04 mai 2020 | 06 minutes
“Lær Norsk Nå!” is a podcast for the intermediate Norwegian learner (B1-B2) who wants to listen to authentic Norwegian spoken in a clear and slow manner. Transcriptions for the episodes are easily available at the website for the podcast, providing textual support for the spoken material. The podcast deals with many different topics including history, culture, science, literature, the Norwegian language and more; this provides the learner with a range of different topics in Norwegian, leading to ample opportunity to improve one’s Norwegian. It is also a fun and engaging way of learning!
E-mail: Laernorsknaa@gmail.com
Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/12-skarre-r/
YouTube: https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos
Støtt podkasten:
Patreon: https://www.patreon.com/laernorsknaa
Donasjon (Paypal): Doner (paypal.com)
In Norwegian, the ”r” is usually pronounced as a rolling sound, voiced alveolar trill. For many learning Norwegian, maybe especially people from English-speaking countries, this ”r” can be a bit hard to pronounce. Luckily, there is another way of pronouncing the ”r” in Norwegian, which is the ”skarre r”, or the same ”r” that is used in for example German and French. This ”r” is normal in the Southern and South-Western part of Norway. We will examine this ”r” in Norwegian more closely in this episode.
Som oftast blir norsk uttalt med ein såkalla rulle-r, rrrr. For mange som lærer norsk kan denne lyden vera ein utfordring. Det er likevel ein betydeleg minoritet som uttaler «r» som rrrr. På norsk kallar me dette for ein skarre-r og det er den same «r» som ein finn på for eksempel fransk og tysk. Lingvistar kallar lyden for ein stemt dorso-uvular frikativ, men eg trur eg held meg til skarr «r». Så mange som 1/3 av nordmenn skarrer på «r», og eg er, som dykk kanskje høyrar, ein av dei.
«Skarre»-r er vanleg på sørlandet og sør-vestlandet, ca. frå Bergen og ned langs kysten til Kristiansand. Det har likevel ikkje alltid vore slik. Denne måten å uttala «r» på kjem frå fransken dei snakkar i Paris. Faktisk var det på eit tidspunkt langt i frå alle i Frankrike ein gong som skarra på r’en. Denne skarre «r»en spreidde seg til København i Danmark rundt 1780. Noreg var på denne tida i ein union under Danmark, og «r» spreidde seg difor vidar til Kristiansad i sør og Stavanger og Bergen i vest på 1800-talet. I byrjinga var det eit storbyfenomen, men det spreidde seg seinare til landsbygda.
Episode’s Transcript
Som oftast blir norsk uttalt med ein såkalla rulle-r, rrrr. For mange som lærer norsk kan denne lyden vera ein utfordring. Det er likevel ein betydeleg minoritet som uttaler «r» som rrrr. På norsk kallar me dette for ein skarre-r og det er den same «r» som ein finn på for eksempel fransk og tysk. Lingvistar kallar lyden for ein stemt dorso-uvular frikativ, men eg trur eg held meg til skarre «r». Så mange som 1/3 av nordmenn skarrer på «r», og eg er, som dykk kanskje høyrar, ein av dei.
«Skarre»-r er vanleg på Sørlandet og Sør-Vestlandet, ca. frå Bergen og ned langs kysten til Kristiansand. Det har likevel ikkje alltid vore slik. Denne måten å uttala «r» på kjem frå fransken dei snakkar i Paris. Faktisk var det på eit tidspunkt langt i frå alle i Frankrike ein gong som skarra på r’en. Denne skarre «r»en spreidde seg til København i Danmark rundt 1780. Noreg var på denne tida i ein union under Danmark, og «r» spreidde seg difor vidar til Kristiansand i sør og Stavanger og Bergen i vest på 1800-talet. I byrjinga var det eit storbyfenomen, men det spreidde seg seinare til landsbygda.
Fransk var et prestisjespråk på 1800-talet. Faktisk hadde det i Europa litt same status som engelsk har i dag, det var eit lingua franca. Lingua franca kjem tross alt frå frankaranes språk, altså fransk. Dette gjorde at skarr-r en også i Noreg gjerne fekk ein viss status som hjelpte til å spreie den vidare. Folk trengde ikkje å vera redd for å bli sedde ned på om dei skarra på «r» en, det var jo slik franskmenna snakka! I tillegg er skarre r’en lettare å uttala en rulle r’en. Kanskje har du sjølv hatt problem med å uttala rulle r’en? Då kan du veta at det finnes ein alternativ måte å uttala den på norsk, nemleg skarr r.
I løpet av 1900-talet spreidde denne skarre r’en seg rundt Bergens området, langs kysten ned til sørvestlandet og på Sørlandet rundt Kristiansand og bygdene inn i landet. Ein reknar med at skarre r’en kjem til å spreia seg endå lenger i framtida og at til slutt vil heile Sørlandet og store deler av vestlandet skarra på «r»en.
Det er likevel ikkje berre på sør- og vestlandet ein finn dette fenomenet. Også eit mindretal frå vestkanten av Oslo uttala r’en som ein skarre «r». Dette har ein trudd er på grunn av at mange av desse hadde hushjeleper som kom frå Sørlandet eller Danmark der dei skarra på r’en. Dermed byrja også fleire av ungane frå desse kantane å skarra. Ein anna teori er at denne r’en oppstod i Oslo på grunn av dei politiske og økonomiske banda mellom København og Oslo. Denne r’en har blitt kalla for Frogner-r’en. Frogner er ein bydelen på vestkanten av Oslo som gjerne dei rikaste i byen bur i. Likevel uttalar dei aller fleste i Oslo og på austlandet r’en som ein rulle r.
Kva er det som gjer at skarre r’en ikkje har spreidd seg like mykje på austlandet? Ein teori går ut på at såkalla retroflekse lydar på austlandsdialekta gjer at skarre r’en ikkje spreiar seg på austlandet. Retroflekse lydar vil seie at kombinasjonen «rt» eller «rd», for eksempel, blir uttalt i eit. Surt blir surt, kart blir kart osv. Dette er vanleg på austlandet, men ikkje på vestlandet og Sørlandet. På mi dialekt uttalar me alle bokstvane, kart, surt, og dermed var det også lettare for skarre «r»’en å spreia seg her. Det er mykje som tyder på at desse retroflekse lydane og rulle-r heng saman, og at det difor er vanskelegare for «skarre» r’en å spreia seg her.
Sannsynligvis vil ikkje skarre’ren spreia seg til austlandet med det fyrste. Men det er også fleire stader på vestlandet som verken har skarre-r eller retroflekse lydar. Kva vil skje her? I Sogn og Fjordane, eit fylke, eller region, nord for Bergen uttalar dei «r»’en som ein rulle r, rrrr, men dei uttaler også alle bokstavane i kart og surt, altså dei har ikkje retroflekse lydar. Dette kan tyda på at «skarre»r’en kan spreia seg til desse områda, men om den gjer det gjennstår å sjå. For mange som bur i Sogn og Fjordane er rulle r’en ein del av deira identitet som skil dei frå folk frå for eksempel Bergen .
Kvifor ein «r» føretrekk du? Send meg gjerne ein epost, du finn epost adressa i deskripsjonen til denne episoden. Elles håpar eg å sjå dykk i neste episode. Ha det bra!
Jeg er fransk og foretrekker å uttale en ‘r’ som er forskjellig fra fransk! Og jeg oppdekkt Norske språket og begynnte å elske dette språk med Nordmennene frå Oslo og Møre og Romsdal og de ruller ‘r’ en!
Selv så er jeg mer komfortabel med “skarre-r”, men jeg synes det er gøy å snakke spansk med rulle-r. Jeg synes nå fransk med skarre-r også høres ganske bra ut da