for å høre episoder på dialekta mi 🙂

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *