Eventyr på vestlandsk dialekt 1: Askeladden som kappåt med trollet

28.02.2024 | 7 minutt

Transcripción

Musikk: Bukkene Bruse – Stev

Eventyr

Det var ein gong ein bonde som hadde tre søner; han var fattig og gamal og skrøpeleg, og han trengde hjelp av gutane til å hogga ved i skogen.

Den eldste sonen skulle ut og hogga først. Då han hadde kome bort i skogen og byrja å hogga på ei  gran, kom det eit stort troll til han.

“Viss du hogger i min skog, skal eg drepa deg!» sa trollet. Då guten høyrde det, kasta han øksa og sprang heim. Han kom heilt andpusten heim att og fortalte det som hadde hendt. Faren vart sur;  trolla hadde aldri skremt han frå å hogga då han var ung!

Dagen etter skulle den nest eldste sonen av stad. Då han hadde hogga ei stund  i grana, kom trollet til han og sa: “Viss du hogger i min skog, skal eg drepe deg!» Guten kasta øksa og sprang heim, akkurat som broren og akkurat like fort. Då han kom heim att, vart faren sint og sa at trollet hadde aldri skremt han då han var ung.

Tredje dagen ville den minste sonen, Askeladden, av stad. «Ja, du!» sa dei to eldste, «du skal vel klare det, du som aldri har vore utanfor huset!»

Askeladden brydde seg ikkje. Han tok med litt mat og gjekk ut i skogen.

Då han hadde hogd ei lita stund, kom trollet til han og sa: «Viss  du hogger i min skog, skal eg drepa deg!» Askeladden sprang bort for å henta maten sin og fann ein ost. Han skviste osten i handa si.

«Tier du ikkje still», skreik han til trollet, «skal eg klemma deg, som eg klemmer vatnet ut av denne kvite steinen.»

«Nei, spar meg», sa trollet, «eg skal hjelpe deg å hogga.» Greitt sa guten, og trollet hogg mange tre. Då det gjekk mot kveld, sa trollet: «No kan du følgje med meg heim, det er nærmare til meg enn til deg.»

Ja, guten blei med trollet, og då dei kom heim, skulle han gjera opp varme på peisen. Guten skulle gå etter vatn til gryta for å lage graut; men der var det berre to jernbøtter som var så store og tunge at han ikkje orka å ta i dei engang.

Så sa guten: «Det er ikkje verd å ta med desse små grytene. Eg går etter heile brønnen eg.» «Nei, kjære vene», sa trollet, «eg kan ikkje miste brønnen min; gjer opp varme du, så skal eg gå etter vatn.»

Då han kom tilbake med vatnet, kokte dei opp ei stor gryte med graut. “Skal me ha ein spisekonkurranse?” spurte guten. «Å ja!» svarte trollet; for han såg kor liten Askeladden var.

Dei sette seg til bords; men Askeladden sette sekken med nista framfor seg, og så auste han meir i sekken enn han åt sjølv. Då sekken var full, tok han opp kniven sin og skar opp sekken. Trollet såg på han, men sa ikkje noko. Då dei hadde ete ei god stund til, la trollet bort skeia. «Nei, no orkar eg ikkje meir», sa han.

«Du skal eta!» svarte guten; «eg er ikkje engang halvmett enno, eg. Gjer du som eg og skjer hol på magen, så et du så mykje du vil.» «Men det gjer vel frykteleg vondt?» spurte trollet. «Å neida», svarte guten.

Så gjorde trollet som guten sa. Han skar opp magen sin med kniven og lei ein frykteleg død.

Askeladden tok alt sølvet og gullet som trollet hadde, og gjekk heim. Familien var ikkje lenger fattig, takka vere  Askeladden.

Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute. 

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *