I – Reisebrev frå Chile

19 januar 2022 | 20 minutes

Transcripción

Heihei! Mykje av grunnen til at eg har vert så travel i det siste er at eg skal til Chile dette semesteret for eit internship. Eg skal vera i Santiago, hovudstaden i Chile, frå januar og heilt fram til slutten av juli. Her skal eg vera studentpraktikant, eit slags internship, på Noreg sin ambassade her nede i Chile. I den samanhengen kjem eg til å skriva nokre reisebrev som eg tenkte kunne vera interessante å spela inn og publisera på podkasten. Eg må beklaga om det er litt bakgrunnsstøy, men det er ganske mykje trafikk her, så det er vanskeleg å finna ein god stad å spela inn podkasten på. La oss byrja.

Flyturen

Med sommarfuglar i magen og vel lite søvn er det eg kjem inn på Gardemoen 13. januar, klar til å byrja ein over 20 timars lang reise mot Chile. Etter å ha skaffa hundrevis av dokument om at eg på ingen måte er smitta med korona; at eg er vaksinert med både ein, to og tre doser med EU-godkjende vaksiner; og at eg generelt er ein snill og grei gut med ingen hensikt om å utføra terroristiske handlingar, er eg endeleg klar til å kjempa meg forbi krava til flyselskapa og diverse byråkratiske prosessar. Dette gjer kanskje eit lite innblikk i sjarmen det er å reisa i pandemitider.

Første hinder, innsjekkinga, skapar overraskande mykje problem. Det tek kanskje femten minutt før eg får sjekka inn bagasjen som blir sendt rett til Santiago. Sjølv får eg derimot berre boardingkorta til Helsinki og Madrid; det siste må eg skaffa på flyplassen i Madrid. Heldigvis for meg var det meir spenning i møte. Flyet til Helsinki blei forsinka ettersom to passasjerar ikkje møtte opp til eit fly dei hadde sjekka inn bagasje for. Dermed måtte dei stakkars flyplassarbeidarane leita gjennom all bagasjen for å fjerna desse. Til slutt var me klar til å ta av, ein halvtime etter skjema. Vel framme i eit tåkefult Helsinki gjekk eg meir eller mindre rett inn på neste fly til Madrid.

Flyplassen i Madrid blir gjort om til ein labyrint ettersom eg ikkje har boardingkortet til Santiago og dermed ikkje kan nytta vegen rett vidare til neste fly. Eg får forklart at: «du må gå ut til innsjekkingsområdet på flyplassen som er til høgre og deretter rett fram. Så tek du første til høgre, går opp to etasjar og finn flyselskapet ditt». Eg får stotra fram eit «muchas gracias» i det eg prøver å hugsa om det var rett fram også høgre, eller høgre også rett fram. Etter å ha hatt ein ufrivillig oppdagingsferd på flyplassen i Madrid, kjem eg endeleg til rett plass. Flaks for meg fekk eg gå på endå ein oppdagingsferd i det eg prøvde å navigera meg til det rette flyselskapet (Latam), men til slutt høyrde eg den karakteristiske latinamerikanske melodien som leia meg til rett plass.

Her får eg igjen gleden av å visa fram alle dei fine dokumenta eg har tatt med meg. «Pase de movilidad», «declaración sanitaria», negativ PCR-test, visum og forsikring. Alt virka å vera på stell, men eg fekk beskjed om at det måtte stå ein spesifikk sum på forsikringa mi. Så då måtte eg leita meg gjennom for å prøva å finna eit nummer eg kunne bruka. Innbuforsikring på 500,000kr, det bør halda. Heldigvis stod alt på norsk, så det handla mest om å visa at det var eit forsikringsbevis og ein kjempestor sum med pengar. Det var nok. Eg fekk boardingkortet eg trengte.

Alle som stod i innsjekkingsområdet til Latam både såg og høyrdest veldig latinamerikanske ut, utan om ei jente. Ho hadde ein karakteristisk backpacker sekk, veldig lys hud og det same litt forvirra uttrykket som eg må ha hatt. Eg følgde magekjensla og spurde: «Norge?». Jau, ho kom frå Asker og var på veg til Peru for å besøka søstera si. Det blei også siste gong eg snakka norsk. Etterpå har det så og sei berre gått i spansk.

Sjølve flyturen til Chile gjekk veldig greitt. Dei tretten timane i flyet gjekk overraskande kjapt og kl. 8.30 lokal tid landa flyet. På flyplassen i Santiago venta ein omfattande prosess med mykje venting. I førsteomgang ein ny sjekk av dokument: Chilensk vaksinepass, helseerklæring, negativ PCR-test og helseforsikring. Etter at dette var sjekka og godkjent fekk eg eit blått kort som det var VELDIG viktig å ikkje mista (det blei nemleg sjekka seinare). Neste steg var meir kø og meir venting før eg blei sendt til ein stad eg kunne ta ein ny PCR-test som er obligatorisk for alle som kjem til Chile. Ei lang stang i begge nasebora og i halsen og eg var klar til neste post: sjekk av pass.

Sjekkinga av passet gjekk veldig greitt. Dei aller fleste på flyet var nok chilenarar som gjekk rett igjennom her, så det var berre eit par andre utlendingar der. Eg viste fram passet og visum og måtte erklære kvar eg kom til å bu dei første dagane. Dette var nok og endeleg var eg erklært trygg til å entra Chile. Likevel var ikkje flyplassreisa over heilt endå. Siste hinder var tollen. Eg fylte ut eit skjema der eg på retteleg viste innrømde at eg hadde «ein eller anna form for plante- eller kjøttbasert produkt». Lite innstilt på å byrja reisa med ei heftig bot var det eg stilte meg i køen for «noko å erklæra». Sjekken gjekk derimot kjapt og eg blei ikkje fråtatt noko som helst.

Endeleg, endeleg, endeleg var eg i Chile. Etter å ha snirkla meg gjennom to timar i køar og sjekkar på flyplassen var eg ute. Santiago, ein av Sør-Amerikas største byar, på kanten av verdas lengste fjellkjede og i full sommarblomstring, venta meg. Etter ein lang flytur var det ingenting som freista meir enn å utforska ein ny by, eit nytt land og eit nytt kontinent. Diverre for meg var det ikkje dette eg hadde i vente. Eg var i karantene fram til eg fekk svaret frå PCR-testen. Med lita aning om kor lang tid det kunne ta og litt tung til sinns var det eg gjekk inn i taxien på veg til staden eg skulle vera dei neste dagane.

Dei første dagne i Santiago (13-18 januar)

Medan eg leiter etter leilegheiter i Santiago har eg leigd eit rom i huset til ein lokal mann via Airbnb. Sparsam som eg er leita eg meg fram til den billigaste som gjekk for 99kr natta. Standaren og plasseringa var også deretter. Det var langt unna sentrum, det var enkel standard på huset og det var maur på rommet, men verst av alt: ikkje noko internett. Her skulle eg altså vera sperra inne på ubestemt tid utan høve til å forlate huset UTAN INTERNETT! Ikkje berre var dette krise med tanke på å gå glipp av alt det vidunderlege den virtuelle verda har å by på, men også med tanke på at eg var heilt avhengig av internett for å leita etter leilegheiter. Eg trengde også internett for å kunna sjekka om eg hadde fått resultatet av PCR-testen tilbake. Internett var altså ganske viktig for meg no.

Desperasjonen må ha lyst frå auga mine då verten sa at det ikkje var noko internett i huset hans. Det stod også på nettsida, men eg hadde vert for begeistra for prisen til å leggja merke til det. Heldigvis var verten min, Simón, veldig hjelpsam. Han skaffa eit chilensk SIM-kort til meg som gjorde at eg fekk 1 gigabite gratis mobildata. Eg måtte vera svært sparsam med kva eg brukte nett på og fokuserte mest på å finna leilegheiter. Etter fleire søk og mange sendte meldingar fekk eg endeleg eit svar: «Hei! Takk for interessa, men me leigar berre ut for eit heilt år.» Forståeleg men frustrerande, og det skulle koma fleire av desse. Til slutt fekk eg til å planleggja to visningar dagen etterpå, utan å veta om eg framleis kom til å vera i karantene eller ikkje.

Men så, kl. 10 på kvelden, fekk eg meldinga eg hadde venta på. PCR-testen kom tilbake negativ og eg var fri. ¡Bienvenido a Chile!

Januar er høgsommar i Chile. I Santiago tyder det passeleg varm temperatur frå 15 gradar på natta til litt over 30 midt på dagen. Det er svært tørt i denne perioden med mykje sol, sjølv om Santiago sin plassering gjer at det ofte kan vera ein del dis som avgrensar sikta. Det er svære fjell rett ved byen, El Plomo høgast på 5400 meter, men det er ikkje alltid dei er synlege. Når det lettar litt og sikta blir bra, er det spektakulært å sjå korleis dei store fjella kjem til syne som ut frå ingenting. På vinteren er toppane snøkledde, noko som er i sterk kontrast til det elles ganske brune landskapet.

Førsteinntrykket av byen er at det er ein stor og livleg by med mykje som skjer. Folk er veldig hjelpsame om ein har spørsmål, men enkelte stader er det kanskje litt mangelfull service. I butikkar ser det ofte ut som dei ansatte kjeder seg, noko dei sikkert også gjer. Det som er interessant i Chile er at ein må ta temperaturen før ein går inn i ein butikk, før ein går inn på eit kjøpesenter og til og med når eg gjekk inn i ein park. Desse temperaturmålarane ser ut som ein liten dispenser som ein tek handa si på. Ein høyrer eit lit «bip» og temperaturen kjem opp på skjermen: 36,2 grader. Ved desse er det ofte vakter som sjekkar at folk målar temperaturen og etterpå gjer deg litt handsprit.

I Santiago er det obligatorisk å alltid ha på seg munnbind på offentlege stader, også ute. Å ta på munnbindet før ein går ut har difor nesten blitt som å ta på seg skoa; det er ikkje mogleg å forlata huset utan det. Joggarar og syklistar har ofte munnbindet nede slik at det ikkje dekker munnen og nasen. Eg har også sett mosjonistar som har munnbindet på armen. Sjølv om dei ikkje naudsynleg har det på seg så er det alltid med.

Det ser altså ut som om folk i Chile generelt støtter desse tiltaka og når eg kanskje prøver å hinta at dei er «litt overdrivne» får eg til svar at «det er bra at myndigheitene endeleg gjer noko.» Kanskje er det viktigare for folk å sjå at det blir gjort tiltak enn at desse tiltaka faktisk er effektive. Eg kan ikkje sjå heilt effekten av at eg skal måtta fylla ut eit skjema dagleg til myndigheitene i ti dagar der eg skildrar min generelle helse: Nei, eg har ikkje hosta i dag. Eg har heller ikkje feber, vondt i halsen eller muskelsmerter. Og ja, det går bra med luktesansen. Dette kjem i tillegg til to negative PCR-testar, vaksinepass registrert i Chile (som er overraskande vanskeleg å få tak i) og helseerklæring.

Fredag 14. januar skulle bli den store «ordne leilegheit» dagen min. Eg tok metroen til sentrum, noko som må ha sett smått komisk ut. Ein forvirra «gringo» prøvar så godt han kan å koma seg på rett linje i rett retning. Heldigvis er chilenarar veldig hjelpsame, så det var lett å finna fram. Det kollektive systemet ser ut til å fungera bra, sjølv om det kan vera litt stappa med folk av og til. Eg kjem til endestasjonen for linja og følger slavisk Google Maps, kanskje verdas beste oppfinning, som trygt tek meg til første visning. Ok leilegheit og veldig sentralt. Her hadde me derimot konkurranse mot nokon som vurderte å leiga den for eit heilt år, så eg var ikkje akkurat optimistisk.

I det eg går frå den første visninga, ringer telefonen. Ei eldre dame snakkar kjapt på spansk om den andre visninga. Eg var midt i storbystøyen i Santiago og det var svært vanskeleg å få med seg kva ho sa. Etter kanskje den største lingvistiske utfordringa eg har blitt utsett for, så klarer eg til slutt å få med meg at visninga er kl. 3.  Greitt, med to timar å drepa byrjar eg å utforska Santiago. Eg går mot ein ås i det fjerne som ser fin ut. Og det er den også. Seinare har eg jogga der og kjem nok til å ha mange fleire joggeturar der. Ein får ein god oversikt over byen ettersom ein kjem seg oppover. Det er ein veldig populær turstad og mange syklar opp dei bratte bakkane.

Klokka tre møter eg opp til visning og møter ei eldre dame som ikkje kjenner meg igjen. Ho spør litt vakt «Cómo te llamas» (kva heiter du). Ho kjende meg ikkje igjen frå profilbilete mitt. «Du har jo blondt hår og blåe auge, ikkje brunt hår og mørke auge som på dette bilete». Ho klarte ikkje å sjå at eg var same person. Frå seg av begeistring for at eg lever opp til stereotypien ho har av Noreg og nordmenn insisterer ho på å ta nokre bilete av meg ute på balkongen for å visa vennene sine at «jaudå, nordmannen eg skal leiga ut til har faktisk blondt hår OG blåe auge.»

Me går gjennom leilegheita som er veldig bra plassert. Det er veldig sentralt og rett ved ein metro. I nærleiken er det hundrevis av butikkar, kjøpesenter, restaurantar og kafear. Ho gjer meg ein latterleg bra pris for staden til ca. 7400 kr i månaden (inkludert alt av straum og kostnadar) delt på to personar. Det skulle seinare visa seg at denne prisen var for god til å vera sann. Eigedomsmeklaren viste at prisen ho ga meg ikkje stemde med det som stod i kontrakten. Leilegheita var 1000kr dyrare enn prisen ho ga meg. Etter ein litt oppgitt telefonsamtale får eg forhandla prisen ned til 8000kr. Ein stress dag, men eg nådde no målet mitt for dagen. Innflyttinga skjedde på søndag kveld.

For å feira avtalen inviterte utleigaren meg på ein restaurant. Der fekk eg servert verdas største porsjon med svinekjøtt og pommes frites. Mens eg åt ringte ho barnebarnet sitt som studerte i Danmark som ho ville at eg skulle snakka med. Me var jo på same alder og ho kunne jo forklara meg alt om leilegheita på nytt, berre på engelsk! Ein har vel eigentleg ikkje noko val i ein slik situasjon og eg prøvde å halda det så kortfatta som mogleg. Etter middagen tok ho meg på ein lite runde i bilen medan ho viste meg dei beste restaurantane, kafeane og matbutikkane i nærleiken. Nyttig det, om eg berre hadde huska halvparten av alt ho sa og viste meg.

Dette blei den store «ordna leilegheit dagen» min. Det blei også «den store gå dagen». I Santiago er det veldig interessant å gå rundt i gatene og berre observera. Eg har vert veldig interessert i å gå så mykje som mogleg no i starten slik at eg blir meir kjend med staden og gatene rundt. Likevel har det også vert litt slitsamt og det har gnaga litt i hælen skal eg ærleg innrømma. Den 14. januar viste klokka at eg hadde gått 40,000 skritt. Ikkje så rart det når dagen stort sett gjekk til det. Men også dei andre dagane har eg gått mykje. Eg har snitta på 26,000 skritt kvar dag dei siste fem dagane. Santiago er ein folksam by som strekk seg over eit stort område og ein tur til byen inneber difor mykje gåing. Uansett, med 40,000 skritt lagt bak med, slitne bein og 4% straum igjen på mobilen kjem eg tilbake til Airbnb staden min.

Dei siste dagane har gått mykje i å få ordna ting og utforska. Eg har blitt tatt med til sprudlande marknadar, to gonger, der dei sel alt mogleg som mat, frukt og grønt (blant anna latterleg billige blåbær), elektroniske dingsar, medisinar, bøker, klede, spill og mykje meir. Det er veldig livleg på marknaden med mykje folk og lyd. Seljarar passar godt på at du får med deg at dei sel «BILLIG FISK. BILLIG OG GOD FISK. BILLIG, BILLIG, BILLIG!!!!».  Stemmane deira må vera heil køyrde etterpå for det var i alle fall øyrene mine!

No handlar mykje om å skaffa dei siste småtinga eg treng og prøva å bli kjent med folk. Daniel, svensken eg skal bu med, kom til Santiago 15. januar, men han testa positivt på PCR-testen han tok på flyplassen og er difor i karantene. Det var veldig kjipt og eg kjøpte litt småting til han slik at han skulle ha noko nødmat, litt snacks og vatn medan han var på hotellet og venta på vidare instruksar. Forhåpentlegvis kjem han snart ut igjen; det er litt tomt her i leilegheita med berre meg.

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *