73 – Ivar Aasen

Ivar Aasen er nok den mest kjende norske språkforskaren i Noreg. Han levde frå 1813 til 1896 og kom frå Ørsta som ligg i fylket Møre og Romsdal, nord på Vestlandet. Han er kjend for å ha laga fundamentet for det som skulle bli nynorsk. Han reiste rundt i Noreg, samla inn trekk frå ulike dialekter og laga eit nytt norsk skriftspråk ut av det, nynorsk. I denne episoden skal me sjå litt meir på Ivar Aasen og det arbeidet han gjorde, men først må me veta litt meir om konteksten bak. Me må veta korleis språksituasjonen i Noreg var på 1800-talet.

47 – Samisk

I dag skal me snakke om samar og samisk. Samar er eit urfolk i Noreg. Urfolk er folkegrupper som har budd ein stad i svært lang tid. I Noreg er samar eit urfolk ettersom det har vore samar i Noreg i fleire tusen år. Historisk har samane først og fremst vore busette i Nord-Noreg, Nord-Sverige, Nord-Finland og Nord-Vest i Russland. I dag er det omtrent 100 000 samar i verda, og dei fleste av dei kjem frå Noreg. I Noreg bur det ca. 50 000 til 60 000 samar. Samanlikna med det totale folketalet i Noreg på over fem millionar, så er det ikkje så mange samar i Noreg. Likevel har dei vore her lenge, og dei har ein lang historie i Noreg. For eksempel handla vikingar og samar med kvarandre. I følgje ei myte skal den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre frå 800-talet, ha gifta seg med ei samekvinne som heitte Snøfrid.