92 – Stereotypiar om Noreg og nordmenn

01 desember 2021 | 10 minutes

Transcripción

Heihei! Eg vil berre minna dykk på at de kan støtta podkasten på Patreon. Der kan de gje eit månadleg bidrag til podkasten, noko eg sett veldig pris på!1. Om de ikkje ønsker å binda dykk til faste bidrag kvar månad, så er det mogleg å gje ein eingongsdonasjon. De finn aktuelle lenker i deskripsjonen. La oss starta episoden!

Stereotypiar er forenklingar og generaliseringar som me må ver på vakt for. Dei kan ofte vera basert på anekdotar eller feiloppfatningar. Likevel kan det av og til vera litt sanning i dei, sjølv om det finnes store individuelle forskjellar blant folk. I denne episoden skal me snakka om stereotypiar om Noreg og nordmenn. Stereotypiar blir som oftast bestemt av dei som lagar dei, og då er dei også avhengige av dei som held stereotypiane. Amerikanarar har nok andre stereotypiar om Noreg og nordmenn enn det tyskarar har. Men også dette er jo ein stereotypi frå mi side. Eg har i alle fall funne stereotypiane frå engelskspråkleg media og kjem til å diskutera desse litt nærmare. Nokre av stereotypiane er om Noreg medan andre er om heile Skandinavia.

Me kan byrja med å sjå på den nettbaserte teikneserien Scandinavia and the World av Humon frå Danmark. Her ser me tre karakterar som skal representera Noreg, Sverige og Danmark. Designet av karakterane er basert på skandinaviske stereotypiar om oss sjølv. Ein stereotypi om svenskar er at dei er rike, arrogante og kan mykje om teknologi; difor har den svenske karakteren ein datamaskin, moderne briller, håret i sleik og eit arrogant uttrykk i andletet. Den danske karakteren er full og glad. Den norske karakteren har på seg ein strikka genser, turbukse og sko, ei fiskestong i dei eine handa og ein fisk i den andre. Dette er nok ein stereotypi om at nordmenn er turglade, praktiske og kanskje litt simple. Kanskje ikkje så alt for langt frå sanning.

Ein annan kjent stereotypi er at nordmenn er audmjuke, litt dystre og introverte. Vel, la oss først sjå på audmjuk. Kanskje kjem dette frå at nordmenn ofte har ein litt annan kultur når det kjem til å snakka om eigne individuelle prestasjonar. Janteloven, eit norsk og dansk konsept, er at ein ikkje skal tru at ein er betre enn andre. Dette står sterkt i Noreg. Likevel er ikkje nordmenn så veldig kollektivt audmjuke. Til dømes kallar me ofte vårt eige land for «det beste landet i verda». Me er veldig patriotiske.

Nordmenn som litt dystre og kanskje litt mørke er nok kopla til dei kalde og mørke vintrane i Noreg. Eg trur det er mogleg å merka skilnadar i folk i Noreg på vinteren samanlikna med sommaren. Her i Trondheim er det berre fire timar med sollys på det mørkaste. Lenger nord er det ikkje sollys i det heile tatt. Situasjonen er heilt annleis på sommaren då me har sol nesten heile døgnet. Dette gjer kanskje at ein blir litt dystrare og meir innestengde på vintrane samanlikna med somrane. Ein blir påverka av sollyset ein får i løpet av dagen, og det er kjent at det er mogleg å få vinterdepresjon på grunn av dette; altså at ein føler seg meir nedpå og har mindre energi på vinteren. Det er individuelt kor utsette ein er for dette, men eg kan merka sjølv at eg endrar litt humør og veremåte på vintrane samanlikna med somrane.

Den siste er at nordmenn er introvertar. Dette er kanskje eit misbruk av termen «introvert», men det er vel ofte her forstått som at nordmenn ikkje tek kontakt så ofte. Det er mindre vanleg å snakka med framande i Noreg samanlikna med andre land. Kanskje. Til dømes er det veldig uvanleg at ein sett seg ved sidan av nokon på bussen og snakkar med dei, sånn heilt utan vidare. Men dette har kanskje meir med kultur å gjera. Det er mange ekstrovertar også i Noreg.

Nordmenn er konfliktsky. Dette vil seie at nordmenn ikkje liker konflikt og gjer nesten kva som helst for å unngå det. Eg veit ikkje om dette er spesielt for nordmenn; det er vel ganske normalt å prøva å unngå konflikt. Likevel er kanskje nordmenn kjent for å vera det i enda større grad enn andre. Eg fekk sjølv merka dette då eg jobba deltid på ein restaurant her i Noreg. Då var kundane veldig tolmodige, sjølv om det kunne ta lang tid til tider før dei fekk maten sin. Det var veldig sjeldan at me fekk klagar. Men kanskje er det litt forskjell på folk frå Nord-Noreg og Sør-Noreg her. Nordlendingar pleier å vera meir direkte og rappkjefta enn folk frå sør.

Nordmenn er høge, blonde og blåauga. Denne gjed nok for skandinavarar generelt. Det er sjølvsagt variasjonar i den norske befolkninga også. Me har meir enn éin hårfarge og augefarge. Likevel er det i gjennomsnitt fleire blonde og blåauga i Noreg og Norden samanlikna med resten av verda. Grunnen til dette er det låge melaninnivået som gjer fargestoff til hår og hud. Kanskje har dette med at det er veldig lite lys i Noreg på vinteren. Lys hud tar nemleg opp lettare D-vitamin. Huda produserer D-vitamin når den får sol. Lys hud er fordel i eit land der det er lite sol store delar av året. At nordmenn er høge er eit generelt nordeuropeisk fenomen.

Nordmenn elskar natur. Dei aller fleste i Noreg har eit eller anna forhold til naturen. Kanskje har det det med at me har så mykje natur rundt oss i Noreg. Eg veit i alle fall at det er veldig vanleg å gå tur og reise til hytter i Noreg. Det er veldig uvanleg å høyra at folk ikkje liker å gå tur, sjølv om det nok også finnes.  Kanskje er dette knytt til bilete om den simple nordmannen. Dette vil seie at me kanskje liker at livet er litt simplare. For eksempel å koma seg ut i naturen, ikkje bruka så dyre klede, eta ganske simpel mat. Og at me elskar fisk, noko som er på grunn av vår lange kyst.

Nært knytt til dette er den egalitære kulturen me har i Noreg. I Noreg har me sterke sosialdemokratiske tradisjonar som gjer at me har eit sterkt helsevesen og mange offentlege retter og godar. Sannsynlegvis har de høyrt om det generøse norske velferdssystemet. Denne egalitære kulturen kan ein også merka i korleis me snakkar med kvarandre og forskjellen mellom formell og uformell. Det er ikkje ein sterk skilnad mellom formelt og uformelt språk i Noreg. Me bruker førenamnet på folk, til og med professorar. Me seier sjeldan «vær så snill» eller andre tomme formalitetar. Mange, spesielt dei som er meir vande med hierarkiske kulturar med sterke skilnadar i formelt og uformelt språk, så kan nok dette vera litt kultursjokk.

Noko anna me må snakka om er nordmenns forhold til alkohol. Kanskje har du høyrt at nordmenn drikk mykje alkohol. Dette stemmer faktisk ikkje. Noreg ligg på 72. plass på gjennomsnittleg alkoholforbruk samanlikna med andre land. Dette er lågare enn alle andre land i Norden. I tillegg er det lågare enn dei aller fleste vestlege land. Alkohol er veldig dyrt i Noreg, noko som har stor påverknad på alkoholforbruket. Men kvifor er det då ein stereotypi om at nordmenn drikk mykje? Vel, det har nok med at me sjeldan drikk i vekedagane, slik som ein kan sjå i middelhavkulturar med eit glas vin til maten, men nordmenn drikk generelt mykje i helgene. Me har faktisk eit eige ord for det: Helgefylla. Mange nordmenn drikk veldig mykje når dei først drikk, men drikk sjeldnare enn i mange andre land.

Noko anna Noreg er kjent for er eit meir liberalt syn på seksualitet. Dette kjem for eksempel tydeleg fram i skilnadane på synet på nakenheit i Noreg samanlikna med USA. Det er langt vanlegare å sjå nakenheit i media og samfunnet generelt samanlikna med USA. I tillegg er skandinavarar kjent for å vera meir villige til å ha tilfeldig sex enn i andre land. Dette trur eg kan stemma, sjølv om ein ikkje bør overdriva dette. Den største skilnaden er kanskje at nordmenn pleier å vera mindre religiøse i gjennomsnitt, noko som gjer at religion spelar ei mindre rolle for moral rundt seksualitet enn i andre kulturar.

Og med det så avsluttar me denne episoden. Me har no gått igjennom nokre stereotypiar om Noreg, nordmenn og skandinavarar generelt. Det finnes sikkert mang fleire eg kunne ha nemnd, men dette er ei lita innføring i stereotypiar og generaliseringar. Om de har nokre spørsmål eller tilbakemeldingar må de gjerna senda meg ein epost. Eposten finn de i deskripsjonen. Elles vil eg berre ønska dykk ein riktig god dag vidare. Ha det bra!

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *