52 – Sjokolade

08 februar 2021 | 21 minutes

Transcripción

Heihei! I denne episoden skal me snakka om verdas beste snop, nemleg sjokolade. Før me gjer det vil eg berre minna dykk på at de finn teksten til episoden på nettstaden til podkasten. I tillegg vil eg berre nemna kjapt at det er mogleg å støtta podkasten på Patreon. 1 Eg sett veldig pris på dei som allereie har valt å gjera det. Ei lenke til Patreon finn de også i deskripsjonen av episoden. Lat oss byrja!

Det er nokre ingrediensar som gjer alt betre. Ost er eit eksempel for matrettar. Sjokolade er osten av dessertar. Sjokoladen gjer alle dessertar betre. Faktisk, ta bort desserten. Sjokolade aleine er alt som trengs. Ein god fyldig og søtleg smak som gjer at endorfinnivået i hjernen går amok. Å gå amok er det same som å gå berserk. Det vil sei at ein blir heilt galen. Sjokolade gjer ein galen av eit intenst glimt av lykke. Kva er sjokolade? Kvar kom den frå? Er sjokolade usunt eller kan det fremma helsa? Og kvifor er sjokolade så utroleg godt? La oss ta ein nærmare kikk på desse spørsmåla.

Kva er sjokolade? Sjokolade blir laga av kakaobønner. Kakaobønner veks på tre. For å laga sjokolade må ein først la kakaobønnene fermentera. Dette er det same som gjæring. Etter gjæringsprosessen må ein leggja bønnene til tørk, så vaska dei og steika dei. Deretter pressar ein dei saman til ein får ei kakaomasse, altså bønner som er pressa saman. Etter dette varmar ein opp denne massen slik at den blir flytande. Dette kan ein bruka til å laga sjokolade, men først må ein leggja til sukker. Utan sukker smaker sjokolade veldig bittert. Du har kanskje ete mørk sjokolade. Mørk sjokolade er mykje bitrare sidan det er mindre sukker i det. Sukkeret dempar den bitre smaken.

Historia til sjokolade

Kvar kom den frå? Kakaotrea kjem frå Mellom-Amerika, så det var her menneske først laga sjokolade. Dei første som laga sjokolade var mayaene på 400-talet. Mayaene drakk sjokolade, det var ingen som laga sjokolade me kjenner, altså i hard form. Faktisk har ein drikke sjokolade for mesteparten av historia til det. I tillegg må ein ikkje tru at sjokoladen som mayaene drakk smaka det same som vår kakao. Mayaene hadde ikkje sukker. Sukker kjem frå India, så sukker var ikkje tilgjengeleg i dei amerikanske kontinenta før europearane kom. Den sjokoladen mayaene drakk var difor veldig bitter. Dei fleste av oss hadde nok ikkje likt drikken noko særleg. Mayaene drakk sjokoladen som ein del av seremoniar og religiøse ritar. Ein religiøs rite er det same som ein religiøs seremoni.

Då europearane kom til Mellom-Amerika på 1500-talet var det aztekarane som herska der, ikkje mayaene lenger. Aztekarane drakk også sjokolade. Dei forbatt sjokolade med guden  Quetzalcoatl som i følgje aztekarmytologi blei forvist av dei andre gudane for å ha delt sjokoladen med menneskja. Forvist tyder å bli driven bort frå ein stad, altså at ein ikkje får vera ein stad lenger. Quetzalcoatl fekk ikkje lenger vera saman med dei andre gudane sidan han hadde fortalt menneskja løynda om sjokoladelaging. Løynd er noko som er hemmeleg. Denne legenda liknar ein del på den greske legenda om Prometeus som stel flammen og gjer den til menneskja. Det er utruleg interessant å sjå slike likskapar i to så ulike kulturar.

Mayaene drakk sjokoladen varm, men det gjorde ikkje aztekarane. Aztekarane føretrakk å drikka sjokolade kaldt. Noko som var interessant med aztekarane var at dei ikkje kunne dyrka kakao sjølv. Aztekarane budde i høglandet i dagens Mexico og der var det ikkje mogleg å dyrka kakao. Aztekarane kravde difor at dei som kunne dyrka kakao skulle betala skatt med kakaobønner. Slik blei kakaobønner faktisk brukt som ein slags mynteining, altså som pengar. Aztekarane brukte faktisk sjokolade som medisin.

Sjokolade vart importert til Europa etter spanjolane si erobring av Aztekarriket og Mellom-Amerika. Dette var på 1500-tallet. Det blei kjapt populært å drikka sjokolade ved hoffet i Spania. Hoff er dei kongelege og aristokratane rundt kongen. Det var spanjolane som byrja å leggja til sukker i sjokoladen dei drakk for å motverka den bitre smaken. I 1602 spreidde sjokoladen seg frå Spania til Austerrike. Spania og Austerrike hadde same dynasti, Habsburgardynastiet, i denne perioden, så det er naturleg at den spreidde seg til Austerrike ganske tidleg.

Hugsar de kor mange prosessar det tok å laga sjokolade? Ein må tørka bønnene, så skrella dei, gjæra dei, varma dei opp til dei blir væskeliknande, og så vidare. Det tek lang tid frå ein har plukka bønnene til det blir sjokolade av det. Dette krev mykje arbeid og tek mykje tid. Europearane brukte slavar frå Afrika til dette. Kakaodyrking førde difor til meir slavearbeid.

Sjokolade var blitt veldig populært i Europa på 1700-tallet. Faktisk var sjokolade ei vanleg vare å drikka på kaffihusa rundt omkring i Europa. Kaffihusa var litt som ein kafé i dag, berre litt større. Kaffihusa var gjerne ein stad der ein kunne drikka ein kopp med kaffi eller ein kopp med sjokolade medan ein diskuterte samfunnet, vitskap eller noko anna.

Mange kjente sjokoladeprodusentar blei oppretta på 1800-talet. Nestlé blei for eksempel oppretta i 1866. I dag er sjokolade overalt, og er ein av dei mest populære matvarene rundt omkring i verda.

Helseeffektar av sjokolade

Aztekarane brukte sjokolade som medisin, men er det nokre helseeffektar av sjokolade? Kan ein ta seg ein bit med god samvit? Eller er det ei usunn sukkerbombe? Vel, om ein et mørk sjokolade er det ikkje så mykje sukker i det, men sjokolade inneheld framleis mykje feitt. Dette gjer at det er veldig mange kaloriar i sjokolade. Det er ca. 500 kaloriar per hundre gram sjokolade. Så ein bør nok uansett avgrensa kor mykje sjokolade ein et. Mykje sjokoladeeting kan gjera at ein legg på seg ganske mange kilo. Men kva med eit moderat sjokoladekonsum? Kan litt sjokolade vera sunt?

For det første er det kakaoen i sjokoladen som har helseeffektar. Jo meir kakao det er i sjokoladen, jo betre for helseeffektane. Kakaoen inneheld veldig mykje antioksidantar, faktisk kan ein samanlikna antioksidantinnhaldet med ei frukt eller grønsak. Problemet med sjokolade er at det har eit utruleg høgt kaloriinnhald. Grønsaker og frukt inneheld veldig få kaloriar og mange antioksidantar, noko som gjer at det er lettare å eta mykje av dei. Skal ein eta nok sjokolade til at det skal ha ein effekt, må ein kanskje eta så mykje at kaloriinntaket blir for høgt. Ein kan rett og slett ikkje eta like mykje sjokolade som ein kan eta frukt og grønsaker.

Fleire undersøkingar har påstått at sjokolade kan føra til ein slankeeffekt, betra humøret, verna cellene, styrka skjelettet, betra hukommelsen og gjera ein smartare. Likevel er det ofte litt for lite grunnlag til å påstå alt dette. Det er ikkje gjort nok undersøkingar ennå. EU avvisar mange av desse påstandane ettersom det ikkje er nok vitskaplege bevis. Mange av studiane er finansiert av sjokoladeprodusentar. Sjokoladeprodusentar har ein interesse av at forskarane skal finna så mange positive sider som mogleg, så ein bør kanskje vera litt skeptisk til desse studiane.

Likevel er det ikkje slik at all forskinga på sjokoladen sine positive effektar er dårleg. For eksempel var det ei undersøking i 2014 som viste at deltakarar scora betre på hukommelsestestar etter å ha ete kakao med høgt innhald av flavanolar, som er antioksidantar. Likevel vart det ikkje brukt vanleg sjokolade i testen. Produktet forskarane brukte innehaldt veldig lite sukker og mykje mindre feitt, i tillegg til at det hadde mykje antioksidantar. Likevel visar studien at ein kan få betre hukommelse av kakao, så kanskje du kan ta med deg litt sjokolade på neste eksamen? For å få mest mogleg av dei positive effektane kan det vera betre å eta reint kakaopulver enn faktisk sjokolade. Då får ein redusert sukkernivået og feittnivået. Men det smakar jo ikkje særleg godt.

Så, bør ein eta sjokolade? Sannsynlegvis går det heilt fint å ikkje eta sjokolade. Dei helsebringande effektane finnes, men det er veldig mykje feitt og sukker i vanleg sjokolade. Dette gjer nok at dei negative effektane fort blir større enn dei positive. Eit moderat sjokoladenivå kan derimot ha ein positiv effekt. Men heilt ærleg, det er ingen som berre et ein sjokoladebit! Når ein først har begynt, då forsvinn fort heile sjokoladeplata. Men kvifor må sjokolade vera så utruleg godt?

Litt om sjokoladen sin smak

Sjokolade inneheld mange stoff som stimulerer lykkekjensla i oss, men det viktigaste er nok innhaldet av feitt og sukker. Me menneskje er satt saman til å elska feitt og sukker, og spesielt når blandinga mellom dei er rett. Brystmjølka me drikk som babyar inneheld for eksempel mykje feitt og sukker. Det er ikkje så mange substansar og matvarer som naturleg inneheld mykje av både sukker og feitt. Ved å leggja til sukker i sjokoladen får ein akkurat ei slik blanding. Dette gjer at sjokolade smakar utruleg godt for oss: Det er den perfekte blandinga av feitt og sukker.

Men aldri gje sjokolade til hundar! Hundar klarar ikkje å fordøya sjokolade noko bra. Dei kan bli sjuke av å eta sjokolade. Det er rett og slett giftig for hundar. Dersom ein hund et nok sjokolade kan det vera dødeleg for den. Ein skal difor aldri, aldri, aldri gje sjokolade til hundar. Reint kakaopulver er det verste, så du bør heller ikkje gje hunden noko som kan innehalda kakaopulver. Eldre hundar er i større risiko for å få biverknadar av sjokolade, så med eldre hundar bør ein vera ekstra forsiktig. Dette kan vera lurt å informera ungar om også, slik at dei ikkje gjer hunden noko av sjokoladen sin.

Avslutning

Sjokolade har ein spennande historie og har blir ete av menneskjer i over 1500 år. Det er kanskje ikkje så rart, så godt som sjokolade tross alt er. Det er morosamt å lesa meir om slike tema som eigentleg er ganske kvardagslege, men som ein kan seia ganske mykje om eigentleg. Eg håpar at du også har lært noko nytt om menneskets beste venn, sjokoladen. Så håpar eg at me treffast i neste episode. Ha det bra!

Una respuesta a «52 – Sjokolade»

  1. Norway, beside being in the top five per capita consumers of coffee, is also in the top 5 for chocolate:
    1. Switzerland
    2. Austria
    3. Ireland
    4. Germany
    5. Norway
    6. Denmark
    7. UK
    8. Belgium
    9. Australia
    10. Sweden
    This is according to the the World Atlas of Chocolate.
    I am sure that many people’s consumption of chocolate in 2020 during the corona pandemic has increased greatly—I know it has for me. I’m sure I could keep up with the Swiss.

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *