19 – Kaffi
![](https://laernorsknaa.com/wp-content/uploads/2020/11/4213446-1592479782025-957d024173bea-scaled.jpg)
I denne episoden skal me snakka om ein drikk du ikkje kan klare deg utan dersom du reiser til Noreg: Kaffi! Her i Noreg drikk alle kaffi, helst fleire gonger til dagen. Denne svarte lukkedrikken er grunnen til at mange klarer å koma seg opp av senga i dei kalde og mørke vinterdagane. Dei mørke vintrane er kanskje ein av grunnane til at me drikk så mykje kaffi her i Norden. Faktisk er Noreg det landet i verda med nest størst kaffikonsum, berre bak Finland