69 – Fedme

07 juni 2021 | 14 minutes

Episode’s Transcript

Heihei! I denne episoden skal me snakka om fedme som tyder sjukeleg overvekt. Før me gjer det vil eg berre kjapt nemna Patreon.1. Der kan de støtta podkasten. Eg sett veldig pris på dei av dykk som allereie har valt å gjera det. Elles finn de teksten til episoden på nettstaden til podkasten. La oss byrja!

Fedme tyder sjukeleg overvekt og er eit stadig aukande problem i verda. Stadig fleire i båe Noreg og verda blir sjukeleg overvektige. For eksempel visar studiar at kvar femte person i Noreg kjem under kategorien fedme dersom ein tek utgangspunkt i KMI, eit mål for overvekt. Faktisk har heile 5% av alle menn og 7% av alle kvinner i aldersgruppa 40-45år i Noreg ein KMI på over 35, noko som er fedme grad II også kalla alvorleg fedme. Fedme førar til større sjanse for diabetes type 2 og andre hjarte og kar sjukdommar. Personar som er sjukeleg overvektige døyr i gjennomsnitt tidlegare, har fleire komplikasjonar med sjukdommar, og har større vanskar med å bevega seg. I denne episoden skal me sjå litt meir på fedme, årsakene til alvorleg overvekt og litt av konsekvensane. Først skal me definera fedme.

Ofte brukar ein KMI, kroppsmasseindeks, for å måla overvekt. KMI er det same som BMI på engelsk. For å finna ut KMIen sin så må ein veta høgda si og multiplisera dette talet med seg sjølv. Deretter målar du kor tung du er og delar det talet på kvadratet av høgda. For eksempel kan me ta utgangspunkt i ein person som er 1,8 meter høg og som veg 80 kilo. Då tek me 1,8*1,8 som blir 3,24. Også delar me 80 på 3,24 og får 24,7 som er KMIen til denne personen. KMI frå 18,5 til 25 blir definert som normal vekt. Overvekt er 25 til 30, medan fedme er alt over 30. Ein KMI på over 40 er svært alvorleg fedme.

I tillegg til KMI pleier ein å sjå på midjemål, fysisk aktivitet, kosthald og røykevanar for å måla helserisikoen til ein person. KMI er nemleg ikkje alltid eit like bra mål for å sjå om ein person er sunn eller ikkje. Musklar veg meir enn feitt. Dette gjer at personar som trenar mykje styrke kan få ein ganske høg KMI, utan at dette er helsefarleg på noko måte. Difor pleier ein ofte å også ta i bruk desse andre måla for å sjå om ein høg KMI er eit problem eller ikkje. Ein person med stort midjemål som ikkje trenar, spis mykje usunn mat og som røykar vil ha større helserisikoar ved høg KMI.

Heilt grunnleggjande kjem fedme av at ein over lang tid et fleire kaloriar enn det kroppen treng. Ein et meir mat enn ein forbrenn gjennom fysisk aktivitet. Då lagrar kroppen desse ekstra kaloriane som feitt. Frå evolusjonen gjer dette meining. Kroppen lagrar ekstra kaloriar som feitt som den kan bruka seinare, for eksempel i periodar ein går lenge utan mat. Dette kunne vera ein realitet for mange menneskje før i tida.

I dag får likevel dei aller fleste meir enn nok mat kvar dag. I tillegg er det kanskje eit mindre behov for å vera fysisk aktiv i det moderne samfunnet. Det er færre fysisk krevjande yrker og mykje har blitt automatisert. For eksempel finnes det no automatiske grasklipparar som gjer at ein ikkje treng å bevega seg for å klyppa plenen. Ein annan grunn er at det er mykje mat med høgt kaloriinnhald som ulike typar søppelmat og meir brus med sukker i seg. Likevel er det ikkje så enkelt at nokon er late og difor legg på seg. Meir og meir forsking visar at genar har stor påverknad på om ein person blir overvektig. For eksempel kan genar påverka kor lett me legg på oss og kor mykje me forbrenn.

Ein metaanalyse publisert i 2012 viste at genetikk kan forklara 40 til 60% av skilnadane i kroppsvekta til folk. Faktisk er det nesten 1000 stadar i DNAet som har påverknad på KMIen. Personar med mange genar for overvekt vil vera mykje meir følsame for ein usunn livsstil, og då vil dei leggja på seg. Kva kan desse genane påverka? For eksempel kan det påverka appetitten, kor svoltne folk er. Nokon har genar som gjer at dei er meir svoltne enn andre, sjølv om dei har ete nok mat. Andre genar spelar inn på kor mange kaloriar kroppen brukar. I eit samfunn med mykje søppelmat med eit høgt innhald av sukkar og metta feitt, og der me sitt meir framfor ein skjerm på kontoret og heime, så er det mange som har genar som gjer det vanskeleg å halda vekta nede. Nokon har genar som gjer det vanskeleg å ikkje bli overvektige i det moderne samfunnet.

For mange av desse personane er det også vanskeleg å slanka seg. Mange kan gå ned i vekt over ein kort periode, men mange har problem med eit varig vekttap. Altså at vekttapet held seg over ein lang periode. Dei aller fleste legg på seg igjen etter ein slankekur dersom dei ikkje får hjelp av helsevesenet og legar.

Andre faktorar kan også spela inn på overvekt og fedme. Epigenetikk, sosiale forhold, utdanningsnivå, inntekt og infrastruktur er andre faktorar som kan spela inn. For eksempel pleier folk med lågare inntekt i gjennomsnitt å ha høgare KMI enn dei med høgare inntekt. Sosio-økonomisk status har altså mykje å seie. Dette kan nok ha med kunnskap, livsstilsvanar, kultur og liknande å gjere.

Tyder dette at det berre er genane som styrar om ein blir overvektig eller ikkje? Nei, sjølvsagt ikkje. Men det tyder meir enn ein lenge har trudd. Dette gjer at me må vera forsiktige med å stigmatisera overvekt og fedme. Kaloriar inn og kaloriar ut er ei så stor forenkling at det nesten ikkje gjer meining eingong. Det er så mange andre faktorar som spelar inn. Stigmatisering av overvektige er skadeleg. Overvektige blir ofte diskriminert i arbeidsmarkanden, i helsevesenet og i utdanningssystemet. Og det hjelper ikkje å stigmatisera. Det førar ikkje til mindre overvekt.

Overvekt førar ofte til høgare risiko for ein rekke sjukdommar. Det er større sannsyn for å få mange sjukdommar dersom ein har ein KMI på over 30. For eksempel er det auka risiko for diabetes type 2, høgt blodtrykk, fettlever, gallestein og nokre krefttypar. Det er også større risiko for belastningssjukdommar i skjelett, ledd og musklar sidan det er ein del ekstra vekt desse må støtta. I tillegg kan fedme føra til sjukeleg snorking. Det er altså mange komplikasjonar.

Likevel treng ikkje litt overvekt å vera farleg. Aktivitetsnivået har mykje å seie for om vekta er farleg eller ikkje. Fysisk aktivitet kan gjera at ein kan ha litt høgare KMI enn 25 utan at det treng å vera negativt.

Helsegevinsten av å gå ned i vekt er større jo yngre ein er. Dersom ein er sjukeleg overvektig er det betre å gjera noko med det så tidleg som mogleg. Hjå eldre ser det ut som overvekt faktisk ikkje førar til auka dødsrisiko, men å gå ned i vekt kan framleis føra til ei betring i livskvaliteten. Sjukeleg overvekt kan nemleg også føra til lågare livskvalitet.

Kva kan ein gjera for å gå ned i vekt? Det viktigaste er å leggja om kosthaldet, altså kor mange kaloriar ein et. Dersom ein skal gå ned i vekt må ein eta mindre kaloriar enn ein treng. I tillegg er det lurt å auka den fysiske aktiviteten. Dette kan gjer at vekttapet blir sunnare. Ein måte ein kan slanka seg på er ved å dela det inn i to fasar: Vektreduksjonsfase og vedlikehaldsfase. I vektreduksjonsfasen er målet å gå ned i vekt. Den kan vara i seks til tolv månadar, og i denne perioden bør ein redusera energiinntaket med 500 til 1000 kaloriar kvar dag. I denne fasen er det viktig at ein held seg til planen over ein lang periode. For å gå ned i vekt er det viktig at ein får i seg mindre kaloriar over ein lang periode. Jo meir overvektig ein er, jo større kan kalorinedgangen normalt vera.

I vedlikehaldsfasen er målet å halda på vektnedgangen. Mange som slankar seg legg på seg vekta igjen ganske kjapt etterpå. Difor er det viktig at ein ikkje aukar energiinntaket for mykje i denne fasen. For eksempel er det lurt å velja mat med høgt innhald av fiber og protein, og lågt innhald av feitt og sukker. Grønsaker er eit perfekt eksempel på ei matvare som gjer god mettheitskjensle, men som har veldig lågt kaloriinnhald. For at vekttapet skal vera permanent er det viktig at ein held fram med livsstilsendringane som kosthald og fysisk aktivitet.

Det kan vera lurt å få hjelp av ein lege i denne prosessen. Det er vanskeleg å gå ned i vekt, og som me har sett så har genane våre mykje å seie for vekta vår. Mange som slankar seg, går opp igjen i vekt ganske kjapt etterpå. Så det kan vera lurt å få hjelp av ein lege til å legga opp kosthald og fysisk aktivitet slik at vekttapet kan bli meir permanent. I tillegg kan det vera lurt å vera medviten på kva psykiske konsekvensar slanking kan ha. Det er viktig at slanking ikkje førar til spiseforstyrringar som anoreksi eller bulimi. Ein skal ikkje slanka seg til evig tid. Det er ikkje eit poeng å bli tynnast mogleg. Det viktigaste er å få ein sunnare livsstil.

Til slutt vil eg berre seie at samfunnet me lev i har stor påverknad på vekta vår. Det er eit samfunnsproblem at fleire personar rundt omkring i verda slit med fedme. Talet på sjukeleg overvektige har auka i Noreg, akkurat som største delen av verda. Det kan altså sjå ut som om den moderne livsstilen gjer oss feitare. Fedme er altså ikkje så lett som at nokre er late og berre et søppelmat. Samfunnet rundt oss og genane me er fødde med kan ha stor påverknad på overvekt.

Det var alt for denne episoden. Har du nokre spørsmål kan du senda dei til meg på epost. Eg håpar å sjå deg i neste episode. Ha det bra!

4 Replies to “69 – Fedme”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *