26 – Religion i Noreg

10 Augustus 2020 | 24 minutes

Transcripción

Før me byrjar vil eg minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. Eg legg ved link i deskripsjonen under. Takk.

Historisk sett har Noreg vert eit kristent land. Dette skjedde rundt år 1000 då kristendommen kom til Noreg, noko som var ganske seint samanlikna med mange andre europeiske land. For eksempel vart England kristna allereie tidleg på 600-talet, 400år før Noreg. Før Noreg var kristna var det den norrøne religionen som dominerte i Skandinavia og Norden. Dette tyder at dei trudde på Odin, Tor, Loke, Frøya og dei andre norrøne gudane. Religionen var sentrert rundt ofring av dyr, altså at ein drep dyr for å æra eller tilbe gudane. Denne religionen var også det ein kallar for polyteistisk som vil sei at dei trudde på fleire gudar. Kristendommen er derimot monoteistisk og førde til fleire store endringar i Noreg. Blant anna blei fleire kyrkjer bygd rundt omkring i landet, og særleg kjende er dei gamle stavkyrkjene bygde i tre og Nidarosdomen, dei einaste katedralen i Noreg.

Kristendommen har vore den største religionen i Noreg i 1000år no, men det har ikkje alltid vore den same forma for kristendom. Då kristendommen kom til Noreg i år 1000, var det den katolske varianten. Altså blei Noreg eit katolsk land saman med største parten av Vest-Europa. Dette endra seg då Martin Luther starta det som har blitt kalla for reformasjonen på 1500-talet. På denne tida var det ein dansk konge som herska over Noreg, Christian III av Danmark-Noreg. Denne kongen omvende seg til den nye kristendommen, den Lutherske protestantiske kristendommen. Å omvende seg betyr å skifta religion. Då kongen skifta religion, måtte også folk i Noreg og Danmark gjera det same. Sidan den gong har den Lutherske protestantiske kristendommen vore den største religionen i Noreg.

Fram til 2012 var den Lutherske protestantiske religionen den offisielle statsreligionen i Noreg. Dette blei skriven inn i grunnlova vor frå 1814. All pengestøtte og finansiering til den Norsk-Lutherske kyrkja kom difor ifrå staten. Ein hadde eit eige departement, Kyrkje- og kulturdepartementet, som blant anna hadde ansvaret for den norske statskyrkja. I 2012 blei ein grunnlovsendring vedteken av Stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg. Frå 2012 av var ikkje den Norsk-Lutherske kyrkja lenger statskyrkja i Noreg. No hadde ikkje Noreg lenger ein offisiell religion. Likevel er framleis den Norsk-Lutherske kyrkja, ofte berre kalla for «Den norske kyrke», den største religionen i Noreg.

Som sagt er Den norske kyrkja den største religionen i Noreg. Heile 70% av alle nordmenn tilhøyrar kyrkja. Det kan altså sjå ut som om størsteparten i Noreg er kristne. Likevel stemmer ikkje dette heilt. Sjølv om majoriteten er medlemmer av den norske kyrkja, er det veldig få som går i gudsteneste. Gudsteneste er samlingane på sundagar i kyrkja. Det er veldig få i Noreg som til vanleg går i kyrkja på sundagar. Likevel er det veldig mange, sjølv om dei ikkje er religiøse, som går i kyrkja ved spesielle høve, altså spesielle dagar. For eksempel er det veldig mange som går i gudsteneste på julaftan den 24. desember. I tillegg er det svært vanleg å gifta seg eller gravleggjast i kyrkja. Majoriteten vel framleis å nytta kyrkja til slike høve, sjølv om dei ikkje er religiøse.

Grunnen til at det er så mange medlem av den norske kyrkja er at ein automatisk blir medlem når ein døypar seg. Til vanleg døypar ein seg når ein er ein liten baby, berre nokre månadar gammal. Dette skjer ved at presten velsignar ungen og sprutar litt vatn på ungen. Dette skal symbolisera at ein druknar det gamle ikkje-kristne livet og tek imot eit nytt kristent liv. I dag er det derimot mange som vel å døypa ungane sine på grunn av tradisjon, og ikkje som eit religiøst ritual. Mange ser på det som eit fint ritual for å feira den nyfødde ungen. Talet på ungar som blir døypte i Noreg går likevel ned. I 2007 blei 43,000 ungar døypte i Noreg, i 2019 var det berre 28,000. Dette er ein del av ein større trend der færre og færre vel å tilhøyra Den norske kyrkja.

Sjølv om det er færre som er personlege kristne, står likevel kristendommen sterkt i norsk kultur. Dette ser ein blant anna gjennom kva høgtider som blir feira i Noreg. Jul er for eksempel kanskje den viktigaste høgtida og har tradisjonelt vore knytt til feiringa av Jesu fødselsdag. Feiringa jul tek derimot utgangspunkt i ei eldre før-kristen feiring rundt den tida, og det gamle namnet, jul, har overlevd. Gjennom åra har kristne og før-kristne element blitt blanda til det som no er den moderne norske julefeiringa. I tillegg er også påsken ein viktig høgtid, sjølv om det er mange som ikkje tenkjar så mykje på krossfestinga av Jesus lenger. Så sjølv om Noreg er eit sekulært samfunn, noko som vil seie at stat og religion er avskilte, så har kristendommen opp gjennom historia vore den største religionen i Noreg. Dette har hatt stor påverknad på båe språk og kultur. I dag har Noreg derimot byrja å bli eit fleir-religiøst samfunn, særleg på grunn av innvandring frå andre delar av verda. La oss no sjå på nokre av dei største religionane i Noreg utanom Den norske kyrkja.

Andre kristne retningar er den nest største gruppa etter Den norske kyrkja. Det er særleg mange katolikkar som har kome til Noreg i dei siste åra. Først og fremst er dette fordi det er veldig mange polske og litauiske innvandrarar som kjem til Noreg. Mange av desse tek med seg si katolske tru og går i ei katolsk kyrkje når dei kjem til Noreg. Faktisk er det mange katolske kyrkjer I Noreg som har gudstenester på for eksempel polsk. Det er om lag 350,000 som tilhøyrar ein annan form for kristendom utanom den Norske kyrkja. Av desse er kanskje halvparten, ca. 175,000, katolikkar. Katolsk kristendom er dermed ein ganske stor og veksande minoritet i Noreg. På 1800-talet var det skepsis til å la ulike katolske retningar få koma inn i landet. Til dømes, som betyr for eksempel, sa den originale grunnlova frå 1814 at jesuittar ikkje fekk lov å koma inn i Noreg. Den blei fjerna først i 1956. Då skapte paragrafen vanskar for Noreg då dei skulle skrive under på FNs menneskerettserklæring som vernar om religionsfridommen.

Den største ikkje-kristne religionen i Noreg er islam. Ca. 200,000 i Noreg er muslimar, men desse tala er svært usikre. Dei fleste av dei som er muslimar i Noreg har innvandra til landet. Blant desse er det ikkje alle som har registrert seg som muslimar. Det er vanleg å rekna at om lag 3-4% av den norske befolkninga er muslimar. Majoriteten av desse har innvandra til Noreg frå muslimske land, men det finnes også folk som har valt å konvertera. Islam er særleg tydeleg i Oslo der det er flest muslimar. Dette gjer at det også er flest moskear, dei heilage bygga i islam, i Oslo. I mange muslimske land er det vanleg at moskeane på fredagar kallar inn til bønn. Dette kan samanliknast med kyrkjeklokkene som ringar på sundagar. Likevel har ikkje moskeane fått lov til å kalla inn til bønn i Noreg noko som har skapt fleire debattar her til lands. Mange ønsker nok ikkje å bli vekka tidleg av bønnekalling. Det er derimot ikkje så veldig stor skilnad på dette og kyrkjeklokkene som får lov til å ringa på sundagar. Dette visar igjen at kristendommen tradisjonelt har stått sterkt i Noreg.

Det har også vore fleire debattar rundt hijab, tildekking av hår og hovud som mange muslimske kvinner går med. Fleire i Noreg assosierer dette med kvinneundertrykking ved at kvinna må dekka til seg hovudet til skiland frå mannen. Å assosiera noko med noko tyder at ein ser likskaper i to ulike ting. Mange av kvinnene som går med hijab gjer dette fordi det er ein sterk del av deira identitet og kulturelle tilhøyring; det er eit tydeleg symbol på at dei er muslimar, litt som eir krosshalsband kan visa at nokon er kristne. Likevel har spørsmålet rundt hijab skapa problem i visse høve. Skal det for eksempel vera lov å bruka hijab dersom ein skal jobba i politiet eller andre offentlege jobbar? Eller kva med skulesymjinga? Skal elevar få lov til å bruka hijab medan dei er i bassenget? Dette er fleire spørsmål som har blitt diskutert og debattert i Noreg dei siste åra.

Det er fleire tydelege teikn på at islam har blitt ein større og meir tydeleg religion i Noreg. For eksempel har det vekse fram mange kjøtbutikkar som sel halal-kjøt. Halal tyder «lovleg» og blir brukt blant anna om kva som er lov å eta. Muslimar har ikkje lov å eta svinekjøt, altså kjøt frå gris. I tillegg skal slaktinga av dyra gjerast på ein spesiell måte med blant anna ei bønn. Halal-butikkar sel kjøt som er gjort på denne måten. Mange muslimar i Noreg vel å kjøpa kjøtet i slike butikkar. Elles har også feiringa av ramadan og id blitt tydelegare. Ramadan er faste-månaden i islam. I løpet av ramadan skal ein ikkje eta eller drikka når sola er oppe. I Noreg kan dette skapa problem på somrane. Då går ikkje sola ned før i 11-12-tida mange stadar, og lenger nord er det midnattssol, altså sol heile døgnet.Kan ikkje muslimar då eta? Det går jo ikkje an! Muslimar som bur lenger nord har difor valt å fylgja klokka i Mekka på somrane. Id er festen etter slutten av ramadan. Det er ei av dei viktigaste feiringane i islam, og det er då vanleg at familie og venner samlar seg og et god mat.

I 2020 skjedde det noko som aldri har skjedd i eit ikkje-muslimsk land. Då blei det laga ei TV-dekning av feiringa av id av ein nasjonal TV kanal, NRK. I Noreg er det vanleg å ha sendingar på TV før jul der ein blant anna gjer «jule-ting» som å pynta juletre og laga julemat; det er ein måte å lada opp til jul på for mange. Id-sendinga på NRK var bygd på same konsept der dei viste norske muslimar som gjorde seg klar til å feira id.

Jødedommen har lenge vore ein minoritet i Noreg, sjølv om det aldri har vore mange jødar i landet. Den kjente jødeparagrafen frå grunnlova i 1814 sa at jødar ikkje fekk lov til å koma inn i landet. Denne blei seinare fjerna i 1851 då fleire hadde kritiserte den for å ikkje respektera religionsfridom. Likevel har det ikkje alltid vore like lett å ver jøde i Noreg. I 1929 blei schchita, jødisk kosjer slakting, ulovleg i Noreg. Under den tyske okkupasjonen av Noreg frå 1940 til 1945 vart 741 norske jødar drepne, mange av dei døyde i tyske konsentrasjonsleirar. Dette tyda at det etter krigen berre var 559 registrerte jødar igjen i Noreg. I dag er det 800 registrerte jødar i Noreg, altså ikkje veldig mange. Likevel har det vore mykje debatt rundt omskjering av nyfødde gutebarn i Noreg dei siste åra. Mange meiner at dette er eit overgrep mot dei nyfødde barna som ikkje har moglegheit til å velja sjølve, mens andre meiner at dette er ein viktig del av religionen og kulturen som må respekterast.

Det finnes også fleire andre mindre religiøse trussamfunn som buddhisme med 21,000, hinduisme med 11,000 og bahaisme med 4000 medlemmer. Desse er derimot ikkje særleg synlege i Noreg, men det finnes nokre tempel for desse religionane i dei største byane som Oslo. Dei fleste av desse har kome til Noreg som innvandrarar, men det finnes nokre norske konvertittar, som er eit namn på folk som har konvertert, til buddhisme.

For mange i Noreg er ikkje religion veldig viktig. Mange følar ikkje at dei tilhøyrar ei spesiell tru eller kyrkje. I ei undersøking svara 48% at dei ikkje trur at gud eksisterer. 30% svara at dei trudde på gud, medan 21% var usikre. Spesielt blant yngre er det færre som trur på gud; det var berre 19% blant 25-39åringar som sa at dei trudde på gud. I 1985 sa fleirtalet, 53%, at dei trudde på gud. Det kan altså sjå ut som om det er færre og færre i Noreg som trur på gud.

Denne tendensen kjem også tydeleg fram ved at det er fleire og fleire som vel å konfirmera seg borgarleg. Konfirmasjonen er ei feiring når ein har blitt 15år. Tradisjonelt har konfirmasjonen skjedd gjennom kyrkja og vert ei slags markering at ein som vaksen tek imot kristendommen. Likevel er det mange som konfirmerer seg i kyrkja som ser på det meir som i feiring at ein går frå barn til vaksen. Før valte dei aller fleste å konfirmera seg i kyrkja, og det er framleis majoriteten som konfirmera seg i kyrkja. Likevel har det vore ein oppgang av ungdommar som vel å konfirmera seg borgarleg, altså utanfor kyrkja. Dette er eit tilbod frå humanetisk forbund som er ei ateistisk (eller agnostisk) filosofisk retning med 95,000 medlemmer i Noreg. Dette er nok den største ateistiske organisasjonen i Noreg.

Då håper eg at du har fått eit bilete av korleis det religiøse bilete ser ut i Noreg. Om du har nokre spørsmål må du gjerne senda dei til eposten til podcasten, «laernorsknaa@gmail.com». Du finn adressa i deskripsjonen under. Me snakkast i neste episode!

3 respuestas a «26 – Religion i Noreg»

  1. Hi Marius 🙂

    Is this material above in bokmål? I really like your podcasts and I’m trying to read them all. But sometimes isn’t easy to understand why here it’s written ‘no’ and not ‘nå’.
    And, BTW, if you have any hint for someone under the autistic spectrum to learn Norwegian will be much appreciated.

    Thank you!

    1. Hei!
      No, that was in Nynorsk. When you see alternative words like “no” for “nå” or “kva” for “hva”, you can be sure that it is in Nynorsk.

      To be honest, I am not that familiar with autism and language learning. I would assume that many of the same principles for learning languages are the same. As I don’t know you, it is hard for me to give you any specific tips, but a common trait among people with ASD is different and at times unusual social interaction. If you are not that comfortable with social interactions, you might want to focus more on individualistic ways of learning the language. It is possible to reach fluency by a lot of reading and listening to the language, and the importance of writing and speaking the language is often overstated in the lannguage learning community.

      Good luck! 🙂

Deja una respuesta

Tu dirección de correo electrónico no será publicada. Los campos obligatorios están marcados con *