86 – Den engelske trusselen på norske universitet

04 oktober 2021 | 11 minutes

Transcripción

Eg hugsar det godt. Det var i eit historiefag om krossfararar. All pensumet var på engelsk, alle faguttrykka på engelsk. Då eksamenen kom hadde eg valet om å skriva den på norsk eller på engelsk. Alle faguttrykka var på engelsk. Det var berre lettare å gjera det på engelsk. Så i eit fag undervist av norske professorar på ein eksamen som skulle rettast av nordmenn, der skreiv eg på engelsk og ikkje på norsk. Engelsk er eit trugsmål for norsk på norske universitet. Det er eit problem at engelsk tek meir og meir over på kostnad av norsk på universiteta. Min eigen erfaring på eit norsk universitet visar også dette. Mesteparten av bøkene og artiklane eg les er på engelsk. Mykje av undervisinga skjer på engelsk. Eg har skrive mange eksamenar på engelsk. Er dette eit problem?

Engelsk blir meir og meir vanleg på norske universitet. Det er viktig å kunne engelsk for å studera i Noreg. Faktisk er det viktig å kunne engelsk sjølv om ein studerer fag som blir underviste på norsk. Mange er redde for at dette kan svekka posisjonen til norsk på lang sikt. For eksempel kan det gjera det vanskelegare å utvikla eit fagspråk på norsk om norsk ikkje blir brukt på universiteta. Universiteta har eit viktig ansvar når det kjem til å utvikla eit norsk fagspråk i ulike spesialitetar. Om me mistar det så kjem også norsk til å bli eit fattigare språk. Difor er det heilt essensielt at me tek vare på norsk som eit universitetsspråk.

Men kva er problemet då? Kvifor ikkje berre gjer det? Det er komplisert. Grunnen til det er at universiteta stadig blir meir og meir globale. Universiteta i Noreg ynskjer å tiltrekka forskarar og studentar frå heile verda. Globaliseringa av universiteta vil naturlegvis også gjera at det globale språket engelsk får ein viktigare posisjon i norske universitet. I tillegg skjer veldig mykje av forskinga på ulike fagfelt rundt omkring i verda på engelsk. Dette er ein veldig stor styrke ettersom det då blir lettare å samarbeida på tvers av landegrenser. Det blir då lettare for ein frå Noreg å samarbeida med nokon frå Argentina, sjølv om ingen snakkar den andre sitt språk. Likevel er det også eit problem at det kan svekka posisjonen til norsk i forsking og i universiteta.

Så det er to sider til denne saka som me må vera klar over. Den eine sida er at universiteta ønsker å vera globale senter for forsking. Norske forskarar ønsker å publisera artiklar i prestisjetunge engelskspråklege tidsskrift. På den andre sida veit me at universiteta har ei viktig rolle i å ta vare på norsk som fagspråk.

Språkrådet i Noreg, eit råd som jobbar for bruk av norsk, er svært kritisk til bruken av engelsk på norske universitet. For eksempel er veldig mykje av pensumet i ulike fag på engelsk. Frå historie kan eg bekrefta dette. Store delar av pensumet eg har hatt har vore på engelsk, båe bøker og artiklar. Dette gjeld også for fagfelt som psykologi, biovitskap, informatikk og geologi.

Likevel er det heldigvis ikkje slik at engelsk dominerer alle fagfelt. Norsk blir framleis brukt i stor grad i undervisinga i mange fagfelt. I pedagogikk, som eg har hatt nokre fag i, er nesten all pensumet og undervisinga på norsk. Det er kanskje ikkje så rart ettersom om ein ønsker å bli ein lærar i Noreg er det viktigast å kunna mest om den norske pedagogiske konteksten. Norsk står også sterkt i juss og sjukepleie.

Det er også viktig å understreka at ikkje alle i Noreg kan lika godt engelsk. Dei fleste i Noreg klarer å uttrykka seg med bruk av eit kvardagsspråk på engelsk. Likevel er det mykje vanskelegare når det gjeld å uttrykka seg med eit fagspråk. For mange kan det vera vanskeleg å lesa vitskaplege artiklar på engelsk på eit fagfelt som i utgangspunktet allereie er vanskeleg å forstå. Mange vil nok difor gjera det mykje betre om dei får undervisinga og pensumet på norsk heller enn engelsk. Dette gjeld kanskje spesielt tidleg i studietida då ein kan mindre om fagfeltet sitt.

I tillegg er det viktig å understreka at universiteta ikkje har det einaste ansvaret for å formidla eit fagspråk på norsk, sjølv om dei er nokre av dei viktigaste. Fagspråk kjem også fram tidlegare i undervisningsløpet. Her står norsk framleis veldig sterkt. I tillegg blir det publisert veldig mykje populærvitskap på norsk. Desse sel også veldig bra og gjer folk eit solid norsk fagspråk i ulike felt. I tillegg er Store Norske Leksikon, eit digitalt norsk leksikon, ein veldig god kanal for formidling av vitskap og faginnsikt på norsk. Difor vil eg seie at alt i alt står framleis norsk veldig sterkt, også som fagspråk. Likevel må me også vera medvitne om at dersom norsk blir svekka på norske universitet, kan dette vera ein trussel for norsk fagspråk på lenger sikt.

La oss sjå på nokre nummer som visar litt av problemet. Berre ti prosent av all norsk forsking blir publisert på norsk. I tillegg har talet på masteroppgåver på norsk gått kraftig ned dei siste 20 åra. Fleire og fleire av dei tilsette på norske universitet er internasjonale, noko som gjer at meir og meir av undervisinga skjer på engelsk. Så kva blir gjort på norske universitet for å sikra og betra posisjonen til norsk? La oss sjå på universitetet i Bergen for eit konkret eksempel. Eg kjem til å referera til universitetet i Bergen som UiB framover.

I 2019 vedtok UiB ei rekke språkpolitiske retningslinjer. Der skreiv dei at UiB skal vera «eit språkleg forbilde for norsk utdanning, kultur og samfunnsliv» og at «formidling av norsk fagspråk og terminologi er ein viktig del av samfunnsoppdraget.» Dei fokuserte også på at nynorsk skulle ha ein viktig posisjon på universitetet. Likevel var det også viktig for UiB at desse måla skal vera realistiske. For eksempel er det urealistisk at all pensum og undervising skal vera på norsk. Det er viktig med globalisering og internasjonalisering i norske universitet. I tillegg forandra dei kravet om at internasjonale tilsette skulle kunna norsk etter to år. To år er veldig lite tid til å læra eit språk på eit veldig høgt nivå, spesielt dersom ein har eit morsmål som er veldig annleis enn norsk. Difor endra UiB det til at internasjonale skal kunna norsk etter tre år og ikkje to. Likevel er det framleis fokus på at dei skal kunna norsk.

Dei aller fleste i Noreg ønsker å ha eit sterkt norsk fagspråk. Til dømes viste ei undersøking i 2018 at 8/10 NHO-verksemder meiner at norsk skriftleg formdlingsevne har ei stor eller viss betydning. NHO er næringslivets hovudorganisasjon. Norsk er eit viktig språk i norsk næringsmiljø. Dei aller fleste i norsk næringsliv vil bruka norsk som arbeidsspråk.

Studentane ønsker også eit norsk fagspråk. Norsk studentorganisasjon (NSO) vedtok i 2018 ein resolusjon som sa at dei ønska eit norsk fagspråk. I samtalar med andre studentar har eg også høyrt at mange ikkje liker å skriva på engelsk eller å lesa vitskaplege artiklar på engelsk. Mange studentar ønsker norsk på universiteta.

Eit anna interessant poeng er at me kunne blitt betre til å samarbeida med Danmark og Sverige slik at me les meir skandinaviske språk på universiteta. Eg har lest litt litteratur på svensk og dansk (mest på svensk), men framleis er ikkje dette så veldig mykje. Norsk, dansk og svensk er veldig like, og kanskje kunne eit slikt samarbeid ha styrka fagspråka på alle dei skandinaviske språka? Kanskje det er lettare å stå imot engelsk dersom ein hadde samarbeidd med svensk og dansk? I tillegg kunne det ha styrka skandinavisk språkforståing og samarbeid, noko eg sjølv synes er veldig spennande.

Så får me sjå i framtida om engelsk kjem til å ta endå meir over i norske universitet, eller om ein klarer å finna ein balansegang mellom norsk og engelsk.

2 respuestas a «86 – Den engelske trusselen på norske universitet»

  1. Universitetene i Norge bør gi betydning til norsk og gjør flere artikler og bøker på språket. Alt på engelsk ville vært kjedelig. Jeg snakker bedre engelsk enn norsk, men jeg lærer meg norsk fordi jeg liker språket og det er så vakert. Et språk betyr kultur og mangfold.

    1. Det er gode poenger David! Norsk språk ser ut til å være et levende og sterkt språk, men det er viktig å være klar over mulige utfordringer som kan svekke språket på lenger sikt. At universitetene fortsetter å fokusere å publisere på norsk om norske forhold er veldig viktig! Forskning om norske forhold er kanskje ikke det som gir mest akademisk prestisje, men det er fortsatt veldig viktig!

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *