73 – Ivar Aasen

5 juni 2021 | 20 minutes

Episode’s Transcript

Ivar Aasen er tidenes legende. Før me snakkar om han så vil eg berre kjapt nemna Patreon. Der kan de støtta podkasten.1. Det sett eg veldig pris på. Teksten til episoden finn de på nettstaden. De kan kontakta meg via epost. All informasjon finn de i deskripsjonen. No, lat oss byrja!

Ivar Aasen er nok den mest kjende norske språkforskaren i Noreg. Han levde frå 1813 til 1896 og kom frå Ørsta som ligg i fylket Møre og Romsdal, nord på Vestlandet. Han er kjend for å ha laga fundamentet for det som skulle bli nynorsk. Han reiste rundt i Noreg, samla inn trekk frå ulike dialekter og laga eit nytt norsk skriftspråk ut av det, nynorsk. I denne episoden skal me sjå litt meir på Ivar Aasen og det arbeidet han gjorde, men først må me veta litt meir om konteksten bak. Me må veta korleis språksituasjonen i Noreg var på 1800-talet.

Det skjedde mykje i Noreg på 1800-talet. I 1814 fekk Noreg sitt sjølvstende frå Danmark etter ein 400år lang union. Noreg hadde vert i union med Danmark i 400år før dei fekk sitt sjølvstende i 1814. Sjølvstende tyder at eit land kan bestemma over seg sjølv. I 1814 fekk Noreg også sin eigen grunnlov. Likevel varte ikkje sjølvstendigheita veldig lenge. I 1814, same året, blei Noreg tvungen inn i ein union med Sverige. Men nordmenn blei likevel mykje meir medvitne på at dei var nordmenn og ikkje danskar eller svenskar. Me var eit eige land med ein eigen kultur, og veldig sentralt for denne episoden, vårt eige språk.

Men hadde Noreg eit eige språk i denne perioden? Vel, om me snakkar om talespråket så er det ikkje tvil; nordmenn snakka framleis sine norske dialekter. Norsk levde i talespråket. Det såg verre ut for skriftspråket. Medan Noreg var i ein union med Danmark så skreiv ein dansk i Noreg. Skriftspråket i Noreg var altså dansk i denne perioden. Norske forfattarar skreiv på dansk. Eit sjølvstendig land kunne då ikkje bruka skriftspråket til eit anna land? Nei, me snakka norsk i Noreg og no var det fleire som ønska å også skriva norsk.

Dette var ei tid for nasjonalromantikk generelt i Europa. Det var mange land i Europa som fekk ein nasjonal oppblomstring i denne perioden. Folk i Europa blei generelt meir medvitne på kor dei kom frå. Folk ønskte å trekka fram kva som gjorde deira land spesielt. Noreg var ikkje noko unntak. Norske folkeeventyr blei samla i denne perioden. Me fekk vårt eige flag. Og snart skulle me også få vårt eige skriftspråk.

Ivar Aasen vaks opp på ein gard  i Ørsta som ligg i Sunnmøre. Han vaks opp på bygda på Nord-Vestlandet. Heilt frå tidleg alder var Aasen interessert i bøker og å lesa. Som yrke var Aasen lærar.

I 1830-åra var det ein stor språkpolitisk debatt i Noreg. Mange i Noreg ville ha eit eige norsk skriftspråk medan andre berre ville halda fram med dansken. Ivar Aasen var klokkeklar på at han ville ha eit eige norsk skriftspråk. I 1836 skreiv han ein artikkel med overskrifta «Om vort skriftsprog». Litt morosamt skreiv han dette på dansk ettersom det ennå ikkje fantes eit norsk skriftspråk. Uansett, her skreiv Aasen at han ønska eit eige norsk skriftspråk og kvifor dette var viktig. Eg skal lesa eit lite utdrag frå denne artikkelen:

Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke. Saalænge Norge ansaaes som en dansk Provinds, og Landets Embeder for en stor Deel besattes af Danske, ja endog alle Norske,som nød videnskabelig Opdragelse, oplærtes i Danmark og paa Dansk, og følgelig Dansk eller Kjøbenhavnsk Tale og Skrift omsider blev herskende hosos, var det naturligt, at vort Sprogs Nationalitet maatte gaae under. Hiin Umyndighedstid er svunden,og vi burde vise Verden, at vi ogsaa i denne,vistnok ikke uvigtige Sag – attraaede at være selvstændige.

Her skriv Aasen at Noreg treng eit eige nasjonalt språk for å bli skikkeleg fritt og sjølvstendig. Han skriv at det var naturleg at Noreg skreiv dansk då dei var i union med Danmark, men at no som Noreg er fritt, er det naudsynleg med eit eige skriftspråk. Det er veldig lett å sjå den nasjonalistiske retorikken i Aasen sin artikkel her. Heile artikkelen ligg gratis ute på nettet om nokon er interessert i å lese heile. Då Aasen skreiv dette var han berre 23år gammal. Dette visar at han tidleg var opptatt av språk.

Aasen var ikkje berre opptatt av norsk. Han las lærebøker og grammatikkar for tysk, fransk og engelsk. I tillegg hadde han latin då han gjekk på skulen. Han var også kjend med kva den kjende danske lingvisten Rasmus Rask hadde gjort for islandsk. Aasen lurte på kvifor det ikkje fantes nokre slike grammatikkar for norsk språk når andre språk hadde det. Dette gjorde at Aasen laga Sunnmørs-grammatikken, altså ein grammatikk for sunnmørsdialekta, den dialekta Aasen snakka sjølv. Denne grammatikken blei det første vitskaplege verket til Aasen.

Aasen lærte seg gammalnorsk, altså norsk frå byrjinga av vikingtida til 1300-talet. Han skaffa seg også solide kunnskapar i eldre norsk språkhistorie. Dette skulle han seinare bruka i arbeidet sitt med å byggja eit eige norsk skriftspråk. Han ville ha eit vitskapleg grunnlag for sitt eige norske skriftspråk: eit skriftspråk bygd på norske dialekter. Men først måtte han finna ut av kva for nokre dialekter han skulle byggja skriftspråket sitt på. På mange andre språk vel ein gjerne å byggja skriftspråket sitt på ei einskild dialekt, ofte hovudstadsdialekta. Aasen ville byggja skriftspråket sitt på fleire norske dialekter. Dette innebar at han måtte velja former og bøyingsmønster frå ei stor variasjon av dialekter.

Det var her det vitskapelege grunnlaget måtte inn. Aasen ønskte ikkje å berre velja tilfeldig kva trekk han skulle ta med frå dei ulike dialektene. Aasen valte å ta i bruk gammalnorsk som ei rettesnor for dei formene han skulle velje. Dette valet var bygd på Aasen sitt ønske om å visa at norsk hadde gamle røter frå før dansketida. Norsk og norske dialekter har røter til lenge før unionen med Danmark, og dette var viktig for Aasen å visa i sitt nye skriftspråk. Det var også ein måte å ta litt avstand frå den danske påverknaden i Noreg. Det var ein måte å visa at Noreg var sjølvstendig og no skulle me sjå tilbake til vår eiga historie for å finna vårt eige språk. Dette var ein del av den norske nasjonale ideologien i perioden. Aasen sitt arbeid var absolutt bygd på ein ideologi: At Noreg skulle vera ein eigen nasjon med eit eige språk.

Mellom 1842 og 1846 reiste Aasen rundt omkring i Noreg for å granska norske dialekter. Han skulle finna ord og bøyingar som han skulle bruka til den nye skriftspråket sitt. Han var først og fremst på stader på Vestlandet og i fjellbygdene på Austlandet. Han samla dette til to bøker som handla om ulike norske dialekter og deira grammatikkar. I 1853 prøvar han for første gong å laga eit eige norsk skriftspråk. Har prøvde han å skriva på ulike norske dialekter frå rundt omkring i landet. Han skreiv fleire småtekster på eit standardskriftspråk bygd på desse dialektene.

Sjølv om Aasen brukte ein vitskapleg metode for å laga skriftspråket sitt, så var ikkje dette eit nøytralt arbeid. Aasen hadde ikkje noko imot å bruka skildringar som «dei beste dialektene» og «fullkomne former». I tillegg styrte han bort frå bydialektene ettersom han meinte dei hadde for stor dansk påverknad. Det kan også sjå ut som om han ofte føretrakk dei vestnorske dialektene, kanskje fordi han kom frå Vestlandet sjølv. Det skriftspråket Aasen laga var difor først og fremst bygd på vestnorske dialekter og midlandsmål.

Aasen kalla det nye skriftspråket sitt for «landsmål». Namnet «landsmål» blei brukt sidan Aasen ønskte at skriftspråket skulle brukast i heile Noreg, altså vera eit skriftspråk for heile landet. Men kva synes nordmenn om det nye skriftspråket? Det var det stor usemje om. Folk var ueinige med kvarandre om «landsmål». Nokon meinte at det var for konservativt og for likt norrønt. Andre meinte at det ikkje var konservativt nok; dei ønskte eit norsk skriftspråk som var endå nærmare norrønt. I eit moderne perspektiv så er Aasen sitt originale skriftspråk veldig konservativt. Ettersom Aasen som regel brukte dei dialektsformene som var nærmast gammalnorsk, så vart språket nærmare norrønt. Seinare blei Aasen sitt «landsmål» modernisert og forma grunnlaget for det som er nynorsk i dag.

Aasen er derimot ikkje berre kjend for sitt arbeid med å laga landsmål. Han er også kjend for bruken sin av det nye skriftspråket. Ein av grunnane til at landsmålet til Aasen blei så stort som det blei var at Aasen var veldig flink til å ta i bruk det nye skriftspråket. Han viste korleis ein kunne bruka det nye språket til å skriva litteratur. Aasen er framfor alt kjend for sin lyrikk. Det mest kjende verket hans er nok truleg «Nordmannen» frå 1863. Dette er eit svært kjent dikt i Noreg i dag som også har blitt ein song. Dei aller fleste i Noreg kan den første strofa:

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Nordmannen fenget sin Heim,

der han sjølv heve Tufterna gravet

og sett sjølv sin Hus uppaa deim.

Aasen sine dikt er inspirert av folkediktinga. Det vil seie at han ofte bruker folkelege talemåtar. Han uttrykker seg på ein knapp og klar måte i dikta sine. I «Nordmannen» feirar Aasen det norske og Noreg, men på ein ganske dempa måte. Diktet får fram det røffe og tøffe med å bu i Noreg. Det er ikkje alltid like lett å bu i Noreg, men nordmannen fant sin heim der. Det er eit land med bakkar og berg. I seinare strofer får ein også eit innblikk i kor vêrhardt Noreg kan vera. Noreg kan vera eit land med mykje forskjellig vêr. Vêr og vind. Men nordmannen er framleis glad i dette landet.

I eit internasjonalt perspektiv var Aasen sitt arbeid ganske eksepsjonelt. Det var nok derimot ikkje tilfeldig at Aasen gjorde dette arbeidet i akkurat denne perioden. Det var ein internasjonal trend på midten av 1800-talet at fleire land systematiserte språka sine og laga skriftspråk for dei dersom det ikkje fantes frå før. For eksempel skjedde dette med færøysk og kroatisk. Dette var ein del av trenden om at språkforskarar støtta nasjonsbygginga i ulike nasjonar rundt omkring i Europa.

Det som var spesielt med Aasen sitt landsmål var at det ikkje var bydt på talemålet til ein sosial og økonomisk elite som i mange andre land. Landsmålet var bygd på talemålet til heilt vanlege folk rundt omkring i Noreg. Dette var ikkje baronar, keisarar eller kongar. Nei, det var norske bønder og arbeidsfolk. Aasen gjorde mesteparten av arbeidet sitt på den norske landsbygda. Det er ganske unikt i eit internasjonalt perspektiv.

Likevel skal me ikkje overdriva kor unik Aasen var. Han har mykje til felles med andre personar som gjorde liknande reiser som han i andre land. Samstundes som landsmålet blei nedskriven og forma var det fleire enkeltpersonar som vitskapleg reiste rundt og studerte sine nasjonale språk i Tsjekkia, Slovakia, Slovenia og Ukraina, til dømes.

I Noreg er Ivar Aasen i dag båe ein helt og ein bitter fiende, alt etter kven eit spør. Nokon elskar han, andre hatar han, alt etter kva ein synes om nynorsk. Landsmålet til Aasen blei til nynorsken i dag, eit av dei to skriftspråka i Noreg. Hans arbeid la grunnlaget for vårt eige norske skriftspråk, men det gjorde også at me i Noreg i dag har to skriftspråk for same språk, noko som er ganske unikt. Landsmålet til Aasen har nok også vert med å påverka utviklinga til det som skulle bli riksmål og seinare bokmål, det største skriftspråket i Noreg i dag. Uansett kva ein synes om nynorsk, så er det utan tvil veldig imponerande det arbeidet Aasen gjorde då han reiste rundt for å samla dialekter og seinare bygde sitt norske skriftspråk på desse.

Det var alt for denne episoden. Om de har nokre tilbakemeldingar eller spørsmål kan de senda dei til meg via epost. Epostadressa finn de i deskripsjonen. Elles håpar eg å sjå dykk i neste episode. Ha det bra!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *