19 – Kaffi

22 juni 2020 | 19 minutes

Episode’s Transcript

Hei og velkommen til ein ny episode av «Lær norsk nå!». I denne episoden skal me snakka om ein drikk du ikkje kan klare deg utan dersom du reiser til Noreg: Kaffi! Her i Noreg drikk alle kaffi, helst fleire gonger til dagen. Denne svarte lukkedrikken er grunnen til at mange klarer å koma seg opp av senga i dei kalde og mørke vinterdagane. Dei mørke vintrane er kanskje ein av grunnane til at me drikk så mykje kaffi her i Norden. Faktisk er Noreg det landet i verda med nest størst kaffikonsum, berre bak Finland. Topp seks landa i konsum per innbyggjar er:

6. Sverige

5. Nederland

4. Danmark

3. Island

2. Noreg

1. Finland

Altså er heile topp 6 lista berre nord-europeiske land, og heile Norden er representerte. I Finland konsumerer dei opp til tre gonger så mykje kaffi per innbyggjar som i USA (12kg per innbyggjar i året). I Noreg drikk me i gjennomsnitt 10kg kaffi per innbyggjar i året. Kanskje me drikk så mykje kaffi i nord på grunn av at det er så lite sollys om vinteren? Uansett så har du ikkje noko val; dersom du kjem til Noreg må du drikka kaffi, denne gylne, svarte superdrikken. Så la oss sjå litt nærmare på den.

Kaffi er ein drikk som blir laga av rista kaffibønner. Desse bønnene er frøa til kaffibær frå visse kaffiartar. Kaffibæra må plukkast når dei er passe modne for så å turkast. Dei turka kaffifrøa blir kalla for kaffibønner. Desse blir varma på ulike temperaturar, alt etter kva smak ein ønsker å få fram. Etter dette kan ein knusa bønnene og bruka det til å laga seg ein varm kopp kaffi ved å halda kokane vann på det.

Kaffi smakar svært bittert, noko som gjer at mange ikkje liker den første gongen dei drikk det. Det er kanskje koffeinen som gjer at ein held fram, altså fortsetter å drikka kaffi. Ein kan laga til kaffien på ulike måtar, for eksempel kaffilattè, som er kaffi med mjølk i, espresso og iskaffi, berre for å nemna nokre. For min del byrja eg å drikka kaffi med mjølk i for å dempa den bitre smaken. Etter kvart klarte eg også å drikka mørkkaffi. Det kan likevel ta litt tid før ein venner seg til smaken, men plutseleg kjem ein til eit punkt der ein elskar den bitre og gode smaken av denne svarte drikken.

Dei tidlegaste teikna til moderne kaffidrikking kjem frå dagens Yemen, sør i Arabia, midt på 1400-talet. Kaffibønnene vart først brukt til religiøse formål. På seinare tidspunkt diskuterte muslimar om drikken var haraam, forboden, ettersom den var stimulerande. Drikken var dermed forboden i ein 30 års periode frå 1511 til 1540-talet då den igjen blei godteken. Drikken spreidde seg frå Arabia til Europa på 1500-talet. Ordet «kaffi» kjem faktisk frå arabisk, «qahwah», som blei lånt frå ottomansk tyrkisk, «kahve», og kom til norsk frå det nederlandske «koffie». Dette er nok grunnen til at ordet er svært likt på mange språk. Frå dette ordet har ein fått fleire samansette ord som for eksempel kaffipause. Ordet kaffipause oppstod i Stoughton, Wisconsin blant konene til norske immigrantar. Mange arbeidsstader har offisielle kaffipausar til bestemte tidspunkt. Drikken har altså hatt stor påverknad på språket og kultur.

Kaffi var faktisk ein ganske viktig drikk for opplysningstida. Opplysningstida var ein periode i Europa på 1700-talet då fleire og fleire fokuserte på vitskap og fornuft. I samband med dette blei det oppretta fleire såkalla kaffihus rundt omkring i Europa. På desse kaffihusa kunne folk kome og diskutera og snakka om vitskaplege verk. Kaffien gjorde at folk blei meir konsentrerte til forskjell får barane der folk drakk alkohol. Alkohol, som du nok veit, er ikkje den beste drikken for å konsentrera seg. Kaffihusa var dermed eit godt alternativ for dei som ønska å møta likesinna, folk som tenkte likt og også ønska å diskutera. Det er mykje som tyder på at «Encyclopédie» av Denis Diderot, Voltaire, og Rousseau vart født i eit slik kaffihus. Kaffien gjorde også at folk drakk mindre alkohol og kan slik ha gjort innbyggjarane sunnare og meir effektive. Dette kan ha påverka veksten av kapitalisme og modernisme. Drikken har utvilsamt vore svært viktig for utviklinga av Europa.

I dag er Brasil den største produsenten og eksportøren av kaffi. Kaffibuskane blei introduserte til Brasil i 1727, men produksjonen tok ikkje av før ved frigjeringa, sjølvstende, i 1822. Då hogga dei ned mykje av regnskogen rundt Rio de Janeiro og planta kaffi. Dette skjedde ettersom prisen på kaffi auka i denne perioden. I 1852 var Brasil den største produsenten av kaffi, og i 1910 eksporterte dei 70% av verdas kaffi. På denne tida var USA den største importøren av kaffi. I dag er Brasil framleis den største kaffiprodusenten, men fleire sør- og sentralamerikanske land har auka produksjonen sin. I tillegg har fleire afrikanske land auka kaffiproduksjonen sin. Land som Uganda, Burundi, Rwanda og Etiopia er heilt avhengige av kaffi for inntekta si. Brasil, som hadde 70% av eksporten i verda i 1910, har i dag 29% av totalen. Andre store produsentar er Vietnam, Colombia og Indonesia.

Kaffien smakar godt og kjennes oppkvikkande ut, ein blir meir vaken av det. Dette er grunnen til at mange startar dagen med ein kopp med kaffi, eller om ein skal ver lenge opp tek ein kanskje ein kaffikopp for å klare å halda seg vaken lenger. Men kor sunt er det med kaffi? Kan det vera skadeleg? Forsking tyder på at moderate mengder med kaffi ikkje er skadeleg og kan jamvel vera helsebringande. Moderate mengder er tre til fira koppar til dagen. Kvinner kan derimot få større risiko for å brekka bein, beinbrot. Desse resultata er derimot henta frå studiar med heller dårleg kvalitet med skilnadar i alder, helsestatus og liknande.

Som det meste anna kan store mengder derimot vera farleg og skadeleg. Høge dosar med kaffi dagleg kan føra til større fare for angst på grunn av koffeinen. Dei som er mest råka av dette, altså mest påverka, er ungdommar og dei som allereie har angst. Pulverkaffi, kaffi som ein tek rett oppi koppen utan kaffimaskinar, kan føra til auka kolesterol. I kaffien er det eigentleg kolesterol, men dersom ein brukar kaffimaskin med filter, sitt kolestorolen igjen i filteret. Dermed kan pulverkaffi potensielt føra til større fare for diabetes type II. Fleire studiar har også kopla eit høgt kaffikonsum til auka risiko for ulike formar for kreft.

Koffeinen i kaffi gjer at kroppen arbeid raskare og hardare. Mykje kaffi kan dermed føra til at ein blir nervøs, irritabel og kvalm. Eit studie viste at meir enn seks koppar med kaffi om dagen kan auka faren for hjartesjukdommar med heile 22%. Mykje koffein førar til auka blodtrykk, noko som også aukar faren for hjartesjukdommar. Det bør derimot vera mogleg for dei aller fleste av oss å halda oss under 6 koppar.

Du treng derimot ikkje å fortvila! Mindre og moderate mengder med kaffi kan føra til betre immunforsvar slik at du blir mindre sjuk. Kaffi inneheld nemleg fleire antioksidantar. Faktisk er det fleire studier som visar at det er ein samanheng mellom kaffiinntak og levetid – levetida ser ut til å auka noko for dei som drikk kaffi samanlikna med dei som ikkje gjer det. Menn ser ut til å ha størst effekt av å drikka meir kaffi. Det kan altså sjå ut som du det er positivt å drikka kaffi, men ein bør kanskje halda seg til moderate mengder, helst ikkje meir enn ca. to til fira koppar til dagen.

Driv du med noko uthaldsidrett? Sykling? Symjing? Eller kanskje du spring? Ein studie visar at kaffi kan auka prestasjonsevna til slike utøvarar. 75% av deltakarane presterte betre etter å ha inntatt koffein før trening. I gjennomsnitt auka dei prestasjonsnivået, kor godt dei gjorde det, med to til tre prosent. Koffeinen reduserer kjensla av smarte og gjer at ein klarer å pressa seg lenger. Koffein var faktisk forboden av Den olympiske komité fram til 2004, men det er i dag lovleg å nytta av idrettsutøvarar. Store mengder koffein kan dermed føra til auka risiko for skader i musklane. Ein må huska på at kjensla av smerte under trening er der av ein grunn; musklane blir noko øydelagt under trening, og dersom ein pressar dei for mykje over lenger tid kan det føra til at dei blir skada.  Mange som driv med uthaldsidrett drikk koffeinholdig drikke i løpet av konkurransen. For eksempel kan ein sjå at skiutøvarar drikk ein kaffi-cola blanding for å få sukker og koffein på lenger distansar.

Er det nokon regel for når ein kan og ikkje kan drikka kaffi? Mange meiner at dei ikkje får sova dersom dei drikk kaffi på kvelden, men stemmer dette? Ein studie frå 2015 viste at kaffi forstyrra kroppen si indre klokke, altså vår naturlege døgnrytme som seiar når vi er trøytte og får sova. Kaffi kan nemleg forstyrra produksjonen av melatonin, hormonet som gjer oss trøytte og gjer at me får sova. Dersom ein drikk kaffi rett før ein legg seg kan ein skyva den naturlege klokka si 40 minutt fram, altså at ein sovnar 40 minutt seinare enn om ein ikkje hadde drukke kaffi. Effekten av koffein kan vere ganske kraftig på kroppen. Likevel var det berre fem personar med i undersøkinga noko som svekker resultatet.

Ein annan studie med 785 deltakarar viste derimot ingen samanheng mellom å drikka kaffi rett før ein la seg og endra søvnmønster. Studiet vart kritisert for å ikkje registrera kor mykje deltakarane drakk før dei la seg. Det kan sjå ut som det er gena våre som bestemm om me kan drikka kaffi før me legg oss eller ikkje. Koffein førar til at den totale søvnlengda, tida ein søv, går ned, og det tek lenger tid å sova. Likevel er det store skilnadar frå individ til individ i korleis koffein blir broten ned i kroppen. Den gjennomsnittlege halveringslengda til koffein i kroppen er på om lag fem timar. Hjå nokon er lenga lenger og hjå andre igjen mindre. Til vanleg ligg halveringstida mellom 1,5 til 10 timar. Dette tyder at nokon kan drikka kaffi langt seinare enn andre, medan nokon ikkje kan drikka kaffi etter kl. 12 på føremiddagen.

Toleransen for koffein er også til ein viss grad bestemt av gena våre. Jo meir ein drikk, jo større blir toleransen, men gena spiller nok den største rolla. Dette gjer at ein også kan reagera ulikt på koffein. Dersom ein drikk mykje kaffi over lenger tid kan det vera at ein berre må drikka meir og meir for å få den same stimulerande effekten som i byrjinga. Det er dette som skaper effekten av abstinens dersom ein plutseleg er utan kaffi etter ein lang periode med mykje kaffi. Mange kan for eksempel kjenna på ei svak hovudpine dersom dei ikkje drikk ein morgonkaffi. Ein treng likevel ikkje vera veldig redd for denne kjensla. Koffeinavhengigheit er nemleg ikkje veldig sterk.

På motsett side av kaffiabstinens må nok vera koffeinsjokk. Ein får koffeinsjokk dersom ein har drukke alt for myke kaffi på kort tid. For dei som ikkje drikk kaffi til vanleg skal til mindre til for å få koffeinsjokk; dei er meir sensitive for koffeinen. Nokre symptom på koffeinsjokk er svimmelheit, auka tørst, vondt i hovudet, irritasjon og stress. Hjartet bankar ofte raskare og det kjennes ut som heile kroppen ristar litt. Eg har sjølv hatt lett koffeinsjokk etter for mykje kaffi, og det var veldig ubehageleg! Sterkare koffeinsjokk kan også føra til kvalme, ujamn hjarterytme og magekrampar. For dei aller fleste går koffeinsjokket over av seg sjølv ved at kroppen får tid til å bryta ned koffeinen, nok som vil variera frå person til person. Dersom mengdene med koffein er store nok, kan det derimot vera farleg. Ungar og ungdommar er meir utsette enn vaksne. Dette er ein av grunnane til at ammande mødrer ikkje er anbefala å drikka meir enn maksimalt to koppar med kaffi til dagen då koffeinen kan koma i mjølka. Nyfødde toler sjølvsagt mykje mindre enn ein vaksen person. 

Eg trur me rundar av episoden her. Kaffi er altså ei fantastisk drikke som me nyt her i den nordlegare delen av verda, men helst i moderate mengder! For mykje kaffi kan føra til fleire negative helseeffektar over lenger tid, så ein skal vera litt forsiktig med å pøsa på med kaffi, altså drikka veldig mykje. På den andre sida kan moderate mengder, ca. ein til tre koppar til dagen vera sunt for oss. Du har altså all grunn til å smila når kaffikoppen er klar ein tidleg morgon.

Så, er det vanleg å drikka kaffi der du kjem frå? Drikk du sjølv, og kor mykje drikk du? Kva synes du om kaffi? Send meg gjerne ein epost til epostadressen til denne podcasten. Den finner du i deskripsjonen til episoden. Elles vil eg berre ynskja deg ein særs god dag vidare!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *