3 – Jevons paradoks

01 april 2020 | 22 minutes

Episode’s Transcript

Før me byrjar vil eg berre minna dykk på at de kan finna teksten til episoden på nettstaden til podcasten. De finn ein link i deksripsjonen under. Takk.

Hei og velkommen til «Lær norsk nå» ein podcast for vidarekomande for å høyra autentisk norsk gjennom spennande materiale.

I denne episoden skal me sjå på eit økonomisk konsept kalla for Jevons Paradoks eller effektivitetsparadoksen. Fyrst, altså først, skal me sjå på kva det er. Deretter ser me litt på kva konsekvensar det har for økonomien og generelt.

Jevons paradoks skjer når anten teknologisk utvikling eller regjeringspolitikk førar til ein auking i effektivitet i bruken av ein ressurs. Altså at ein får igjen meir for mindre bruk av denne ressursen. For eksempel kan ein finna opp ein bil som bruker bensin meir effektivt, altså at bilen kan køyra lenger å mindre bensin. Ein skulle tru at ved å auka effektiviteten ville ressursbruken minka, altså at ein bruker mindre bensin dersom bilane bruker bensinen meir effektivt. Det er derimot det omvendte som skjer som oftast – ein auking i effektiviteten førar også til at ein brukar meir av den ettersom etterspørselen aukar.

Den fyrste som skildra fenomenet var den engelske økonomen William Stanley Jevons i boka hans «Kål spørsmålet» frå 1865. Dette var i ein periode med stor økonomisk utvikling og vekst i England på grunn av den industrielle revolusjonen. Jevons kunne då sjå korleis den kjappe teknologiske utviklinga påverka økonomien, og han var spesielt opptatt av kål. Han såg at betringar i effektiviteten til dampmaskinane auka etterspørsel etter kål, noko som førde til større kålproduksjon. For mange var Jevons konklusjon skremmande ettersom det var fleire i Storbritannia som var redde for at landet skulle bruka opp kål reservane. Nokre ekspertar peika derimot på at auka effektivitet ville føra til mindre kålbruk, og at det dermed ikkje ville bli noko problem. Jevons sin konklusjon var derimot motsett, større effektivitet førar til større bruk av kål. Dermed kunne ein ikkje rekna med at auking i effektivitet ville løysa problemet med at det blei mindre og mindre kål i landet.

 Økonomar kan også sjå fenomenet i dag. For eksempel kan vi gå tilbake til den bensineffektive bilen. Ein har sett at konsumarar pleiar å bruka bilen meir dersom dei er meir energieffektive, noko som skapar auka etterspørsel for bensin. Ein auking i effektivitet vil føra til at det blir billigare å reisa med bil, og folk reiser difor også lenger. Jevons paradoksen inntreff dersom det blir brukt meir av ressursen, i dette tilfelle bensin, enn minkinga av den på grunn av effektivitetsauking. Dette er eit noko forenkla bilete av situasjonen ettersom andre faktorar også kan spela inn.

Nokon har i dag tatt til orde for, altså fremma, energieffektivitet som ein måte å akselerera utviklinga mot ein grøn og fornybar-energi økonomi. FN uttalte seg i 2007 at energieffektivitet var den «største, mest jamt fordelte og billigaste energiressursen. Ein skulle jo tru at dersom energibruken til ei lyspære går ned, vil ein spara meir energi. Verdas økonomiske forum har også fremma energieffektivitet og blant anna peika på at kjøleskap i USA i dag bruker omtrent ¾ mindre energi enn gjennomsnittet i 1975. I tillegg er det 20% større og kostar 60% mindre. Alle partar ser ut til å vinna på det. Likevel har ein i den same perioden som effektivitetsauking av kjøleskap også sett at det har blitt selt langt fleire kjøleskap på verdsbasis. Det kan dermed sjå ut som effektivitetsauking faktisk skader miljøet i staden for å redda det, slik som FN og Verdas Økonomiske Forum har lova. Igjen ser ein korleis Jevons paradoks spelar inn.

Mykje i Jevons paradoks ser ut til å vera knytt til prisar. Når det blir billigare å bruka noko på grunn av effektivitetsauking, kan ein bruka den meir. For eksempel gjorde effektivitetsaukinga av dampmaskinen det meir lønnsamt å bruka den til å produsera industrivarer. Ein kunne då produsera meir og tena meir pengar, og fekk då også råd til å kjøpa fleire dampmaskinar som igjen førde til at ein måtte bruka større mengder med kål. Prosessen går i ein slags sirkel, men det at varen blir billigare å bruka er nok kanskje det mest fundamentale, altså viktigaste i Jevons paradoks.

Schipper, ein akademikar innan økonomi, meiner derimot at Jevons paradoks ikkje er like aktuell i dag. Jevons levde midt i den indsutrielle revolusjonen med stor vekst innan for energibruk og industri. I den moderne digitaliserte og globaliserte verda vi lev i dag er det ikkje lenger slik at større energieffektivitet fører til større bruk av ressursar. Likevel forklarer ikkje dette kvifor energieffektivitetsauking i fleire land ikkje har ført til ei minking i klimautslepp som CO2 – tvert imot ser det ut til å ha ført til ei auking i staden, noko som liknar mykje på Jevons paradoks. Ein grunn til dette er at mange har eit for snevert, altså smalt syn på det større bilete.

La oss gå tilbake til kjøleskap. I USA byrja ein å kjøpa kjøleskap på 50-talet, og desse var små og brukte mykje energi. På 60-talet var det mange som investerte i større og betre kjøleskap som også var meir energieffektive, men det betydde ikkje at dei gamle forsvann. Mange flytta det gamle kjøleskapet ned i kjellaren og brukte det til å oppbevara drikkevarer. Så sjølv om effektivitetsauking i kjøleskap burde ha ført til mindre energibruk, var det ikkje alltid slik ettersom mange framleis brukte dei gamle kjøeskapa i tillegg til dei nye. Dermed blei det totale energiforbruket større, ikkje mindre.

Dette er ein trend som har fortsatt i store deler av USA og verda. I dag har ein gjerne to kjøleskap, ein frysar, eller kanskje til og med to, ein stad til kalde drikker osv. Denne kapasiteten til å meir effektivt, og derfor billigare, å frysa eller halda kaldt, har også gjort at moglegheita til å kjøpa kalde ting har auka. Ein kjøper gjerne meir frosne grønsaker, frosenpizza osv. I Noreg et vi for eksempel svært mykje frosenmat. Ein skulle også tru at større kapasitet til å halda mat kald ville ført til at ein kasta mindre. Tvert i mot, ein kjøper gjerne meir fordi ein veit at maten held lenger. Dette kan derimot føra til at ein kjøper alt for mykje mat, og før ein veit ordet av det, må ein kasta ein tredjedel av maten. Igjen ser ein korleis Jevons paradoks er høgst aktuell i dag.

Matsvinn, altså kasting av mat, er eit av dei største miljøproblema vi har i dag. Det er då interessant å sjå at per-innbyggjar matkasting har auka mykje sidan 70-talet, og i dag blir 40% av all mat produsert i USA kasta. Ved å kasta denne maten forsvinn for det fyrste sjølve energien, kaloriane, i maten ettersom det ikkje blir brukt. I tillegg var all den energien ein brukte til å kjøla ned maten med bortkasta. Ein må også ta med all energien som blei brukt til å utvikla, hausta, prosessera og lagra maten som også då vil vera bortkasta energi. Og det stopper ikkje her, for i jordbruket brukte ein også store delar gjødsling, vatn og irrigasjon, plantevernmiddel osv. I 2009 gjekk faktisk så mykje som ein fjerdedel av ferskvatnbruk i USA til å produsera vatn. Problemet er stort og å løysa matsvinnskrisa er ein viktig faktor for å løysa miljøproblema i dag. Det er likevel ikkje slik at effektivitetsauke aleine kan fiksa det, noko Jevons paradoks visar tydeleg.

Eit anna stort miljøproblem som kan ha blitt forverra ved effektivitetsauke er faktisk nedkjølingsanlegg, aircondition. I 1960 hadde berre 20% av heimar i USA nedkjølingsanlegg, og for dei som hadde det var det svært dyrt å bruka det. Dette gjorde at ein brukte det mykje sjeldnare. Moderne airconditionar er derimot mykje meir energieffektive noko som har ført til at marknaden har auka og det har blitt mykje billigare å kjøla ned huset. I 2005 hadde 84% av alle husstandar i USA ein nedkjølingsanlegg. Effektiviteten på aircondition auka med 28% mellom 1993 og 2005, men likevel auka energibruken for aircondition per husstand med 37%. Dermed bruker ein omtrent like mykje energi på å kjøla ned hus i USA i dag som all energibruk til saman til alle formål på 50-talet.

Igjen kan ein sjå korleis teknologiske betringar førar til at det blir billigare å gjera noko, som å kjøa ned hus, noko som aukar forbruket. Ein som er blitt vandt med eit nedkjølt hus heile døgnet i løpet av heile sommaren har vanskelegare for å gå tilbake til ei verd utan nedkjøling. I Noreg er ikkje dette eit så stort problem ettersom gjennomsnittstemperaturane i sommarmånadane er ca. 12 grader, altså ikkje veldig varmt. I USA og mange andre land er det derimot mykje meir aktuelt, og det ser ein også ved at bruken av nedkjølingsanlegg i andre land også aukar kraftig. I Kina har bruken av aircondition tripla seg, altså auka 3 gonger så mykje, mellom 1997 og 2007.

Dette er ein vond sirkel ettersom meir nedkjølingsanlegg tyder større utslepp av klimagassar noko som tyder at temperaturen aukar på jorda. Auka temperaturar vil igjen føra til meir bruk av nedkjølingsanlegg, meir klimautslepp og endå varmare ute temperatur. Jevons effekt må kankskje difor analyserast på eit makronivå i staden for eit mikronivå for å faktisk få fram effektane av effektivitetsauke.

Faktisk kan sjølv folkeauke vera ein slags Jevons effekt. Jo meir effektive me blir, jo meir folk kan me forsørgja, noko som førar til større energibruk. Dei fleste rikare landa i verda har i dag stagnerande eller negativ folkevekst, men dersom ein ser på landa som har størst folkevekst er det land som har byrja å bli betre. Betre levekår førar altså i fyrste omgang til langt større folkevekst.

Og sjølv om effektivitetsauke faktisk førar til at ein bruker mindre energi ein stad, for eksempel meir effektive bilar. Sidan vi allereie køyrar så mykje kan det vera at effektivitetsauke på drivstoffbruk faktisk kan ha ein effekt på bruken av bensin og diesel. Likevel er det stor sannsynligheit for at dei pengane ein sparar på drivstoff då blir brukt til eit auka forbruk, eller konsum, andre stader som har deira eigne negative miljøeffektar. Økonomien er altså eit svært komplisert og samanhengande system, og det er mykje som kan tyda på at effektivitetsauke aleine ikkje er nok. Det løyser ikkje dei underliggjande djupare problema som kapitalismen og konsumerverda vi lev i har ført til.

Noko anna som er farleg med eit for stort fokus på effektivitetsauke er at det blir lite debattert då det intuitivt verkar som ei vinn-vinn situasjon. For politikarar kan ein fremma effektivitet utan noko politisk risiko – alle er einige om at auka effektivitet er bra. Å gå inn for å senka energibruk ved å kutta forbruk er derimot mykje mindre populært ettersom ein då må ofra noko av luksusen me har blitt så vant med. Eit einsidig fokus på å auke effektivitet kan dermed ha vert med på å skapa denne miljøkrisa me no finn oss i, og å fortsetta å dyrka effektivitet trur eg er ein særs dårleg måte å løysa det på. Kanskje kan mindre effektivitet faktisk vera betre ettersom ein då blir meir klar over energibruken. Dersom kjøleskapa var mindre og brukte meir energi, måtte me også ha tenkt meir på kor mykje me kjøpte inn av varer. Kanskje me då også hadde kasta mindre mat?

Det historiske argumentet for Jevons paradoks er svært sterkt, og fenomenet dukkar opp overalt i dag også. Altså kan det verke som om må bør tenkja meir på konsekvensane av effektivitetsauke. Det kan verka ulogisk at effektivitetsauke kan gjera klimaproblemet verre ved auka utslepp, men historisk har dette vist seg å stemt bra. Er det då så lurt av FN å halda fram med, altså å fortsetta å dyrka fram energieffektvitiet? Intensjonane er utvilsamt gode, men kanskje resultatet er det motsette?

Takk for at du har høyrt på denne episoden av «Lær norsk nå». Dette var fyrste episode på nynorsk, noko som kan ha gjort at det var litt vanskeligare å hengja med, altså å forstå kva som blei sagt. Likevel er det lurt å høyra på mange forskjellige måtar å snakka norsk på, og svært mange dialekter liknar eller har trekk som liknar på nynorsk. Nynorsk er tross alt bygd på norsk dialekter. Å høyra nynorsk kan difor vera ein god måte å betra di forståing av norske dialekter generelt. Kontakt meg gjerne på e-mail dersom du har nokre spørsmål, forslag til komande episodar eller noko heilt anna. Me høyres!

4 Replies to “3 – Jevons paradoks”

  1. Det er viktig at arbeide med at justera menneskes atgerd, ikke bare auke effektiviteten

    1. Ja, det er et godt poeng! En økning i effektivitet samtidig som man får atferdsendringer er nok den mest lovende løsningen, selv om det ikke er lett å justere menneskers atferd.

    1. FN står for “De forente nasjoner” og er det same som UN (United Nations) på engelsk. På nynorsk heitar det SN (Dei saimeinte nasjonane), men FN er meir vanleg å sjå i båe skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *