92 – Stereotypiar om Noreg og nordmenn

Stereotypiar er forenklingar og generaliseringar som me må ver på vakt for. Dei kan ofte vera basert på anekdotar eller feiloppfatningar. Likevel kan det av og til vera litt sanning i dei, sjølv om det finnes store individuelle forskjellar blant folk. I denne episoden skal me snakka om stereotypiar om Noreg og nordmenn. Stereotypiar blir som oftast bestemt av dei som lagar dei, og då er dei også avhengige av dei som held stereotypiane. Amerikanarar har nok andre stereotypiar om Noreg og nordmenn enn det tyskarar har. Men også dette er jo ein stereotypi frå mi side. Eg har i alle fall funne stereotypiane frå engelskspråkleg media og kjem til å diskutera desse litt nærmare. Nokre av stereotypiane er om Noreg medan andre er om heile Skandinavia.

86 – Den engelske trusselen på norske universitet

Engelsk blir meir og meir vanleg på norske universitet. Det er viktig å kunne engelsk for å studera i Noreg. Faktisk er det viktig å kunne engelsk sjølv om ein studerer fag som blir underviste på norsk. Mange er redde for at dette kan svekka posisjonen til norsk på lang sikt. For eksempel kan det gjera det vanskelegare å utvikla eit fagspråk på norsk om norsk ikkje blir brukt på universiteta. Universiteta har eit viktig ansvar når det kjem til å utvikla eit norsk fagspråk i ulike spesialitetar. Om me mistar det så kjem også norsk til å bli eit fattigare språk. Difor er det heilt essensielt at me tek vare på norsk som eit universitetsspråk.

81 – Skulesystemet i Noreg

Det norske skulesystemet er bygd opp i to hovuddelar: Grunnskulen og vidaregåandeskule. Grunnskulen går frå 1. til 10. klasse og er obligatorisk for born mellom 6 og 16år. Grunnskulen er altså ikkje berre ein rett, men det er ei plikt. Alle born i Norge må gjennom minst desse 10 åra med skulegang.

73 – Ivar Aasen

Ivar Aasen er nok den mest kjende norske språkforskaren i Noreg. Han levde frå 1813 til 1896 og kom frå Ørsta som ligg i fylket Møre og Romsdal, nord på Vestlandet. Han er kjend for å ha laga fundamentet for det som skulle bli nynorsk. Han reiste rundt i Noreg, samla inn trekk frå ulike dialekter og laga eit nytt norsk skriftspråk ut av det, nynorsk. I denne episoden skal me sjå litt meir på Ivar Aasen og det arbeidet han gjorde, men først må me veta litt meir om konteksten bak. Me må veta korleis språksituasjonen i Noreg var på 1800-talet.

69 – Fedme

Fedme tyder sjukeleg overvekt og er eit stadig aukande problem i verda. Stadig fleire i båe Noreg og verda blir sjukeleg overvektige. For eksempel visar studiar at kvar femte person i Noreg kjem under kategorien fedme dersom ein tek utgangspunkt i KMI, eit mål for overvekt. Faktisk har heile 5% av alle menn og 7% av alle kvinner i aldersgruppa 40-45år i Noreg ein KMI på over 35, noko som er fedme grad II også kalla alvorleg fedme. Fedme førar til større sjanse for diabetes type 2 og andre hjarte og kar sjukdommar. Personar som er sjukeleg overvektige døyr i gjennomsnitt tidlegare, har fleire komplikasjonar med sjukdommar, og har større vanskar med å bevega seg. I denne episoden skal me sjå litt meir på fedme, årsakene til alvorleg overvekt og litt av konsekvensane. Først skal me definera fedme.

2.10 – Norse Mythology Today

Norrøn mytologi har vore viktig i å forma norsk kultur. For eksempel kjem dette fram i språket. På norsk kjem mange av vekedagane frå norrøne gudar. Tysdag (den andre dagen i veka) kjem frå Tyr. Det er Tyr sin dag. Tyr er krigsguden i norrøn mytologi. Han bestemmer kven som vinn i slag. Onsdag kjem frå Odins dag. Torsdag er då Tor sin dag. Fredag er Frigg sin dag. Frigg er kona til Odin.

61 – Jæren

Jæren er ein region som ligg i fylket Rogaland, sør-vest i Noreg. I Noreg er det 11 fylker og Rogaland er ein av desse. Eit fylke er delt inn i fleire mindre administrative einingar kalla for kommunar. I Rogaland er det 23 kommunar. Jæren er ikkje ein administrativ eining i Rogaland. Det er ikkje éin kommune, men er eit område som består av fleire kommunar. Det er først og fremst dei tre kommunane Hå, Klepp og Time som er Jæren. Kommunane Sandnes, Stavanger, Sola og Randaberg blir ofte kalla for Nord-Jæren, men det er ikkje heilt det same. Folk frå Nord-Jæren kallar seg ikkje for jærbuar og dei snakkar ikkje jærsk, dialekta på Jæren. Det er altså eit skilje frå landet og byen. Sandnes og Stavanger er meir urbaniserte områder enn Jæren. Jæren er meir landleg.

60 – Svalbard globale frøkvelv

Det globale frøkvelvet på Svalbard var Noregs gove til verda. Det blei kalla for dommedagskvelvet. Eit kvelv er eit rom som er sikra godt mot ver, vind, brann og innbrot. Det er laga for å vera trygt. Det som skal vera inni eit kvelv skal vera trygt. Frøkvelvet på Svalbard er eit bygg som oppevarar frø frå heile verda slik at det skal vera trykt, sjølv om morplanten døyr. Sjølv om krig, klimaendringar eller terror skulle øydeleggje ein plante eller andre genlager, så skulle desse frøa vera trygge på Svalbard. Genbanken på Svalbard skal gjera at me tar vare på mangfaldet vårt, sjølv om noko drastisk skulle skje. Det gjer det mogleg å byggja seg opp igjen. Det er difor det heiter dommedagskvelvet. Kvelvet skal sikra oss mot dommedag.

54 – Norrøn mytologi: Skapinga

I følgje norrøn mytologi var det berre eit stort gap i byrjinga. Dette gapet var ei djup kløft, altså ein stad der det går nedover. Gapet heiter Ginnungagap. Det var fullt av kraft som var viktig for skapinga. Skapinga av verda skjedde ved at varm og kald luft møtte kvarandre i Ginnungagap. Når den kalde og den varme lufta møtte kvarandre, blei det første vesenet skapt. Eit vesen er ein levande skaping. Den første skapinga i verda var urjotunen Yme. Jotnane er motsettinga til gudane i norrøn mytologi; dei er på ein måte fiendane til gudane. Likevel ser vi her at jotnane vart skapt før gudane.