4 januar 2021 | 35 minutes
“Lær Norsk Nå!” is a podcast for the intermediate Norwegian learner (B1-B2) who wants to listen to authentic Norwegian spoken in a clear and slow manner. Transcriptions for the episodes are easily available at the website for the podcast, providing textual support for the spoken material. The podcast deals with many different topics including history, culture, science, literature, the Norwegian language and more; this provides the learner with a range of different topics in Norwegian, leading to ample opportunity to improve one’s Norwegian. It is also a fun and engaging way of learning!
Epost: Laernorsknaa@gmail.com
Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/47-samisk/
YouTube: https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos
Støtt podkasten:
Patreon: https://www.patreon.com/laernorsknaa
Donasjon (Paypal): Doner (paypal.com)
I dag skal me snakke om samar og samisk. Samar er eit urfolk i Noreg. Urfolk er folkegrupper som har budd ein stad i svært lang tid. I Noreg er samar eit urfolk ettersom det har vore samar i Noreg i fleire tusen år. Historisk har samane først og fremst vore busette i Nord-Noreg, Nord-Sverige, Nord-Finland og Nord-Vest i Russland. I dag er det omtrent 100 000 samar i verda, og dei fleste av dei kjem frå Noreg. I Noreg bur det ca. 50 000 til 60 000 samar. Samanlikna med det totale folketalet i Noreg på over fem millionar, så er det ikkje så mange samar i Noreg. Likevel har dei vore her lenge, og dei har ein lang historie i Noreg. For eksempel handla vikingar og samar med kvarandre. I følgje ei myte skal den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre frå 800-talet, ha gifta seg med ei samekvinne som heitte Snøfrid.
Samane er altså ein viktig del av norsk historie og levde tett ved sidan av dei norrøn-snakkande i sør. Men kvar kom samane frå? Samane utvandra frå Volga-regionen i Russland for mange tusen år sidan. Dei vandra til nordlege Skandinavia. Språket til samane, samisk, er eit finsk-ugrisk språk. Finsk-ugrisk er ein språkfamilie akkurat som indo-europeisk. Dette tyder altså at norsk og samisk ikkje er i slekt med kvarandre. Faktisk er norsk og russisk likare kvarandre enn norsk og samisk. Samisk er i slekt med språk som finsk, estisk og ungarsk som også er finsk-ugriske språk.
Likevel er ikkje samisk berre eit språk. Samisk er ei gruppe av språk som er i slekt med kvarandre, men kan vera veldig ulike kvarandre. Det er altså ikkje ulike dialekter av same språk, men forskjellige språk. I alt er det ti samiske språk. Desse kan delast i to hovudgreiner: Vestsamiske språk og austsamiske språk. Dei vestsamiskespråka er nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk og umesamisk. Alle desse blir snakka eller har blitt snakka i Noreg. I tillegg har det vore skolesamisk som er eit austsamisk språk. Andre austsamiskespråk er enaresamisk, akkalasamisk, kildinsamsik, tersamisk og kemisamisk. I Noreg har seks av desse samiske språka blitt snakka av samar, men i dag er det berre nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk som blir snakka i Noreg. Dei andre tre har døydd ut her i landet.
Totalt snakkar omtrent 30% av alle samar eit samisk språk. Det vil seie at det finnes omtrent 30 000 som kan samisk. Av desse er det berre 15% som også kan skriva samisk. Dei samiske språka er altså veldig små språk. Nordsamisk er det største samiske språket. 90% av alle som snakkar samisk, snakkar nordsamisk. Dei aller fleste av desse bur i Nord-Noreg i fylka Troms og Finnmark. Dette vil seie at nesten alle som snakkar samisk bur i Noreg, og mange stader, spesielt i Nord-Noreg, er det mogleg å få undervisning i samisk. Slik kan dei som snakkar samisk også læra å lesa og skriva det. Det er veldig viktig for at samisk skal overleva som språk. Når ein seier samisk, meiner ein som oftast nordsamisk ettersom det er det største samiske språket. Likevel er det viktig å huska på at det også finnes andre samiske språk.
Transcripción
Hei og velkommen til ein ny episode! I denne episoden skal me snakka om samar, spesielt med fokus på samisk språk. Før me byrjar 1 vil eg berre minna dykk 2 på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. I tillegg vil eg berre 3 nemna at det er mogleg å støtta podcasten på Patreon. 4. Det er veldig kjekt å sjå at det allereie er fleire som har valt å gjera det. De finn lenker til båe 5 nettstaden og Patreon i deskripsjonen av episoden. Takk.
I dag skal me snakke om samar og samisk. Samar er eit urfolk i Noreg. Urfolk er folkegrupper som har budd ein stad i svært lang tid. I Noreg er samar eit urfolk ettersom det har vore samar i Noreg i fleire tusen år. Historisk har samane først og fremst vore busette i Nord-Noreg, Nord-Sverige, Nord-Finland og Nord-Vest i Russland. I dag er det omtrent 100 000 samar i verda, og dei fleste av dei kjem frå Noreg. I Noreg bur det ca. 50 000 til 60 000 samar. Samanlikna med det totale folketalet i Noreg på over fem millionar, så er det ikkje så mange samar i Noreg. Likevel har dei vore her lenge, og dei har ein lang historie i Noreg. For eksempel handla vikingar og samar med kvarandre. I følgje ei myte skal den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre frå 800-talet, ha gifta seg med ei samekvinne som heitte 6 Snøfrid.
Samane er altså ein viktig del av norsk historie og levde tett ved sidan av dei norrøn-snakkande i sør. Men kvar 7 kom samane frå? Samane utvandra frå Volga-regionen i Russland for mange tusen år sidan. Dei vandra til nordlege Skandinavia. Språket til samane, samisk, er eit finsk-ugrisk språk. Finsk-ugrisk er ein språkfamilie akkurat som indo-europeisk. Dette tyder altså at norsk og samisk ikkje er i slekt med kvarandre. Faktisk er norsk og russisk likare kvarandre enn norsk og samisk. Samisk er i slekt med språk som finsk, estisk og ungarsk som også er finsk-ugriske språk.
Likevel er ikkje samisk berre eit språk. Samisk er ei gruppe av språk som er i slekt med kvarandre, men kan vera veldig ulike kvarandre. Det er altså ikkje ulike dialekter av same språk, men forskjellige språk. I alt er det ti samiske språk. Desse kan delast i to hovudgreiner: Vestsamiske språk og austsamiske språk. Dei vestsamiskespråka er nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk og umesamisk. Alle desse blir snakka eller har blitt snakka i Noreg. I tillegg har det vore skolesamisk som er eit austsamisk språk. Andre austsamiskespråk er enaresamisk, akkalasamisk, kildinsamsik, tersamisk og kemisamisk. I Noreg har seks av desse samiske språka blitt snakka av samar, men i dag er det berre nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk som blir snakka i Noreg. Dei andre tre har døydd ut her i landet.
Totalt snakkar omtrent 30% av alle samar eit samisk språk. Det vil seie at det finnes omtrent 30 000 som kan samisk. Av desse er det berre 15% som også kan skriva samisk. Dei samiske språka er altså veldig små språk. Nordsamisk er det største samiske språket. 90% av alle som snakkar samisk, snakkar nordsamisk. Dei aller fleste av desse bur i Nord-Noreg i fylka Troms og Finnmark. Dette vil seie at nesten alle som snakkar samisk bur i Noreg, og mange stader, spesielt i Nord-Noreg, er det mogleg å få undervisning i samisk. Slik kan dei som snakkar samisk også læra å lesa og skriva det. Det er veldig viktig for at samisk skal overleva som språk. Når ein seier samisk, meiner ein som oftast nordsamisk ettersom det er det største samiske språket. Likevel er det viktig å huska på at det også finnes andre samiske språk.
Alle dei samiske språka, unntatt nordsamisk, er alvorleg trua. Alvorleg trua språk er språk med svært få brukarar, altså personar som framleis kan språket. I tillegg er desse språka som oftast berre snakka av vaksne og eldre personar. Det er altså få barn og yngre personar som lærar språka. Sannsynligvis kjem fleire av dei samiske språka til å bli utrydda i nær framtid. For eksempel er det berre 600 personar som framleis brukar lulesamisk aktivt i Noreg. Lulesamisk blir også snakka i Sverige, men ikkje av mange. Det er nok svært sannsynleg at lulesamisk kjem til å døy ut om ikkje lenge dersom det ikkje blir gjort noko drastisk. Fleire har engasjert seg for å prøva å redda lulesamisk ved å prøva å få yngre folk til å læra det. Likevel kan det vera for seint allereie. Lulesamisk er eit språk med ulike dialekter, eit skriftspråk og ein kultur av lulesamar. Mykje av dette kan gå tapt dersom lulesamisk forsvinn.
Sørsamisk blir også snakka i Noreg, men også det er eit alvorleg trua språk som kan forsvinna i nærmaste framtid. Omtrent 1000 personar brukar sørsamsik aktivt. Likevel er det fleire som prøvar å redda sørsamsik. Det er nok meir sannsynleg at sørsamsik overlever enn lulesamisk. For eksempel laga NRK, den norske statskanalen, eit TV-program om det sørsamsike språket. Programmet heitar «Den stille kampen: Kampen for språket» og handlar om ein sørsamisk familie som kjempar for at språket deira skal overleva. NDLA, ei nettside med ressursar for bruk i den norske skulen, har ressursar for å læra sørsamisk. I tillegg er det fleire skilt på stadnamn og kommunenamn i Nord-Noreg som blir skrivne på båe norsk og sørsamisk.
Nordsamisk er det største samiske språket, og nesten alle som snakkar nordsamisk bur i Noreg. På grunnskulen i Noreg i 2010 var det over 2000 elevar som hadde opplæring i nordsamisk. Grunnskulen er år ein til ti i det norske skulesystemet. Altså frå ein er 6 år til ein er 16 år gammal. Av dei som hadde opplæring i samisk på grunnskulen, var halvparten morsmålsbrukarar. Altså var det ca. 1000 elevar i Noreg som fekk opplæring i samisk som var deira førstespråk. Dei som har samisk som morsmål snakkar som regel også norsk som morsmål. Altså får dei to språk gratis kan ein nesten seie. Så heldige, ikkje sant?
I kommunane Karasjok og Kautokeino snakkar majoriteten nordsamsik som morsmål. Desse kommunane ligg inne i landet i Finnmark og er nokre av dei kaldaste stadene i Noreg. Gjennomsnittstemperaturen pleier å vera -20 gradar Celsius på vintrane. Karasjok har kulderekorden i Noreg. Kulerekord er den kaldaste temperaturen som nokon gong er målt. Det skjedde i Karasjok 6. februar 1886, altså for ganske lenge sidan. Då blei det målt 51,4 minusgradar Celsius.
I båe Kautokeino og Karasjok snakkar dei aller fleste nordsamisk. Systera mi har faktisk vore i Kautokeino, og ho sa at ein berre høyrte samisk rundt seg. For eksempel snakka dei samisk til kvarandre i butikkane, ikkje norsk. Folk som bur der kan sjølvsagt norsk også, men det verker som dei først og fremst snakkar samisk med kvarandre. Dette visar at nordsamisk framleis er eit levande språk.
Faktisk er nordsamisk det einaste samiske språket som ikkje er alvorleg trua. Språket er likevel klassifisert som trua, men i mindre grad enn dei andre samiske språka. Det er derimot viktig å framleis ha fokus på å halda nordsamisk levande ved å gje opplæring i språket og få yngre folk til å læra det. Korleis kan ein gjera det? Ein mogleg måte er å fokusera meir på samisk kultur og språk som noko positivt og som ein del av kultur og identitet. I tillegg er det viktig å visa at samisk blir brukt i Noreg og i kultur. Ein måte dette kan gjerast på er å visa samisk i song, på TV og i samfunnet generelt.
NRK har eigne nyhendesendingar på nordsamisk. Desse fokuserer på samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland, altså ikkje berre om Noreg. Dette kan vera ein måte å byggja ein felles samisk identitet på tvers av landegrenser. På tvers av landegrenser tyder at ein hopp over landegrenser. Å gå på tvers av landegrenser vil seie at ein går utan å tenkja på at det er landegrenser i vegen. Ein kan også høyra samisk på radio. Faktisk har NRK ein eigen radiokanal på samisk.
I tillegg har samane eit eige sameting. Sametinget er i Finnmark og består av 39 representantar for samane. Desse 39 representantane blir valt av samar i Noreg. Sametinget si oppgåve er å passa på at samane sine interesser blir høyrde i Noreg. Dei skal passa på å ta vare på samisk kultur, språk og interesser i Noreg. Sametinget blei oppretta i Noreg i 1989 og kan samanliknast med Stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg, berre for samane.
Det er også kjekt å sjå at samane har fått større internasjonal interesse i dei seinare åra. For eksempel laga Disney teiknefilmen «Frost 2». «Frost 2» handlar om eit folkeslag som er tydeleg inspirert av samane. Faktisk jobba Disney saman med samemiljøet når dei laga filmen. Filmen har fått ros for si framvising av samisk kultur. Å få ros tyder at folk seier at noko er bra. I «Frost 2» kan ein også høyra songar som har element av joik i seg. Joik er ein tradisjonell samisk musikkform. «Frost 2» er også den første filmen som er dubba til nordsamisk. Dubba tyder at ein omsettar ein film til eit anna språk og les inn stemmane. På denne måten kan samiske ungar få sjå ein film på sitt eige språk. Forhåpentlegvis vil me få sjå fleire filmar dubba til samisk i framtida. Her er eit likte klipp av den samiske dubben frå «Frost 2»:
Samisk kultur og språk har kanskje aldri vert så tydeleg i Noreg som i dag. Likevel er det ikkje berre positive tendensar ein kan sjå i Noreg. NRK skreiv nettopp ein artikkel om Ann-Marie Dorph som er same. Ho bur i Tromsø, den største byen i Nord-Noreg, og den byen i Noreg med flest samar. Ho snakka samisk med nokre venner på ein buss i Tromsø. Då ho skulle gå av bussen, var det ei eldre dame som sa til henne at: «Samar høyrer ikkje til nokre stader, og spesielt ikkje på bussen, der alle kan høyra språket». Det var altså ei eldre dame som sa at Ann-Marie ikkje burde bruka samisk på bussen.
Sjølv om det er mange som har eit positivt syn på samar og samisk kultur og språk, er det framleis mange som ikkje liker samar. Dei fleste yngre er i dag positive til samar og samisk. Likevel er det ein del blant dei eldre som framleis har eit negativt syn på samisk og samar. På 1800-talet og heilt fram til om lag (ca.) 1950, prøvde Noreg å assimilera samane. Altså, staten prøvde å utrydda samisk kultur og språk. Ein ønska at samane skulle snakka norsk og gløyma samisk kultur. Dette er noko eg kjem til å laga ein episode om i framtida. Uansett visar denne hendinga på bussen at slike haldningar om samane framleis finnes i dag.
Til slutt tenkte eg me kunne snakka litt kort om samisk språk, altså litt om grammatikk og syntaks. Dei første bøkene på samisk kom faktisk allereie på 1600-talet, så slik kan ein sjå språkutviklinga til samisk heilt frå denne tida. Det er morosamt å tenkja på at dei første bøkene på norsk ikkje kom før på 1800-talet. I Noreg skreiv ein dansk på 1600-talet. Det var ikkje før på 1800-talet at Noreg fekk sine eigne skriftspråk, nynorsk og bokmål. Men la oss sjå litt på dei moderne samiske språka, spesielt på nordsamisk ettersom det er det største samiske språket.
Samisk språkpolitikk, altså korleis språket skal skrivast, er ganske puristisk. Dette vil seie at språket prøver å ikkje ta inn for mange nye låneord, men vel heller å laga nye ord på eige språk. Dette kan likna litt på islandsk som også føretrekk å laga nye ord på for eksempel ny teknologi der dei brukar islandske ord. Likevel har samisk tatt inn fleire låneord frå norsk. I tillegg er det interessant å sjå at samisk har ganske mange låneord frå norrønt. De hugsar kanskje at samar og vikingar hadde mykje kontakt med kvarandre? Dette er nok grunnen til at det er ein del norrøne låneord på samisk.
Elles er samisk eit språk med mange ord for natur, dyreliv, terrenget rundt seg og snø. Samar har lenge levd i tett samband med naturen. Dei har lenge levd i ein arktisk natur heilt nord i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Språket er difor rikt på ord som skildrar naturen og eit kaldt klima. For eksempel finnes det latterleg mange ord for snø. Nokre eksempel er «bajádat» som tyder eit lag med snø som skia ikkje dett ned i. Altså eit snølag som skia kan halda seg oppå. Eit anna eksempel er «čáhcemuohtta» som er våtaktig snø, spesielt slik snøen er på våren. Eit siste eksempel er «goahpálat» som er fuktig snø som fell ned og fester seg til alt. Dette er berre nokre få eksempel på snø-relaterte ord på samisk.
Samisk fungerer veldig annleis enn norsk. For eksempel pleiar orda å vera veldig lange. Dette er kompliserte ord med fleire prefiksar og suffiksar. For eksempel kan ein leggja til ei ending på samiske substantiv for å visa kven som eig det. I tillegg er det kasus på samisk. Det finnes sju kasusformar på nordsamisk. Kasus er ei bøyingsform av substantiv, adjektiv og pronomen som visar kva rolle det har i setninga. For eksempel om det er den som gjer verbet. Fleire indo-europeiske språk har kasussystem, for eksempel har tysk fire kasus, nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. Litauisk har sju kasus. Kasussystemet på samisk fungerer likevel litt annleis enn det gjer på indo-europeiske språk. Mange pleier å overdriva kor mange «reelle» kasus det finnes på finsk-ugriske språk. Du har kanskje høyrt at finsk har 10 eller 20 kasus? Dette stemmer ikkje heilt. Så eg vil tru at desse sju kasusane på samisk kanskje ikkje er heilt det same som dei indo-europeiske kasusane.
Noko som er veldig kult på samisk er at ein kan leggja til endingar på verb som endrar noko av tydinga. «Njuikut» tyder «å hoppe» på samisk. «Njuiket» tyder å hoppe berre éin gong, ikkje fleire gonger. «njuikkodit» tyder å hoppe fleire gonger etter kvarandre. «njuikestit» tyder å gjere eit lite hopp berre éin gong. «njuikulit» tyder å gjere fleire raske hopp etter kvarandre. «njuikehit» tyder å klara å hoppa. Altså å få til å hoppa. Det er ganske kult at nokre endingar kan endra så mykje.
Trykket i samisk er alltid på første stavinga i ordet. Dette gjer at det kanskje høyrest litt hakkete ut frå eit norsk perspektiv. Norsk har trykk på ein av dei tre siste stavingane. Norske dialekter i Karasjok og Kautokeino og andre stader med mange samar, har ofte eit trykksystem som liknar meir på samisk. Her kan dykk få høyra eit lite utdrag av korleis ei slik dialekt høyrest ut:
Eg håpar at de har fått eit lite innblikk i kor rikt og unikt samisk språk og kultur er. Det er ein del av Noreg og spesielt nordnorsk kultur. Kanskje nokre av dykk har lyst til å læra dykk samisk i framtida? Uansett er det greitt å veta litt om samane og samisk ettersom dei er ein viktig del av norsk historie og kultur.
Me avsluttar der. De kan kontakta meg på epost. Epostadressa finn dykk i deskripsjonen av episoden. Me snakkast i neste episode. Ha det bra!
Veldig interessant episode! Jeg er også veldig interessert i historien til folk og undertrykkelse av dem. Jeg ser frem til en episode om det.
Ps. jeg forstår dialekten din bedre hver gang jeg hør en episode i det 🙂 Det hjelper veldig!
Så kjekt å høre at du forstår mer og mer. Det er nok et veldig bra tegn på forbedring 🙂
Jeg må bare nevne at dette teknisk sett ikke er dialekta mi. Det er nynorsk som jeg leser med mitt tonefall og intonasjon. Dette gjør nok at det høres ganske likt ut som dialekta mi, men det er noen forskjeller. Ikke at det er veldig viktig, men jeg ville bare nevne det 🙂
Jeg hadde også én annen spørsmål. I gjennomsnitt, kjenner alle nordmenn noen samisk ord eller setninger, tenker du? Eller bare kanskje personer i nord-norge og ikke fra Oslo?
Før jeg svarer på spørsmålet, må eg bare understreke at jeg kommer fra et område i Norge med tilnærma ingen samer. Jeg har aldri møtt en same fra der jeg kommer fra. Vi kjenner ikke så godt til samisk, samer og samisk kultur der vi kommer fra. Så, for å svare på spørsmålet: Nei, jeg tror de aller flere fra Norge ikke kan noe som helst samisk. Jeg spurte broren min om det, og han kunne ikke komme på et eneste ord på samisk, og dette tror jeg er “normalen” i Norge. De aller fleste i Norge kan mye mer tysk, fransk, spansk og til og med arabisk enn samisk. Og samisk er et offisielt språk i Norge! Men det kan være at nordmenn fra andre regioner i landet kan mer om samer og samisk enn det vi kan der jeg kommer fra. Det kan jeg ikke utale meg så mye om. Jeg tror likevel at det er veldig få nordmenn som egentlig kan noe samisk. Dessverre. Jeg vet ikke hvordan det er i Nord-Norge (for eksempel Finnmark) der det er flere samer. Det kan hende at de kan litt mer samisk enn vi her i sør. Jeg håper det svarte på spørsmålet ditt, men som du kanskje ser er det ikke noe jeg er helt sikker på selv.
Hi Marius, j
eg begynte a høre på podcasten din et måned siden og jeg liker dem veldig godt. Du har virkelig mange a jobber med a lage podcasten, fordi du også stiller teksten til rådighet. Takk for det selv om jeg bare brukte det for podcasten med Soria Moria. Podcasten hjelper meg ganske godt ā forstå norsk bedre og du forklarer alt veldig godt og forståelig. Jeg tror at denne episoden om Samene var spennende og fint. Jeg også likte sangen pā slutten av podcasten. Kan du skriver meg hvem det var som sang det?
Takk enda en gang og med vennlig hilsen
Takk for en hyggelig melding! Jeg beklager for litt seint svar, men jeg så ikke kommentaren din før nå. Sangen på slutten var Ella Marie Hætta Isaksen som framførte sin joik på programmet “Stjernekamp” i 2018. Her er ei lenke til sangen: https://www.youtube.com/watch?v=odpREEp-uOo&ab_channel=NRK