61 – Jæren

12 april 2021 | 22 minutes

Episode’s Transcript

Heihei! I dag blir det ein episode på dialekt. Kanskje det er litt vanskelegare, men eg trur også det er god læring i det. Ein lærar mykje av å høyra på dialekt. I tillegg måtte eg nesten snakka på mi eiga dialekt når eg skal snakka om min heimstad. Elles må eg berre nemna Patreon, der kan de støtta podkasten.1. Teksten finn de på nettstaden. Alt er i deskripsjonen. No, la oss begynna med episoden.

Jæren er ein region som ligg i fylket Rogaland, sør-vest i Noreg. I Noreg er det 11 fylker og Rogaland er ein av desse. Eit fylke er delt inn i fleire mindre administrative einingar kalla for kommunar. I Rogaland er det 23 kommunar. Jæren er ikkje ein administrativ eining i Rogaland. Det er ikkje éin kommune, men er eit område som består av fleire kommunar. Det er først og fremst dei tre kommunane Hå, Klepp og Time som er Jæren. Kommunane Sandnes, Stavanger, Sola og Randaberg blir ofte kalla for Nord-Jæren, men det er ikkje heilt det same. Folk frå Nord-Jæren kallar seg ikkje for jærbuar og dei snakkar ikkje jærsk, dialekta på Jæren. Det er altså eit skilje frå landet og byen. Sandnes og Stavanger er meir urbaniserte områder enn Jæren. Jæren er meir landleg.

Me kjem til å fokusera mest på ekta Jæren, altså Hå, Time og Klepp. Sjølve geografien på Jæren og Nord-Jæren, altså i Sandnes og Stavanger, er ganske like. Det er veldig flatt og få fjell. Dette er grunnen til at me ofte seier Nord-Jæren sidan det geografisk liknar på Jæren. Likevel er det tydelege kulturelle skilnadar mellom Nord-Jæren og Jæren. På Jæren snakkar me breiare dialekt, altså me har ei dialekt som skil seg meir frå bokmål. I tillegg er det eit tydelegare landleg preg over Jæren. På Jæren er det mykje jordbruk.

I tillegg til Hå, Time og Klepp så blir av og til kommunen Gjesdal også rekna til Jæren. Gjesdal ligg litt lenger inni landet, medan Hå, Time og Klepp ligg rett med sjøen. I tillegg er geografien litt annleis i Gjesdal samanlikna med Hå, Tim og Klepp; det er litt meir fjell og innsjøar i Gjesdal. I Hå, Time og Klepp er det veldig flatt.

Då veit me altså kor Jæren er. Det er eit området som består av tre kommunar, Hå, Time og Klepp, som ligg ved kysten av Noreg. Det ligg på Sør-Vestlandet i fylket Rogaland. Jæren ligg rett sør for Stavanger som er den fjerde største byen i Noreg. Dersom me jærbuar skal forklara kor me kjem frå til utlendingar, så seier me ofte at me kjem frå Stavanger. Det er den nærmaste store byen.

Jæren er verken veldig stort eller veldig lite. Det bur ca. 60,000 folk til saman på Jæren, ca. 20,000 i kvar av dei tre kommunane. Området er ca. 550 kvadratkilometer stort. Oslo er 450 kvadratkilometer stort, så Jæren er litt større enn heile Oslo. Jæren er altså ikkje veldig stort i areal eller folketal, men det er heller ikkje veldig lite. Grunnen til at eg lagar ein episode om Jæren er at eg kjem derifrå. Eg kjem frå Jæren. Endå meir presist så kjem eg frå Hå kommune som ligg sør i Jæren.

Namnet «Jæren» kjem frå det norrøne ordet jaðarr og betyr «kant». Det refererer til at Jæren er ein kant ved havet. Det er veldig tydeleg om du ser på eit kart over Jæren. Då kan du sjå at det ligg som ein kant mot havet. Dette havet er då Nordsjøen. Det er tydeleg å sjå at Jæren ligg som ein kant mot sjøen ettersom det nesten ikkje er øyer utanfor kysten. Langs jærkysten er det nesten ikkje øyer.

Som eg har sagt tidlegare er det veldig lite stigning på Jæren. Det er veldig flatt på Jæren. I tillegg er det veldig god og frodig jord på Jæren. Det er mykje mineral i jorda på Jæren. Blandinga av god jord og at det er veldig flatt har gjort Jæren til eit av dei beste landbruksområda i Noreg.  På Jæren er det difor mykje jordbruk og bønder. Landbruket, det tyder det same som jordbruk, er ein av dei viktigaste næringane på Jæren. Jæren produserer mykje av gulerøtene, potetene og andre grønsaker som blir selde til resten av landet. I tillegg ligg eit av Nordens største gartneri på Jæren. Det heiter Miljøgartneriet og er 77,000 kvadratmeter stort. Der blir det produsert for eksempel tomat og paprika. Eg har sjølv hatt sommarjobb på Miljøgartneriet og plukka tomatar der.

Me har veldig god jord på Jæren og eit flatt landskap, så ein ville tru at dette var eit veldig viktig område i norsk historie. Før i tida var det tross alt dei beste jordbruksområda som var dei viktigaste områda i landet. Nesten all næringsliv var knytt til jordbruket før 1800-talet i Noreg. Så og sei alle i Noreg var bønder. Likevel var jordbruksjorda veldig dårleg utnytta her på Jæren fram til midten av 1800-tallet. Det var mykje stein i jorda og mykje myr og vatn i tillegg. Store delar av den gode jorda på Jæren vart difor ikkje dyrka før på midten av 1800-talet. I denne perioden byrja ein då å rydda bort stein og drenera myrer. Å drenera ei myr tyder å tappa vatnet bort. Altså få vatnet bort frå myra slik at det er mogleg å bruka den til å dyrka på.

2005Jordbruk på Jæren i Rogaland. Kornballer. Traktor i arbeid. Kuer i bakgrunnen.Foto: Kai Jensen / SCANPIX

Det blei mogleg å drenera myrer og flytta stein meir effektivt på grunn av ny teknologi og nye maskinar. Dette har gjort Jæren til ein av dei beste jordbruksområda i Noreg. I dag er det særleg husdyra som er viktige på Jæren. Husdyr er for eksempel kyr, sauer og gris. 21% av all avlssvin, altså griser ein bruker til å avla fleire grisar med, er på Jæren. Jæren har også 5,7% av alle sauene og 10,5% av alle kyrne i Noreg. Hugs at Jæren berre er 0,5% av landarealet i Noreg. Det er altså ikkje veldig stort.

Eg kjem altså frå eit område i Noreg der jordbruket står veldig sentralt. Jordbruket er framleis veldig viktig på Jæren. Likevel finnes det også mange andre næringar på Jæren. Dei aller fleste på Jæren er ikkje bønder. Det er berre ein liten del av folketalet på Jæren som er bønder. I min klasse på barneskulen trur eg berre det var ein odelsgut. Odelsgut vil sei ein son av ein bonde som har rett til å arva garden.

Mykje av industrien på Jæren er tett knytt til jordbruket. For eksempel finnes det mange meieri, stader der ein produserer mjølk og ost, slakteri og produsentar av landbruksreiskap og maskinar som traktorar. Likevel er ikkje alt på Jæren knytt til jordbruket. Faktisk er industrien knytt til olja ein av dei viktigaste på Jæren. Som de kanskje veit blir ofte Stavanger kalla for oljehovudstaden i Noreg. Det finnes mykje olje i Nordsjøen utanfor Stavanger og Jæren. Mykje av industrien knytt til olja finnes difor i Stavanger og på Jæren.

No har de fått eit godt inntrykk av næringane me finn på Jæren. Altså kva ein lev av der i Noreg. Me på Jæren er stolte av å vera ein av dei viktigaste jordbruksområda i Noreg. Når eg kjenner lukta av hevding på våren og sommaren, då veit eg at eg er heima på Jæren. Hevd er gjødsel laga av ku-bæsj. Det er altså driten til kyrne som ein spreiar ut på jordene for at jorda skal bli næringsrik. Eg elskar denne lukta. Det høyrest kanskje sjukt ut, men for min del forbind eg denne lukta med vår og sommar. Når ein byrja å kjenne lukta av hevd, altså gjødslinga, då veit ein at våren her.

La oss gå litt vidare og sjå på geografien på Jæren. På Jæren er det flatt, veldig flatt. Sannsynlegvis er det eit av dei flataste områda i heile Noreg. Om du køyrer langs vegane på Jæren vil du ha ein uendeleg stor himmel ovanfor deg. Det er ingenting som blokkerer himmelen, og på fine solskinsdagar strekk den blå himmelen seg uendeleg langt langs Jærlandskapet.

Det flate landskapet ender i havet med lange og vakre sandstrender. Langs Jærkysten finn ein nokre av dei vakraste strendene i heile Noreg. Faktisk er Jæren eit av få områder i Noreg med strender. Det meste av kysten langs Noreg er steinete med knausar, berg og holmar. Langs Jærkysten er det lange, kvite sandstrender. Faktisk finn ein dei lengste sandstrendene i Noreg på Jæren. Den lengste sandstranda i Noreg er Orrestranda. Den er 5km lang, men den er berre ein av mange strender langs Jæren. Det er utruleg fint å gå langs strendene på Jæren og sjå solnedgangen. Eg har også jogga langs kysten av Jæren på strendene våre. Det var ein 64km lang tur på veldig tungt underlag, sand, myr og stein. Turen tok 10 timar og er nok det tyngste eg har gjort, men det var veldig kjekt å sjå noko av den vakraste naturen Jæren har å tilby.

Sandstrendene blir ikkje berre brukt til tur. På sommaren er det mange som reiser til strendene for å sola og kosa seg. Problemet er berre at det ikkje er så veldig mange dagar i løpet av eit år med over 20 grader. I juli er gjennomsnittstemperaturen 13-14 grader på Jæren. Det er varmt nok det, men som regel ikkje varmt nok til å sitta stille og sola seg på ei vindfull strand. Likevel er det veldig fint når det først blir varmt og godt. Me har så mykje strand på Jæren at det aldri er problem med å finna ein plass for seg sjølv. Dei overfylte strendene med alt for mange folk er ikkje eit problem på Jærstrendene.

Jæren er også kjent for surfing. Langs kysten er det gode moglegheiter for surfing. Faktisk er Jæren eit av dei beste surfeområda i Noreg. Eg har sjølv surfa på Jæren og det var veldig fint. I 2017 blei det arrangert europameisterskap i surfing på Borestranda på Jæren. Det var første gong surfe-EM var i Skandinavia. Så om du liker surfing så er Jæren ein fin stad å reisa i Noreg.

Surfing på Jæren | Sailing & Boat Activities | | Norway

Ut ifrå det eg har sagt høyrest kanskje Jæren ut som verdas finaste og beste stad. Det finnes likevel mindre kjekke sider ved Jæren også. For eksempel bles det heile tida. Eg trur Jæren må vera den mest forblåste staden i heile Noreg, om ikkje heile verda. Vinden står så og sei aldri stille på Jæren. Vindstille på Jæren er ikkje det same som vindstille andre stader i Noreg. Eg hugsar ofte at eg måtte kjempa mot motvinden når eg skulle sykla til og frå skulen. Av og til var det heilt utmattande å sykla berre den eine litle kilometeren frå skulen og heim på grunn av den sterke vinden.

I tillegg bør du styre unna Jæren om du liker vinter og snø. Det snør veldig lite på Jæren. Det er ikkje på grunn av lite nedbør, men faktisk fordi det er så mildt på Jæren. På Jæren er det nesten aldri kaldt og nesten aldri varmt. Det er sjeldan det blir kaldare enn minus fem grader på vinteren. Talet på snødagar er også ganske lågt på Jæren. Til vanleg er det kanskje bitte litt snø i desember, men nesten aldri kvit jul. Det meste av snøen kjem i januar og februar, og det er sjeldan at snøen held seg meir enn eit par dagar i strekk. På Jæren finnes det nesten ikkje skimoglegheiter heller.

Somrane er heller ikkje så veldig varme. Me har veldig få dagar med temperaturar på over 20 grader. Til vanleg ligg temperaturen rundt 15 grader på høg-sommaren. Eg hugsar at topptemperaturen heime sist juli (sommaren 2020) var berre 16,8 grader. Altså, det varmaste det blei, det absolutt varmaste i heile juli, 2020 var berre 16,8 grader. Jæren er altså mildt, men aldri varmt.

Men eg elskar denne staden uansett. Det er dette som er heime: Sandstrender, jordbruk, traktor, lukta av kumøkk, vinden i andletet, dialekta vår, familie, venner og ufatteleg mange minner. Eg elskar Jæren.

6 Replies to “61 – Jæren”

  1. Takk for podcasten og det fine bilder!
    Hva heter egentlig sangen og sangeren?

    Vennlig Hilsen
    Marie ☺️

  2. Tusen takk! Kaizers Orcherstra er fra Jæren også, ikke sant? Jeg hørte dialekten før, det er veldig pent 🙂 Jeg kommer til å sende deg noe på Patreon når jeg kan.

  3. Endelig en mann som orker å prate jærsk tydelig og sakte!
    Tusen takk for en fin podkast.

    Hilsen fra en som har fått jobb i Jæren og sliter med dialekt veldig.

    1. Haha, det er ikke den letteste dialekta nei. Du må bare fortsette å høre mye på jærsk, så vil det komme etter hvert. Masse lykke til 🙂
      (Kan forøvrig anbefale intervjuene med Ivar og med Ole om du har lyst til å høre mer jærsk).

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *