13 – Genmodifisering

Fenomenet med å modifisera gen er ikkje nytt då dette har blitt gjort indirekte i tusenar av år ved å kontrollera paringa til dyr. Ein vel kven som skal parast med kven, og slik kan ein prøva å avla fram dei eigenskapane ein ynskjer. For eksempel har menneskje lyst på kyr som produserer mykje mjølk. Tradisjonelt har ein då latt dei kyrne som produserer mykje mjølk få mange kalvar. Eit anna eksempel er griser med mykje kjøtt. Ein har eit ynskje om store grisar som kan gje mykje mat, og då er det fordel at den største mannegrisen og største kvinnegrisen får ein grisunge saman som forhåpentlegvis blir ein stor gris. Ein kan også gjera det same med planter, for eksempel tomatar. I utgangspunktet var ville tomatar ikkje større enn blåbær. Kanskje ein i framtida vil få blåbær som er like store som tomatar?