13 – Genmodifisering

11 mai 2020 | 8 minutes

Episode’s Transcript

Hei, velkommen til ein ny episode av «Lær norsk nå». I denne episoden skal me snakka om genmodifisering, GMO, genredigering eller genmanipulering. Fenomenet har mange namn, men går ut på det same: Endra ganene til ein organisme.

Fenomenet i seg sjølv er ikkje nytt då dette har blitt gjort indirekte i tusenar av år ved å kontrollera paringa til dyr. Ein vel kven som skal parast med kven, og slik kan ein prøva å avla fram dei eigenskapane ein ynskjer. For eksempel har menneskje lyst på kyr som produserer mykje mjølk. Tradisjonelt har ein då latt dei kyrne som produserer mykje mjølk få mange kalvar. Eit anna eksempel er griser med mykje kjøtt. Ein har eit ynskje om store grisar som kan gje mykje mat, og då er det fordel at den største mannegrisen og største kvinnegrisen får ein grisunge saman som forhåpentlegvis blir ein stor gris. Ein kan også gjera det same med planter, for eksempel tomatar. I utgangspunktet var ville tomatar ikkje større enn blåbær. Kanskje ein i framtida vil få blåbær som er like store som tomatar?

Hundar var nok truleg den fyrste dyrearten som blei modifisert av menneskje for ca. 32 000 år sidan. Eigenleg er hundar og ulvar same art, men på grunn av menneskestyrt avl, altså at menneske har bestemt kven som skal parast med kven, ser hundar og ulvar ganske ulike ut. På plantesida var kveite, altså det ein lager brød av, den fyrste planten som menneske medviten endra for 9000 år sidan. Altså har genmodifisering ein lang historie.

Det som er nytt i dag er at teknologien no har gjort det mogleg å gå inn i organismen og endra spesifikke gen. Den fyrste planten som blei godkjent til å dyrka var tomaten «Flavr Savr» i 1994 i USA. Ein endra eit gen i tomaten som gjorde at den haldt seg finare lenger, det tok lenger tid før den begynte å rotna. Tomaten blei også modifisert til å smaka betre. Det verker difor som det er mange fordelar med å genmodifisera mat – slik held maten lenger, smaker betre, og er større. Bruken av genmodifiserte planter, GMO, har auka mykje dei siste åra. I 2016 var 12% av all jordbruksareal dekka med GMO planter.

Likevel er det mange som er skeptiske. 19 europeiske land har forbod mot å dyrka genmodifiserte planter, blant anna Frankrike, Austerrike og Italia. Noreg er ikkje ein av desse. Dei er redde for at GMO, genmodifiserte planter, skal gjere skade i økosystema, i naturen. Kva seier forskinga?

Forsking på genmodifisert mais har kokludert med at:

  1. GMO mais ga større avlingar enn vanleg mais – ein fekk meir mais per areal.
  2. GMO mais hadde lågare innhald av soppgift, skadelege stoff som ein finn i korn, ris og mais.
  3. GMO mais reduserte bestanden av biller som angrip maisen og øydelegg den. Den hadde derimot liten verknad på andre innsekt, noko som er positivt.
  4. GMO mais såg ikkje ut til å endra mikroorganismane i jorda.
  5. GMO mais såg heller ikkje ut til å vera vanskelegare å bryta ned enn vanleg mais, slik at dei båe er trygge organiske organismar som naturen klarer å kvitta seg med.
  6. GMO mais førar til auka inntekter for bøndene, og betre kvalitet på maisen.

Dette stemmer med mykje anna forsking på GMO som har funne liknande tendensar. Plantene førar ikkje til problem for miljøet og er trygge å eta. GMO gjer at ein kan bruka mindre gift for å verna plantane mot insekt ettersom ein kan modifisera genene for vern mot desse innsekta i planten sjølv.

Med genmodifisering kan ein gjera maten meir motstandsdyktig mot insekt, ein kan gjera dei større, meir smakfulle, og gjera slik at dei held lenger. I tillegg kan ein auka energi og vitamininnhald i dei slik at dei blir ennå sunnare for menneske. Det er altså mange moglegheiter med genmodifisering. Likevel skal ein vera noko skeptisk til noko av denne forskinga. Ein del av forskinga på GMO er utført av dei same firmaa som sel genmodifiserte planter og matvarer.

Eit anna problem er monokultur. Dersom alle plantene får likare gen er dei også meir utsette for sjukdommar og likande. Likevel må ein nemna at all menneskeleg jordbruk er basert på ein slik monokultur, favorisering av ein type. For eksempel er alle bananane me et svært like genetisk sett. Dette er difor ikkje berre eit problem med genmodifiserte planter.

Mange tenker nok at genmodifisering er unaturleg og difor farleg, men dette stemmer ikkje. Faktisk kan genmodifiserte planter hjelpa oss til å gjera jordbruket meir naturleg igjen. I dagens jordbruk bruker ein store mengder giftstoff og gjødsling som kan vera farleg for økosystemet rundt. For eksempel kan gjødslinga renna ned i elver ved åkrane. I desse elvene vil det då veksa fram algar som kan drepa mykje av det andre livet ved elva som fisker og innsekt. Genmodifiserte planter kan gjera at ein ikkje treng å bruka så mykje gift og gjødsling, noko som kan betra miljøet. I tillegg kan mat som held lenger gjera at ein kaster mindre mat. Også dette er ein stor vinning for miljøet.

Genmodifisering ser altså ut til å kunne revolusjonera jordbruket vårt. Kva tenkjer du? Er du for eller imot genmodifisering av mat? Send meg gjerne ein epost. Elles vil eg berre ynskja deg ein god dag vidare. Ha det bra!

One Reply to “13 – Genmodifisering”

  1. Hei Marius!

    Takk for at du ta opp disse podcastene, de er svært hjelpsom!

    Jeg var nysgjerrig på hvilken dialekt du snakket på i denne episoden, det høres ikke ut som den vanlige nynorske dialekten du bruker.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *