54 – Norrøn mytologi: Skapinga

22 februar 2021 | 27 minutes

Episode’s Transscript

Hei! I denne episoden skal me sjå på skapinga av verda. Før me byrjar vil eg berre igjen takka Dianne for at ho har sendt meg lister med ord for episode 7, 8, 9, 10, 11, 14, 15, 16, 17 og 18. Eg legg alle desse ordlistene ut på nettsida i episodetranskripsjonane. Elles vil eg berre seie at eg sett veldig pris på alle som har støtta meg på Patreon. Patreon er ein plattform som gjer det mogleg å støtta prosjektet ved å donera litt kvar månad. Eg sett veldig pris på de som allereie har valt å gjere det. No, til episoden!

I følgje norrøn mytologi var det berre eit stort gap i byrjinga. Dette gapet var ei djup kløft, altså ein stad der det går nedover. Gapet heiter Ginnungagap. Det var fullt av kraft som var viktig for skapinga. Skapinga av verda skjedde ved at varm og kald luft møtte kvarandre i Ginnungagap. Når den kalde og den varme lufta møtte kvarandre, blei det første vesenet skapt. Eit vesen er ein levande skaping. Den første skapinga i verda var urjotunen Yme. Jotnane er motsettinga til gudane i norrøn mytologi; dei er på ein måte fiendane til gudane. Likevel ser vi her at jotnane vart skapt før gudane.

Yme, den første jotunen, er tvikjønna. Tvikjønna tyder at hen er båe dame og mann på same tid. Yme var dermed båe forfaren og formora til alle jotnane. «Hen» er eit nytt pronomen på norsk som ein kan bruka når det refererer til båe menn og kvinner.

Det var ikkje berre jotunen Yme som oppstod i Ginnungagap då varm og kald luft møtte kvarandre. Då den varme og kalde lufta trefte kvarandre i Ginnungagap, blei kua Audhumbla skapt. Kua Audhumbla gjer mjølk til Yme, den første jotunen, slik at hen får nok næring. Ei slik ur-ku, eller skaparku, finn ein også i babylonsk og indiske mytologiar. Audhumbla er viktig ettersom ho sleikar på ein salt stein. Frå denne steinen oppstår Bure. Bure er den første guden i norrøn mytologi. Bure fekk sonen Bore. Bore fekk tre søner med jotunkvinna Bestla. Sønene heiter Odin, Vilje og Ve. Dei første æsene var altså ei blanding av ein jotun og ein gud. Slik oppstod æsene.

Odin, Vilje og Ve, dei første æsene, gjekk saman om å drepa Yme, den første jotunen. Dei bar Yme sin kropp til Ginnungagap, gapet som førte til dei første skapingane i verda. Odin, Vilje og Ve brukte den døde kroppen til Yme, i Ginnungagap, til å laga jorda. Jorda blei laga av kjøtet til Yme. Frå knoklane til Yme, det er det same som beina, vart fjella laga. Blodet til Yme blei til hava. Hovudet blei til himmelen, medan hjernen blei til skyene.

Verda vart laga ved eit drap. Jotnane tilgav aldri æsene, Odin, Vilje og Ve og deira etterkommarar, dette drapet. Æsene drap den første jotunen for å skapa verda, men dermed blei dei også fiendar. Det er kanskje ikkje så rart at jotnane kjempa mot æsene.

Det var ikkje alle områder på den nye jorda ein kunne leva på. I norrøn mytologi er det berre delen på midten at menneskje kan leva på. Heilt i nord og heilt i sør kan ikkje menneskje leva. I desse utkantane fantes det farlege kaoskrefter. Skapinga av verda førte også til at tida byrja. Før skapinga av jorda fantes det ikkje tid. No byrja også tida.

Etter skapinga av verda byrja gudane å skapa orden i den nye verda. Sola og månen blei sett i faste banar, lovar blei laga og gudane laga Åsgard, som var der dei no skulle bu. Denne første tida var ein gullalder for gudane. Dei hadde det bra i den nye verda; dei leika med kvarandre, det var gull overalt og dei var glade. Denne gullalderen braut saman då tre jotunkvinner kom til dei. Gudane var forferda over å sjå desse jotunkvinnene. Forferda tyder sjokkert. Gudane samla seg saman og laga dvergane som eit svar på dette. Likevel var dette slutten på gullalderen.

Ask og Embla var dei to første menneskjene. Dei blir skapt av Odin, Høner og Lod, tre æser. Æsene skapar menneskje ved at dei gjer liv til to tre. Odin gjer trea pust, Høner gjer dei sjel og Lod gjer dei hår og menneskjeandlet. Dermed var dei to første menneskjene skapte, ein mann og ei dame. Det som er interessant i norrøn mytologi er at mannen og kvinna blir skapt på same tid på akkurat same måte. I bibelen blir mannen skapt før kvinna, og kvinna blir skapt av eit ribbein av mannen. I norrøn mytologi blir dama og mannen skapt på same tid. Namna til dei to menneskja, Ask og Embla, kjem frå namna på tre.

Det første mordet i verda blei gjort av æsene. Dette var det første drapet etter skapinga. Yme, den første jotunen, blei drepen for å skapa verda. Men det første drapet på jorda vart også gjort av æsene, altså gudane. Æsene drap Gullveig, ei mystisk kvinne i norrøn mytologi. Ho blei drepen tre gonger ved å bli stukken med syd og brent i Odins hall. Alle tre gongene blir ho gjenfødd. Men kven er Gullveig? Kvifor blir ho drepen? Det er vanskeleg å vita, men ho blir skildra som ei vond volve, altså ei vond spåkvinne. Dette drapet førar til ein krig mellom æsene og vanane, to ulike gudeslekter. Krigen endar med at vanene og æsene blir foreinte til ei samla gudeslekt.

Skapinga i norrøn mytologi er litt merkeleg og rar, men også interessant. Dei første vesena blir til av at varm og kald luft treff kvarandre. Frå dette blir jotnane og gudane til. Det er æsene som lagar verda ved å drepa Yme, den første jotunen. Menneska blir også laga av tre æser. Noko som er spesielt for norrøn mytologi er at alle skaparane er menn. Det var Odin og brørne hans som skapa verda. Det var også Odin og to andre æser som skapte dei første menneskja. I begge desse tilfella brukte dei mannlege gudane allereie eksisterande materiale til å lage verda og menneskja. For verda brukte dei den døde kroppen til Yme. For å skapa menneskja brukte dei to tre som dei fann. Handverkarar var viktige i norrøn kultur, og desse forteljingane er kanskje ein refleksjon av det.

I norrøn mytologi er mannleg framstilling betre enn naturleg avling. Altså at for eksempel handverk ved at ein lagar noko nytt av allereie eksisterande material, er betre enn at noko nytt kjem til ved ei naturleg fødsel av liv. På same måte representerer æsene manndom og kultur, i denne samanhengen kan me forstå kultur som menneskeleg omforming av noko. Jotnane, fiendane til æsene, representerer kvinnelegheit og natur. Sjølvsagt finnes det kvinnelege æser og mannlege jotnar, men det er dette som blir forbundet med dei to. Det er tydeleg å sjå at norrøn mytologi oppstod i ein mannsdominerande kultur.

Uansett er det interessant å sjå at menn har ein så dominerande rolle i skapinga i norrøn mytologi. I mange andre mytologiar, som også har oppstått i mannsdominerte kulturar, ser ein ofte at kvinner er viktige eller dominerande i den første skapinga.

Til slutt no tenkte eg at me kunne lesa litt frå Voluspå. Voluspå tyder volvas spådom. Ei volve er ei slags spåkvinne som kan sjå inn i fortida, notida og framtida. Voluspå er eit gudedikt i Den eldre Edda som blir fortalt frå volva sitt synspunkt. Den eldre Edda er ei samling av munnlege forteljingar som kan ha blitt fortalt frå så tidleg som 700-talet eller før. Dei blei først skrivne ned på 1200-talet. Dette er ei av dei beste kjeldene me har på norrøn mytologi, og eg tenkte no at me kunne lesa litt frå denne; me les dei delane som har med skapinga å gjere.

Eg kjem til å bruka Jackson Crawford si omsetjing frå 2012 til moderne nynorsk.

Voluspå

Vers tre:

3. Det var i byrjinga,

i tida hans Yme,

då det var ingen sand, ingen sjø,

ingen svale bylgjer,

inga jord,

ingen himmel,

ikkje noko gras,

men berre Ginnungagap.

I vers tre fortel volva, altså spåkvinna, om tida før noko vart skapt. Då var det ingenting utanom Ginnungagap, eit tomt gap, og den første jotunen Yme. Voluspå fortel ikkje om skapinga av Yme og urkua Audhumbla.  

Vers fire:

4. Men Odin og brørne hans

laga jorda,

det var dei

som laga Midgard.

Sola skein sunnan

på hallene deira

og landet vart grønt

med veksande planter.

Her fortel volva at verda blei laga av Odin og brørne hans som heitar Vilje og Ve. Dei laga Midgard og det var eit grønt og frodig land med planter.

Vers fem til sju:

5. Sola, ven hans månen,

skein sunnan,

medan dei himmelske hestane

drog henne austan.

Men sola visste ikkje enno

kvar ho kvilte om kveld,

stjernene visste ikkje enno

kvar dei laut stå i himmelen,

månen visste ikkje enno

kor mykje kraft han hadde.

Sjølv om sola og månen har blitt skapt, er ikkje naturlovane laga ennå. Alle mekanismane er på plass: Månen og sola og korleis dei skal flyttast med himmelske hestar. Men sola og månen skin saman på same tid. Dette gjer at månen ikkje får vist seg fram, og den veit ikkje kor mykje kraft den har sidan sola skin så mykje. Stjernene visste heller ikkje kor dei skulle vera på himmelen.

6. Då gjekk alle gudane

til tronene sine,

dei heilage gudane,

og dei avgjorde dette:

dei gav namna til

natta og timane,

morgonen,

middagen,

ettermiddagen og kvelden,

så at dei kunne vita tida.

Her lagar gudane tida. Dei vedtek, altså avgjer, at det skal vera natt, morgon, middag, ettermiddag og kveld. Slik skulle dei vita tida. Det er altså her at gudane byrjar å laga naturlovane og tida.

7. Gudane møttest

på Idavollen.

Der laga dei

tempel og høge heilagdomar.

Dei laga smider,

dei laga edelsteinar,

dei laga tenger,

og andre verkty.

Gudane byrjar også å laga kultur. Dei lagar tempel, smier for å laga verktøy og dei lagar  edelsteinar.

Vers åtte og ni:

8. Dei leika i graset,

dei var glade;

mellom dei var det ingen

mangel på gull.

Men tre

jotnekvinner kom,

vonde jotnekvinner

frå Jotunheim.

Dette er gullalderen. Gudane har skapt verda og no er dei glade. Dei leikar i graset og har mykje gull og velstand. Dette endar ved at tre vonde jotnekvinner kjem. Jotunheimen er der jotnane held til, altså bur. Det er i Utgard.

9. Då gjekk alle gudane

til tronene sine,

dei heilage gudene,

og dei avgjorde dette:

dei skulle laga

kongen over dvergane

frå blod hans Yme

og hans ròtne lemer.

Gudane bestemmer seg for å laga dvergane då dei møter desse jotnekvinnene. Dei lagar den første dvergen av blodet til Yme og dei rotne kroppsdelane hans.

Dei neste versa, vers 10 til 16 skildrar slektene til dvergane. Det er mange namn og kanskje ikkje så interessant. Likevel er det litt interessant å sjå på namna ettersom Tolkien fans nok vil kjenna nokre av dei. Tolkien var inspirert av norrøn mytologi då han skreiv Ringdrotten, eller Ringenes Herre som det heitar på bokmål, og også dei andre bøkene hans som Hobbiten. I slekta til dvergane finn me namn som File, Kile, Biver, Bover, Bomber, Gandalv, Tror og Eikenskjold. Mange av desse er veldig like eller dei same namna som dvergane i Hobbiten. Gandalv reknar eg med at dei fleste av dykk kjenner igjen. Det er nesten det same namnet som trollmannen i Ringdrotten, Gandalf.

Vers 17. og 18.

17. Men tre kom,

sterke, hugrame;

dei forlét Åsgard

for Midgard;

dei fann der Ask og Embla,

svake,

utan lagnad,

på landet.

Desse tre som kom er tre gudar som gjekk frå Åsgard til Midgard. Dei tre gudane er Odin, Høner og Lod. Dei kjem til Midgard sterke og hugrame. Hugram tyder ivrig. Når dei kjem til Midgard, finn dei to tre, Ask og Embla. Ask og Embla er svake og utan lagnad. Lagnad kan kanskje omsetjast til mål eller skjebne.  

18. Dei hadde ikkje pust,

inga sjel, ikkje noko hår,

inga røyst,

dei såg umenneskelege ut.

Odin gav dei pust,

Høner gav dei sjeler,

Lod gav dei hår

og menneskelege andlet.

Ask og Embla hadde ikkje pust, dei var ikkje levande. Inga sjel hadde dei og ikkje noko hår eller røyst. Røyst tyder stemme, så dei kunne ikkje snakka. Det var Odin, Høner og Lod som gav dei liv slik at Ask og Embla blei til dei to første menneskja.

Vers 21 til 24:

21. Eg hugsar det fyrste mordet

på jorda,

då Gullveig

stakkst på spjot

og brann

i Odin si hall.

Tre gonger vart ho brent,

tre gonger atter fødd,

ofte drepen;

ho levde enno.

Her blir me fortalt om Gullveig og korleis ho blei drepen. Ho blei stukken med spyd og brent tre gonger. Ho vart gjenfødd tre gonger og levde framleis. Som de ser er det eein veldig brå introduksjon til denne mystiske Gullveig.

22. Dei kalla henne Heid

då ho kom til dei,

ei trollkvinne som føresåg glede.

Ho kunne magi,

ho kunne heksekunst,

ho dreiv med heksekunst.

Ho var den verste

i ei vond ætt.

Kven er Gullveig? Det kan sjå ut som ho er ei vond heks, og det var nok derfor ho blei drepen av Odin og dei andre æsene. Men var ho vond eller vart ho oppfatta som vond sidan ho kunne magi? Det er vanskeleg å veta og Gullveig er ein mystisk figur i norrøn mytologi.

23. Då gjekk alle gudane

til tronene sine,

dei heilage gudane,

og dei avgjorde dette:

om dei skulle tola

Gullveigs skadar,

eller om dei skulle

søkja skadebot.

24. Odin kasta eit spjot,

han skaut det inn i kampen;

det var den fyrste krigen

i verda.

Ytterveggen

til Åsgard var broten,

Vanene kunne stridmagi,

dei trakka på dalane.

Slik byrjar den første krigen mellom æsene og vanene. Vanene prøvar å bestemma seg om dei skal gå til krig mot æsene for det æsene gjorde mot Gullveig. Det er likevel æsen Odin som byrjar krigen. Odin kastar eit spyd inn mot vanene, og slik byrjar krigen mellom dei to gudeslektene.

Avslutning:

Voluspå handlar om meir enn berre skapinga og krigen mellom vanene og æsene.  For eksempel går den heilt til Ragnarok og den nye tidsalderen etterpå. Det er ganske interessant å lesa og omsetjinga til moderne nynorsk av Crawford ligg gratis ute på internett. På den nettstaden, Heimskringla.no, finn de også fleire norrøne tekstar som er omsette til bokmål, nynorsk og andre skandinaviske språk. Det er ikkje dei lettaste tekstane å lesa, men om de er motiverte, er eg sikker på at de kan få det til.

Elles må de berre senda meg ein epost om de har nokre tilbakemeldingar, spørsmål eller noko anna. Ha det bra!

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *