I – Reisebrev frå Chile

Mykje av grunnen til at eg har vert så travel i det siste er at eg skal til Chile dette semesteret for eit internship. Eg skal vera i Santiago, hovudstaden i Chile, frå januar og heilt fram til slutten av juli. Her skal eg vera studentpraktikant, eit slags internship, på Noreg sin ambassade her nede i Chile. I den samanhengen kjem eg til å skriva nokre reisebrev som eg tenkte kunne vera interessante å spela inn og publisera på podkasten. Eg må beklaga om det er litt bakgrunnsstøy, men det er ganske mykje trafikk her, så det er vanskeleg å finna ein god stad å spela inn podkasten på. La oss byrja.