30 – Nynorsk

07 September 2020 | 23 minutes

Episode’s Transcript

Før me byrjar vil eg berre minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. Eg legg ved ein link i deskripsjonen under der de finn alle tekstane til alle episodane. Takk.

I Noreg har me to skriftstandardarar: Nynorsk og bokmål. For mange som byrjar å læra norsk kan nok dette vera litt forvirrande; er det to forskjellige språk? Er det to ulike dialekter? Kva er det folk i Noreg eigentleg snakkar? Kva for ein bør eg læra meg? De hugsar sikkert sjølv korleis det var å skulle byrja å læra norsk for så å finna ut kva nynorsk og bokmål var. Det aller vanlegaste for folk som lærar norsk er å læra seg bokmål. Derfor tenkte eg at me kunne sjå litt nærmare på skilnadane på dei to skriftspråka, spesielt med fokus på nynorsk.

La oss byrja med å svara på nokre av dei fundamentale, grunnleggjande spørsmåla om dei to skriftspråka.

Er det forskjellige språk? Nei. Nynorsk og bokmål er to ulike skriftstandardar av same språk. Dette vil seie at båe nynorsk og bokmål er like mykje norsk. Skilnaden mellom dei har meir med historia til språkutviklinga i Noreg å gjera. For å samanlikna med eit anna språk, kan ein seie at nynorsk og bokmål er som om det skulle ha vore to ulike måtar å skriva tysk på: Ein tysk som likna meir på slik dei snakkar i sør-Tyskland og ein annan som liknar meir på slik dei snakkar i nord-Tyskland.

Så dette tar meg til neste spørsmål: Er det to ulike dialekter? Nei. Nynorsk og bokmål er skriftstandardar; det er måtar å skriva norsk på. Folk har si eiga dialekt som kan likna på eit av skriftspråka, men det er ingen som seier at dei snakkar nynorsk eller bokmål. Me snakkar dialekt. Så sjølv om mange på austlandet, særleg rundt Oslo, snakkar ganske likt bokmål, er det nokre skilnadar.

Og dette svarer også på det neste spørsmålet: Kva er det folk i Noreg snakkar? Me snakkar ikkje eit av skriftspråka; me snakkar dialekt.

Men kva for eit av skriftspråka blir mest brukt i Noreg? Bokmål er mykje vanlegare og større enn nynorsk. Ca. 85-90% av norske skuleelevar har bokmål som sitt hovudskriftmål. Dette vil seie at berre 10-15% av nordmenn har nynorsk som hovudmål. Altså er det 500 000 til 750 000 i Noreg som har nynorsk som sitt hovudmål, medan dei andre har bokmål. Dette er også grunnen til at dei aller fleste som lærar norsk lærar seg bokmål. Likevel er det ikkje slik at nynorsk ikkje blir brukt. NRK, den norske statsavisa og TV-kanalen, bruker båe nynorsk og bokmål. I tillegg finnes det fleire forfattarar i Noreg som skriv på nynorsk. Sjølv om nynorsk er mindre enn bokmål, er det mange som brukar det og er glad i nynorsk.

Kan folk i Noreg skriva båe på nynorsk og bokmål? Svaret her vil variera litt frå person til person. Alle i Noreg må læra seg båe nynorsk og bokmål. Me vel eit skriftspråk på barneskulen, altså når me byrjar å lære å lesa og skriva, som skal vera vårt hovudskriftsmål. Eigentleg vil det seie at foreldra vel eit skriftspråk for ungen sin, men det vil ofte vera det som er det mest vanlege skriftspråket på den staden. Der er kjem frå valte nesten alle nynorsk som hovudmål. På skulen har eg derfor hatt nynorsk som mitt hovudmål. Likevel lærte eg også bokmål som då blei mitt sidemål som me seier.

Alle nordmenn kan lesa og forstå båe nynorsk og bokmål. Det er same språk. I tillegg har alle skrive tekster på båe skriftspråka. På skulen må me skriva tekstar på båe nynorsk og bokmål. Likevel er det ikkje alle som synes det er like lett å skriva nynorsk dersom dei har bokmål som hovudmål. Spesielt på austlandet er det mange som slit litt med å skriva nynorsk ettersom det er meir ulikt deira dialekt. Bokmål liknar meir på slik mange snakkar på mange stader på austalandet. Dialektene på vestlandet er derimot ofte mykje likare nynorsk. Det er også vanlegare å ha nynorsk som sitt hovudmål på vestlandet enn på austlandet. Dei aller fleste som har hatt nynorsk som sitt hovudskriftsmål, kan også skriva bokmål. Grunnen til dette er at bokmål er mykje vanlegare enn nynorsk. Folk som har nynorsk les også mykje bokmål, medan det er mindre vanleg for bokmålsbrukarar å lesa nynorsk.

Bør folk som vil læra seg norsk læra bokmål eller nynorsk? Svaret vil variere litt etter kvifor du lærar norsk, men generelt vil eg råda folk til å læra bokmål først. Grunnen til dette er at det er mykje meir materiale for å læra seg bokmål enn nynorsk. I tillegg er det det største skriftspråket i Noreg. Dersom du skal busetta deg ein stad der dei brukar meir nynorsk enn bokmål og der dialekta er nærmare nynorsk kan det derimot vera lurare å læra seg nynorsk. Det kan uansett vera lurt å læra seg båe nynorsk og bokmål på lenger sikt. I Noreg er det mange dialekter, men dersom ein kan båe nynorsk og bokmål blir det lettare å forstå dei aller fleste dialektene i Noreg. Dersom du er interessert i å læra deg nynorsk og ønsker å få litt tips om materiale må du berre ta kontakt med meg.

Nå som me har sett igjennom nokre av dei meste grunnleggjande spørsmåla om dei to skriftspråka, tenkte eg at me kunne snakka litt meir om kvifor me har to skriftspråk i Noreg. Det verkar ganske rart at eit så lite land som Noreg skal ha to skriftspråk. Kva er grunnen eigentleg?

Mykje av grunnen til at me har to skriftspråk i Noreg er fordi Noreg lenge ikkje var eit sjølvstendig land. Heilt sidan slutten av 1300-talet var Noreg i ein personalunion under Danmark. Dette vil seie at kongen av Danmark også var konge av Noreg. På denne tida hadde Noreg eit eige skriftmål, altså ein måte å skriva norsk på. Dette likna meir på slik vikingane snakka og skreiv, altså norrønt. Norsk på denne tida ville derfor ha likna meir på moderne islandsk enn på moderne norsk. Medan me var i unionen med Danmark, blei det mindre og mindre vanleg å bruka det norske skriftsmålet. Dansk er nesten heilt likt norsk, og ettersom dei som styrte var i Danmark, blei det naturleg for folk å skriva dansk i staden for norsk. Dette gjorde at folk byrja å gløyma det norske skriftspråket. Dansk tok over som skriftspråk i Noreg også.

Dette kan likna litt på situasjonen i England då normannarane frå Frankrike erobra øya i 1066. Dersom du er kjent med engelsk historie, veit du sikkert at fransk då blei overklassespråket i England. Fleire og fleire adelsmenn, altså eliten i det samfunnet, brukte fransk i staden for engelsk. I ein periode var det derfor færre og færre som skreiv engelsk. Likevel snakka folk engelsk på langsbygda; dei aller fleste i England snakka engelsk, ikkje fransk.

Det var litt liknande i Noreg. Den norske eliten skreiv på dansk, men dei aller fleste i Noreg haldt fram med å snakka si norske dialekt. I Noreg tok det derimot lenger tid enn England før me fekk eit eige skriftsmål for språket vårt. Tekstar skrivne av norske forfattarar frå denne perioden er derfor skrivne på dansk.

1800-talet var ein tidsperiode det skjedde mykje i Europa. Dette var tida for nasjonalromantikken. Nasjonalismen byrja å blomstra rundt omkring i Europa. I Noreg tydde dette at folk byrja å leita etter ein norsk kultur som var annleis enn den danske. Nordmenn blei meir interesserte i det som gjorde at me skilde oss frå danskane. Noko som skilde oss frå danskane var for eksempel språket vårt. I Noreg snakka me norsk, ikkje dansk. Men det var først etter 1814 dette verkeleg byrja å utvikla seg.

1814 er eit årstall alle i Noreg er kjende med. Det var då Noreg fekk si eiga grunnlov og blei eit sjølvstendig land igjen. Etter 400år under Danmark var Noreg endeleg sjølvstendig igjen. Kvar 17. mai feirar me dagen grunnloven blei underskriven i 1814; det har blitt Noregs nasjonaldag. Det var likevel ikkje lenge Noreg var sjølvstendig. Sverige var lova å få Noreg etter krigen mot Napoleon, og berre etter nokre månadar blei Noreg igjen tvungen under ein ny union. Denne gongen under nabolandet vårt Sverige.

Dette var likevel ein periode det var viktig å finna det særeigne norske, til skilnad frå det danske og svenske. Å leita etter det norske å framheva det var også ein måte å visa motstand mot den nye unionen med Sverige på. Folk ønska no å skriva på norsk, ikkje dansk. Likevel var ikkje alle einige i korleis me skulle laga eit nytt norsk skriftsmål. Nokon meinte at me skulle gradvis fornorska dansken. Dansk og norsk er veldig like språk, og ettersom me allereie hadde brukt dansk i fleire hundre år, var det mange som meinte at det lettaste ville vera å gardvis byta ut danske ord og skrivemåtar til norske. Til slutt ville ein då få eit eige norsk skriftsmål. Andre ville gjera noko meir radikalt. Dei ville legga bort dansken heilt og laga eit nytt norsk skriftspråk frå botn av. Frå botn av tyder at ein lagar noko nytt utan eit tidelgare grunnlag.

Ivar Aasen var den viktigaste personen for dei som ønska eit heilt nytt norsk skriftspråk. Aasen reiste rundt i Noreg og samla norske ord og uttrykk. Han unngjekk byane ettersom han meinte at den danske påverknaden på byane hadde vore for stor. Etter mykje hardt arbeid publiserte Aasen si ordbok og grammatikk for landsmål i 1850. Landsmål er det gamle namnet på nynorsk. Det var altså Ivar Aasen som laga nynorsken på 1800-talet. Han gjorde det ved å ta utgangspunkt i norske dialekter.

Knud Knudsen er ein av dei meste kjente personane for den andre sida, dei som ønska å fornorska dansken. Dei hadde same mål som Ivar Aasen, eit nytt norsk skriftspråk, men ønska at prosessen skulle vera litt meir gradvis. I tillegg hadde dei større innslag av bymåla, slik dei snakka i byane. Som sagt valde Aasen å ikkje ta med desse ettersom han meinte at dei hadde blitt for danske. Det var dette som utvikla seg til riksmål som er det gamle namnet på bokmål.

Grunnen til at vi har to skriftspråk i Noreg er difor mykje på grunn av desse tidlege ueinigheitene. Det var lenge ein kamp om kva for ein form som skulle bli det offisielle norske skriftspråket. I 1885 valte stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg, å gjere nynorsk og bokmål til dei to offisielle, og likestilte skriftspråka i Noreg. Sidan den gong har vi altså hatt to skriftspråk her i Noreg. På byrjinga av 1900-tallet prøvde ein å samla nynorsk og bokmål til eit felles norsk skriftspråk, kalla samnorsk. Dette ønska ein å gjera ved å gradvis gjera skriftspråka likare kvarandre. Dette møtte derimot motstand blant mange, og i dag jobbar ein ikkje lenger for å samla nynorsk og bokmål.

Til slutt tenkte eg me kunne sjå litt kjapt på nokre av dei viktigaste skilnadane på bokmål og nynorsk.

Nynorsk og bokmål delar mange av dei same orda, men det finnes nokre skilnadar mellom dei. I tillegg blir mange av fellesorda skrivne annleis. For eksempel seier ein «eg» på nynorsk og «jeg» på bokmål. Nokre andre eksempel er:

Nynorsk: Bokmål:

Nokre Noen

Mogleg Mulig

Høg Høy

Skule Skole

Nokre ord du berre finn på nynorsk er for eksempel:

Framifrå: Dette tyder veldig bra. Du kan seie at noko er framifrå. Du har skrive ein framifrå tekst.

Løyndom: Ordet tyder hemmelegheit.

Vonar: Ordet tyder å ønska eller håpa. Det kan også tyda lova. Dette er eit litt vanskeleg ord

ettersom det ligg fleire tydingar i det, men det er eit vanleg ord på nynorsk.

Til dømes: Dette er ein anna måte å seie for eksempel på.

Grammatikken mellom nynorsk og bokmål er ganske lik. Det finnes likevel nokre skilnadar.

På bokmål finnes det tre kjønn, men hokjønnsforma «ei» er ikkje obligatorisk. På nynorsk må du bruka «ei». I tillegg er bøyingsformane litt ulike.

For eksempel bøyer ein ordet «bil» slikt på bokmål:

En bil – den bilen – flere biler – alle bilene.

På nynorsk blir dette:

Ein bil – den bilen – fleire bilar – alle bilane

Dei fleste grammatikkskilnadane mellom nynorsk og bokmål er ein konsekvens av at nynorsk har litt andre og fleire bøyingar for hankjønn, hokjønn og inkjekjønnsord. Dersom du er interessert i å finna ut meir rådar eg deg til å lesa deg opp på nynorsk grammatikk.

Takk for at du har høyrt på denne episoden av «lær norsk nå!». Dersom du har nokre spørsmål kan du senda meg dei på epost. Eposten er «laernorsknaa@gmail.com». Du finn ein link i deskripsjonen. Du må berre ta kontakt om du har nokre spørsmål om nynorsk eller om du ønsker å læra det. Elles vil eg berre ønska deg ein strålande dag vidare. Ha det bra!

2 Replies to “30 – Nynorsk”

  1. Hei , takk for podkasten. Er det noe Nynorsk gramatikk pdf som du kan delta med meg? : – )

    Mvh
    Nasim

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *