60 – Svalbard globale frøkvelv

05 april 2021 | 21 minutes

Episode’s Transcript

Heihei! Ny episode i dag. Hugs Patreon.1. Hugs teksten på nettstaden. Epost dersom du ønsker å ta kontakt med meg. Alt i deskripsjonen. No, episoden.

Det globale frøkvelvet på Svalbard var Noregs gove til verda. Det blei kalla for dommedagskvelvet. Eit kvelv er eit rom som er sikra godt mot ver, vind, brann og innbrot. Det er laga for å vera trygt. Det som skal vera inni eit kvelv skal vera trygt. Frøkvelvet på Svalbard er eit bygg som oppevarar frø frå heile verda slik at det skal vera trykt, sjølv om morplanten døyr. Sjølv om krig, klimaendringar eller terror skulle øydeleggje ein plante eller andre genlager, så skulle desse frøa vera trygge på Svalbard. Genbanken på Svalbard skal gjera at me tar vare på mangfaldet vårt, sjølv om noko drastisk skulle skje. Det gjer det mogleg å byggja seg opp igjen. Det er difor det heiter dommedagskvelvet. Kvelvet skal sikra oss mot dommedag.

Svalbard er ei øy som ligg nord for Noreg. Den ligg ca. 600 kilometer nord for fastlands-Noreg. Øya er på storleik med Troms og Finnmark, men litt mindre. Det bur omlag 3000 menneskje på Svalbard, og nesten av alle av dei bur i Longyearbyen. Svalbard ligg veldig langt nord. Longyearbyen ligg heile 78 grader nord. For å samanlikna så er det like langt nord som morddelen av Grønland. Grunnen til at det globale frøkvelvet er lagt her er at det er permafrost i bakken heile året. Permafrost tyder at det er frost i bakken heile året. Frø klarar seg best når dei er frosne. Det gjer at sjølv om straumen skulle ryke i kvelvet, så vil det vera frost der. Frøa vil vera frosne sjølv om straumen ryk.

Ein annan grunn til å ha dette kvelvet på Svalbard er at det ligg ganske isolert til, samtidig som det er godt utbygd infrastruktur for å koma seg der frå Noreg. Svalbard er dermed eit usannsynleg mål i ein global krig, konflikt eller terrormål. Det er altså lett nok å frakta frøa der, men ligg samtidig isolert og avsidesliggjande til. Ein annan grunn til å ha det på Svalbard er at øya ikkje er hyppig utsett for jordskjelv eller andre naturkatastrofar. Det er altså ein kald, fredeleg og litt isolert stad som passar godt for å halda ting sikre.

Det var Cary Fowler som foreslo genbanken på Svalbard. Han var ein amerikansk professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, ein stad litt sør for Oslo. I 2004 reiste han til Svalbard og innsåg at dette ville vera ein perfekt stad for å lagra frø frå ulike delar av verda. Sidan me ikkje veit kva slags plantar som kjem til å tåla klimaendringar og framtidas sjukdommar best, er det greitt å ha eit slikt lagar tilgjengeleg. Det fantes allereie slike genbankar rundt omkring, men mange av dei var sårbare. Dei var truga av krig, naturkatastrofar og dårleg drift. Mange ønska ein trygg stad å lagra sikkerheitskopiar av alle frøa. Svalbard var perfekt ettersom det er fredeleg, kaldt og har stabil straumforsyning.

Fowler foreslo å byggja ein slik genbank på Svalbard. Dette blei godt motteke i Noreg. Noreg ønskte å bruka dette til å styrka ryktet sitt. Prosjektet blei skildra som ein måte å styrka og bevara Noregs integritet og truverd. Truverd vil seie kor mykje noko eller nokon er til å stola på. I tillegg ville ein at genbanken skulle gje positiv merksemd til Noreg og Svalbard.

I 2006 blei det bestemt at bygget skulle stå ferdig på eitt år. Det stod i kontrakten at bygget skulle stå ferdig på eitt år. I tillegg er det praktisk å byggja innan same sesong. I tillegg var det fleire krav til kvelvet; det skulle vera fint å sjå på og liggja diskré i landskapet. Diskré tyder å vera moderat og kanskje litt forsiktig og skjult. Ein ville altså at kvelvet skulle liggja litt skjult i landskapet. I tillegg skulle det tåla krig, terrorisme og naturkatastrofar i eit tilnærma uendeleg tidsperspektiv. Og alt dette skulle byggjast på nokre få månadar. Dette gjorde at ein ikkje hadde moglegheit til å gjera  undersøkingar av bakken og grunnen som det skulle byggjast på. Det er gruver i områder som ein ikkje hadde hatt nokre problem med, så ein antok at det ikkje ville vera eit problem.

Det skulle visa seg at det blei meir problematisk enn ein hadde sett føre seg. Den stramme tidsfristen var problematisk og førde til problem seinare. Dette skal me sjå meir på vidare i episoden, men først la oss sjå på sjølve kvelvet og frøa der.

I 2007 blei kvelvet bygga. Det ligg litt utanfor Longyearbyen ved ein veg. Bygget har ein opning som er synleg utanfor, men sjølvet hallane med frøa i, ligg inni bakken. Det er altså berre opninga som er synleg utanfrå. Bygget stod ferdig i 2007 og opna i 2008. På opninga var det invitert politikarar, forskarar og kjendisar. Den dåverande statsministeren i Noreg, Jens Stoltenberg, talte for dei frammøtte. Det var i slutten av februar i 2008. Statsministaren sa at dette var eit moderne Noahs ark. Noregs initiativ blei hylla rundt omkring i verda. Mange ønskte å besøka dette kvelvet, alt frå journalistar, politikarar, kjendisar og forskarar.

Kvelvet består av tre hallar på til saman 1000 kvadratmeter. I dag er det berre éin av hallane som er i bruk. Dei andre kjem til å brukast når den første er full. Desse hallane ligg inst i kvelvet. Der har ein sprengt ut fjellet og frøa ligg dermed i permafrosten. Denne permafrosten held 3-4 minusgrader, og det skal sikra at frøa alltid blir oppbevarte i minusgrader, sjølv om frysesystema skulle bli øydelagde. Frysesystema held no ein temperatur på -18 grader inni halane med frøa.

Frøkvelvet kan innehalda rundt 3 millionar forskjellige typar frø. Dette er duplikatfrø frå andre land sine genbankar, altså kopiar av andre land sine genbankar. No finnes det frø frå meir enn 4000 planteartar, som for eksempel viktige matplanter som bønner, kveite og ris. Desse kan vera viktige dersom nokre av desse typane skulle døy ut av ein eller annan grunn. I tillegg finnes det frø frå 230 trua orkidésortar frå Myanmar. Altså er det mykje forskjellig. Frøa som blir sende inn blir eigt av den genbanken som sende frøa. No er det omlag 1,000,000 frø på Svalbard som representerer 13,000 år av jordbrukshistorie og som kjem frå heile verda. Det første kvelvet er altså snart fullt med frø, men det er då plass til to millionar fleire frø til saman i dei to andre hallane.

Frøkvelvet vart bygd av den norske stat og kosta 45 millionar kroner å byggja i 2008. Dette var omtrent 8,8 millionar dollar i 2008. Staten samarbeider med Nordisk Genressurssenter og Global Crop Diversity Trust for å finansiera den daglege drifta av anlegget. Å lagra frø kostar ingenting for dei som sender frøa, og det er dei som sender frøa som eig dei. Dette gjer det veldig lukrativt å senda frø til Svalbard; det kostar ingenting, og du kan få tilbake frøa når du treng dei. Staten og samarbeidspartnarane betalar for kostnadane med å senda frøa og lagra dei. Me har tross alt alle nytte og ønske om å bevara desse frøa.

Frøkvelvet kom faktisk til nytte under den syriske borgarkrigen. Då krigen braut ut i Syria i 2011, så sendte genbankar i Syria syriske frø til Svalbard for å halda dei trygge frå krigen. I 2015 blei desse frøa henta tilbake til Syria slik at ein kunne planta dei igjen i dei fredelegare delane av Syria. I 2017 sende Syria nye frø frå plantene som vart dyrka til Svalbard igjen. Dette var for å halda dei trygge. Kanskje kunne nokre av desse plantene gått tapt dersom dei ikkje hadde blitt lagra på Svalbard?

Men sjølv om frøkvelvet på Svalbard no har veldig godt rykte på seg og blitt verdskjent, så har det ikkje vore problemfritt. Jorda over inngangstunnelen ville ikkje frysa som ein trudde det kom til å gjera. På grunn av at ein ikkje hadde gjort ein skikkeleg analyse av området og grunnen før ein byrja å byggja, så såg ein ikkje at dette skulle vera eit problem før alt var bygd. Problemet var at jorda oppå inngangspartiet, altså ved porten der ein gjekk inn, ikkje villa frysa etter at bygget stod ferdig. Dette gjorde at det kom vatn inn i kvelvet. Vatn smelta og kom inn i kvelvet. Området var også fuktigare enn ein hadde trudd. Kvelvet hadde kanskje blitt bygd litt for kjapt og no kom problema.

Kva var problemet med at vatn seig inn i tunnelen? Vel, det gjorde at inngangsrøret, altså gangen frå inngangen til kvelvet og sjølve hallane der frøa låg, kanskje ikkje var stabil. I verste fall kunne den bryta saman dersom det skulle skje noko dramatisk, for eksempel ein regnstorm eller liknande som kunne føra til at mykje vant kom inn i anlegget. I 2016 skjedde noko slik. 2016 var det varmaste og våtaste året som var målt nokon gong på Svalbard. I oktober 2016 kom det plutseleg eit kraftig regnvêr til Svalbard, noko som gjorde at store mengder med vatn rant ned i tunnelen og vidare inn i det tekniske rommet. Pumpene ein hadde installert for å pumpa ut vatn, blei slått ut av drift då det eklektiske anlegget blei øydelagt av vatnet.

No kunne ein altså ikkje pumpa ut vatn frå kvelvet. Brannvesenet på Svalbard måtte rykka ut for å pumpa bort vatnet og tømma tunnelen for vatn. Vatnet nådde aldri frøa. Men berre nokre veker seinare skjedde akkurat det same. Eit endå kraftigare uvêr gjorde at regnvatn fløyma inn i tunnelen. Ein måtte pumpa ut over ein million liter med vatn. Etter hendinga sa ein at det aldri var fare for at frøa kom til å bli skada, men det var utvilsamt ikkje bra for rykte til kvelvet og Noreg at vatnet hadde kome så nære.

Kva hadde skjedd dersom brannvesenet ikkje kunne ha rykka ut for å pumpa ut vatnet? Kanskje vatnet då hadde kome til å frøa og øydelagt delar av dei? Kva hadde skjedd med rykte til kvelvet og til Noreg? Dette skulle vera eit dommedagskvelv som skulle tåla alt. Kvelvet skulle kunne overleva mange tiår utan menneskeleg vedlikehald. Hendingane i 2016 viste at dette ikkje var sant. Kvelvet var blitt avhengig av elektrisitet og pumper. Og dersom pumpene blei øydelagde trengde ein menneskjer til å pumpa ut vatnet. Og kunne slike hendingar øydeleggja heile bygget? Var anlegget trygt for menneskje og frø? Situasjonen var langt meir kritisk enn det ein sa offentleg.

Desse hendingane i 2016 var viktige. Dei var alvorlege nok til å få staten til å ta drastiske tiltak, men utan at det skada Noregs og kvelvets omdømme for mykje. Kvelvet var framleis prestisjetungt; det er den største genbanken i verda. Og no var målet å også gjera den til den tryggaste. I løpet av 2018 og 2019 blei det laga ein ny vasstett inngangstunnel slik at vatn ikkje skulle koma inn i kvelvet og anlegget. I tillegg blei det bygd eit separat servicebygg for kvelvet ved sidan av på 180 kvadratmeter. Oppussinga av kvelvet var svært naudsynt, men det var ikkje billig. Oppussing tyder å fiksa og forbetra noko. Det kosta 190 millionar kroner å pussa opp kvelvet. Altså fire gonger meir enn det kosta å byggja det.

Men no var anlegget tett. No skulle frøkvelvet vera alt det den lova: eit trygt lager for alle verdas frø.

Frøkvelvet er utvilsamt tryggare no enn det var før, men likevel veit ein ikkje kva som kjem til å skje om 50, 100 eller 200 år. Ettersom det blir varmare, så blir den arktiske regionen viktigare geostrategisk. Dersom Nordaustpassajen kan opnast for skipsfart frå Europa til Asia, så kan Svalbard bli langt viktigare enn det øya er i dag. Kven veit då korleis det geostrategiske bilete kjem til å sjå ut? Kanskje øya Svalbard som no er ganske isolert og avsidesliggande kjem til å bli eit viktig knytepunkt for skipsfart om 200år? Blir det då meir utsett for krig og konfliktar? Vil Svalbard vera ein trygg stad å ha frø i 2200?

Tja, kven veit. Det er  no i det minste ein trygg stad å ha frøa frå heile verda no i 2021.

Det var alt for denne episoden. Dersom du har lyst til å ta kontakt med meg, kan du gjera det via epost. Epostaddressen finn de i deskripsjonen under. Ha det bra.

2 Replies to “60 – Svalbard globale frøkvelv”

  1. Det er gøy! I dag har vi snakket om frokvelven i engelsk kurset på skolen! Så jeg hadde mye å fortelle. Takk for deg!

    1. Så morsomt! Kjekt å se at noe av materialet fra podkasten er nyttig i en skolesammenheng også.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *